Arkiv for kategorien 'Reisebrev'

Reisebrev Kilpisjavri-Maze-Skaidi

01.05.2006 23:11

21.april starta eg frå Kilpisjavri i Finland. Det var mykje folk i fjellet i området, både på scooter, men også ganske mange på ski! Den første dagen gjekk kilometerane unna i gode spor. I kveldinga traff eg på ei gruppe hollanske skiturister! Dei var på veg til den høgste toppen i Finland, Hilti, forøvrig ein ikkje særleg høg eller vanskeleg topp samanlikna med norske og svenske toppar.

Mot grensa til Norge gjekk eg i få spor og det var til tider litt råtten snø. På grunn av eit dalføre er det bare eit par stadar det er praktisk å krysse over til Finnmark. Eg gjekk til turisthytta like ved grensa og her var det opning i reingjerdet også. Litt kronglete opp eit stykke, men så vart det skikkeleg vidde innover.

Kom inn i scooterløypa mot Kautokeino, men tok snart av i retning Maze. Det var meir småkuppert og mykje meir skog enn eg hadde rekna med. Vidda er på ingen måte flat, men det er ingen store fjell heller. Dagane til Maze var prega av tendens til gjennomslag i snøen og ein del roting i skogen. Den store elva Mazejohkka var delvis opne og eg holdt meg klokleg langt unna isen der. Ellers kryssa eg sikkert 10 reingjerder, noko som kan ta litt tid. Desse gjerdene deler vidda inn i seperate deler og eg synes det er litt merkeleg at det knapt nok finns opningar. Løysninga vart anten å løfte/skyve pulken over, eller kaste ting for ting over og så pakke pulken på ny. Uansett litt irriterande operasjon!

Maze / Masi

Ned til Maze tok eg scooterløype, som går på gamlevegen. Nede i dalen var føret ganske dårleg, snøen var i ferd med å gå. Rakk akkurat butikken før stengetid kl 16, men den hadde også kveldsope ein time mellom 19 og 20. Her henta eg pakken med sekken og diverse utstyr. Eg fekk skyss bort til turistsenteret og lånte ei hytte der. Så var det å pakke om og prøve å få sekken lettast mogleg. Det var ikkje lett, eg burde nok ha bytta ut både telt og sovepose. Sekken vart iallefall litt for tung til slutt. Det har gått hardt ut over skiskoa på turen. Den høgre skoen har løsna frå sålen, så eg måtte tape denne. Skulle nok ha limt den også, men eg oppdaga det like før eg skulle gå vidare.

Dagen etter drog eg pulken tilbake til butikken og fekk god hjelp til å pakke den inn og få sendt den med posten. Eg gjorde også innjøp for turen til Skaidi og eg var faktisk imponert over utvalet i butikken. Dette var andre saker enn Kikpisjavri ja! I cafeen like ved, fekk eg meg ein porsjon reinsdyrskjøtt. God kost for ein fjellvandrar. Maze, eller det fornorska namnet Masi, er ei samisk bygd med omlag 300 innbyggarar. Her gjekk det i samisk mellom dei fleste som stakk innom butikken. Ellers var det litt artig å sjå at nokon hadde reinsdyr gåande i hagen!

Det første stykket gjekk langs vegen og det var ganske tungt, sidan skia då også var på sekken. Tok så scooterløypa oppover. Etter ei stund kom ein scooter med ein tungt lasta slede. Dei prøvde å ta eit spor litt utanom meg, men endte opp med å kjøre seg fast. Det tok ein halv time før dei passerte meg igjen…

Løypa kunne eg følge eit godt stykke, men så var det slutt. Gjennomslag og dårleg føre gjorde at det gjekk rimeleg seint. Dagen etter kom eg meg til Lesjavri og tok ein tidleg kveld for å heller gå over innsjøen om natta

Det vart ikkje skikkeleg nattefrost, men eg la iveg klokka 2 likevel. Først var eg veldig i tvil. Det var mykje overvatn der eg gjekk utpå og det såg ut til å bli ein vanskeleg tur. Vurderte ei stund å heller gå i retning Alta, men fann ut at eg skulle gjera eit forsøk. Haldt meg stort sett i kanten og forholda var noko betre her. Etter 5 timar var eg over og kom til ei hytte. Her var ei gruppe finske isfiskarar klar til å reise ned frå fjellet. Dei såg den alt for tunge sekken min og tilbydde meg eit sklibrett. Eg takka villig ja og kort tid etter hadde eg fått tjora fast sekken på dette. Så bra å møte slike folk i fjellet! Fekk også lov til å slappe av på hytta nokre timar, takk til Ole Julius for det.

Etter tre timar var eg igjen på farten. Etter ein times tid kom eg opp til leiren til nokre samar. Dei dreiv å flytta reinflokken sin på omlag 1000 dyr nordover til sommarbeite i Hatter ved Skaidi. Trivlege folk som ga gode råd om vegen vidare. Eg fekk også vite mykje om korleis flyttinga foregår. Dei hadde med seg to scootercampingvogner og i tilleg ein stor lavo. Leiren flytta dei med jamne mellomrom og det varierte veldig kor langt flokken vart flytta. Det kom ann på føret og beitforholda. No forflytta dei seg sakte på grunn av godt beite.

Anders Sara, på bildet, hadde vore med på denne flyttinga heilt sidan han vart fødd!

Vidare utpå dagen var føret ganske dårleg. Rota meg ned i dalen, men kom etter kvart inn på ei scooterløype. Plutseleg vart det veldig folksomt, med mange Gomper (campingvogner på slede), scootere og litt hytter. Dette er utfartsstaden for Altaværingane og mange låg i telt langs Stabbursvatna. Alle hadde kome inn på scooter, forutan ein ung friluftskar.

Eg såg nok ganske trøtt ut då eg kom til nordre Stabbursvatnet. Ein kar ropte ut om eg ville ha litt kaffi og eg takka gladleg ja. Det var ei farleg råk i isen pga ei elv akkurat der, så han kom over på scooteren for å vise at eg måtte gå rundt. Eg vart sittane inne på hytta til desse hyggelege Altaværingane og fekk snart tilbod om å overnatte. Reker vart det til kvelds og sidan karen var ansatt i eit bakkehandlingsselskap på ein flyplass, så gjekk praten ganske livleg om fly. Takker for gjestfrihet og god mat på Minkenhytta!

Det var rundt 0 grader om natta, men det vart fort bløtt igjen på formiddagen. Gjennomslag og tungt vidare. Måtte gå eit stykke tilbake med ein hund som fullgte etter meg. Den var av typen som absolutt ikkje ville klart å finne ut at den skulle tilbake sjølv og eg kunne ikkje drasse med meg den over fjellet.

Etter ei stund traff eg igjen på folket som flytta Skaidi-reinflokken. Hammerfestflokken hadde passert dagen før, så no var det fine spor å følge. Ein del overvatn, men i spora var det greit. Kom over til Bokhusjavri og der møtte eg isfiskarar. Nokon på scootere, men også to på ski. Dei tilbydde meg fisk eg kunne ha til middag og det smakte veldig bra. Eg fekk også litt bensin. Trivelege folk!

Isfiskerane gjekk avgårde kl 2, men eg drøyde det til 04.45. Først fullgte eg spora til Hammerfestflokken, som nett hadde flytta seg. Tok igjen denne og skulle så eigentleg gå mot Leaktojavri. Imiddlertid var føret då så dårleg og det var så mykje overvatn nede i dalen, at eg ombestemte meg. Eg fullgte spora ned til Okselv ved E6 om måtte såleis ta ein tung spasertur på veg ned til Skaidi. Turen ned dit var våt. Hadde vatn opp på leggane fleire gonger og måtte gå rundt bekkar og vatn, men hadde spor å følge.

Nede ved E6 pakka eg alt i sekken igjen og la igjen sklibrettet. Det hadde gjort sin nyte og det fungerte overraskande bra.

Traskinga langs vegen er det ikkje så mykje å seia om, forutan at det var tungt. Sola skein og det var varmt og fint, men det gjekk litt ut over føtene. Kom meg likevel ganske greit ned til Skaidi og herfrå skal alt vinterutrustninga bli sendt heim.

Etappen over vidda var fin, men det var til tider litt frustrerande. Vær og føre rår ingen med, så eg prøvde bare å gjera det beste ut av det. Å treffe på flyttsamane med store reinflokkar var også interessant

No er det 156 km til Nordkapp!

Reisebrev Sulitjelma-Abisko-Kilpisjavri

21.04.2006 01:08

Det var snart påske og torsdag 6.april gjekk turen vidare frå Sulitjelma.

Nokre dagar i forvegen hadde Mads Christensen sendt meg ein epost der han fortalte at han skulle gå mot Abisko samme dag som eg hadde planlagt. Norge på langs nettsida hadde han kome over med ein tilfeldighet, men det klaffa no ganske bra. Litt over kl 10 traff eg brødrene Mads og Morten. Ilag la vi iveg oppover den lange motbakken mot turisthytta Ny-Sulitjelma. Hadde høyrt mykje om denne bakken tidlegare, men denne solfyllte dagen gjekk det veldig greit. Hard føre og gode feller gjorde at det gjekk kjapt opp til hytta på omlag 600 moh, opp frå ca 130 moh. Her traff vi på ein frå Sulitjelma turistforeing og lunsjen vart tatt inne på hytta.

Opp til Sorjus var det eit par lange og tunge bakkar. Her fekk eg godt dyttehjelp av brødrene Christensen og det sparte eg masse krefter på. Fort gjekk det også det siste stykke ned til Sorjushytta. Ny-hytta var det bare plankerester igjen av etter stormen Narve i januar. Gamlehytta bare nokon meter unna stod imiddlertid. På hytta var ein familie frå Molde, mens dei to jentene som også er ute å går Norge på langs, låg i telt like ved. Eg slo opp teltet eit lite stykke unna og var borte ein times tid om kvelden og snakka med både NPL-jentene og den spreke Molde familien. Begge hadde hunder med seg som trakk pulkane.

Gamlehytta og restane av ny-hytta ved Sorjus

Dagen etter bar det innover til Sverige. Det store følget av Molde-familien og NPL-jentene kjørte raskt ifrå meg, då hundane holdt god fart på det relativt gode skiføret. Fekk gode spor heilt ned til innsjøen Virihaure, der eg slo opp teltet. Sidan det var litt lite snø nokre stadar, tok eg omvegen over innsjøane Virihaure og Vastenjaure. Det var imiddlertid ein lang tur og ruta rett mot Låddejåkkåstugan hadde gode snøforhold viste det seg. Morgonen etter traff eg Mads og Morten igjen, som hadde tatt den ruta, men gått eit kort dagsetappe. No hadde dei Ritsem som mål og eg slo igjen følge. Det var godt skiføre og det gjekk radig unna. Den siste biten over innsjøen Akkajaure, var veldig drøy. Her gjekk vi på ein merka isveg med stikker på begge sider. Dette var nødvendig sidan innsjøen har parti med dårleg is pga regulering. Kom i kveldinga til Svenska turistforenings fjellstasjon i Ritsem. Her var det både husrom å få og ein liten butikk.

Det var veg inn til Ritsem og ein god del scootere i området. Likevel var det ikkje så altfor stor trafikk der vi ferdes. Ruta vidare gjekk mot Kungsleden forbi Sitasjaure og Hukejaure. Lite folk på ski og heldigvis ingen scootere. Kjempeflott område å gå i og sola var framme store delar. Gjekk passe lange dagsetappar og hadde lange og fine kveldar, med avslapping og matlaging utandørs.

Kungsleden

Langs Kungsleden var det betrakteleg meir folksomt. Hyttene såg ut til å vera fullstappa med norske og svenske påsketurister på hovudruta mellom Abisko og Kebnekaise fjellstasjon. I det strålande fine påskeværet passerte sikkert 150-200 skiturister oss i motgåande retning. Litt stigning opp Tjaktjapasset, men så lang nedkjøring etterpå. Abisko nærma seg, men Mads og Morten ville somle litt på vegen ned, så eg gjekk litt lengre på kvelden. Siste natta blåste det ein del, men det vart bedre på dagen.

Abisko

Kom ned til Abisko tidleg på ettermiddagen og fekk meg ei seng på turiststasjonen. Så bar det bort eit par kilometer til butikken for å handle og hente pakke. Mykje folk, bilar, snøscootere og kø prega austre del av Abisko denne Skjærtorsdagen. Fekk handla mykje god mat og fekk alt med meg tilbake til turiststasjonen. Her var det både tilgang til internett og vaskemaskin, så eg hadde mykje eg kunne fikse. Fann til slutt utav problemet med nettsida og fiksa mesteparten. Fekk også vaska mykje svett ulltøy.

Vindsekksegling er gøy

På turen over den svære innsjøen Tornetrask blåste det godt. Det var stort sett medvind og eg tenkte å prøve vindsekken som skisegl. Det fungerte ypperlig og eg fekk stor fart! Kilometrane gjekk unna og det var utruleg morsomt! Speseilt lange innsjøar kan bli litt monotone å gå over enkelte gonger, så litt variasjon er kjærkomen. Inne ved Pålnosstugan traff eg på nokre svenskar på tur. Dei hadde vore hyttevakter sidan 23.februar og var no dratt direkte vidare på vintertur! Planen var å vera ute til mai, sproty folk dette her altså. Dei var også med i svenske turistforeningens og hadde ansvaret for å pusse opp Pålnosstugan, no var det bare ei rastestuga. Distansen opp til Lappjordhytta var kort, men mange og bratte høgdemeter venta. Det var også litt gjennomslag i snøen og det vart tungt oppover. Fann heldigvis nokre spor etter kvart, men det var bare å krysse oppover den bratte bjørkelia opp til hytta. Her var det litt uventa litt folk, både ein familie, ein engelskmann som gjekk toppturar og meir overraskande - Kjell Magne og Geir Erik som går Norge på langs sørover. Det vart ein livleg kveld med masse historier og mykje godteri!

Indre Troms

Eg la iveg over fjellet mot Altevann. Først opp ein del meter frå hytta og så innover fjellet. Vekslande vær og ein del vind. Fann ut at det var best å gå nedom Altevasshytta i vestenden av Altevann på grunn av vindretning. Her har Troms turlag nett opna ei flott turisthytte. Ei lita utfordring var å finne denne hytta blandt fleire hundre andre hytter! Fiksa det ved å søke opp hytta på nettet og mate koordinatane inn på gpsen.

Endå ein norge på langs vandrar

På Altevasshytta traff eg på Åge Lindstad, også han på veg sørover. Fekk ein del tips om ruta mi nordover, triveleg kar!

Rundt og på Altevann var det mange snøscootere og mykje folk. På isen var det isfiske som stod på programmet for dei fleste. Isen var god, men pga regulering var det fleire råker. Fulgte merking og så spor vidare til Gaskashytta, før eg tok til på ein lang, lang oppoverbakke mot Vuomahytta. Det vart ein utruleg fin ettermiddag og kveld. Dette området må vera noko av det finaste på heile turen trur eg, spektakulære fjell!

På Vuomahytta traff eg på nokre barske, nord-norske fjellkarar på sin ferd rundt Altevann. Det var stjerneklart og eg stod lenge å bare såg på dei flotte fjella som skimra i blått lys utpå kvelden. Morgonen var også fin og sola kom raskt fram.

Bratt ned til Dividalen

Frå Vuoma er det iallefall fire ulike alternativ mot Dividalen. Eg tenkte eg skulle følge spora til dei som hadde gått motsatt veg dagen i førevegen, men det viste seg å bli ein bratt tur. Det gjekk lenge veldig bra, nedover til dels tett bjørkeskog. Problemet var den aller siste bakken ned til elva. Her var det styggbratt, skrått og lite snø. Pulken velta ein utsatt plass og eg måtte bale ein god del for å koma meg trygt ned med pulken. Vel nede var det bare eit lite stykke før oppoverbakken mot Dividalshytta starta. Denne bakken gjekk greit, det var spor eg kunne følge. Litt gjennomslag utanom sporet. Tok inn på Dividalshytta, ei hytte som er ganske kjent. Det var ingen der, men utpå kvelden kom det to karar luskande opp lia. Ein av dei var tilsyn på gamlehytta, men dei skulle på ein vekestur i Indre Troms. På Ny-hytta var det steikeovn som gjekk på gass, så då tok eg å laga skikkeleg ostesmørbrød! Det hadde seg nemleg slik at eg kjøpte 1kg skivet ost veldig billig i Abisko. Det smakte fortreffeleg!

Frå Dividalshytta bar det rundt eit par fjell og bort til Dærtahytta. Været var så som så, vekslande er vel ganske dekkande. Men det var fint innimellom og det var ein grei etappe inn til Dærta.

Rosta og Isdalen

Opp frå Dærta gjekk eg ei bratt og litt avblåst ur. Det var ingen problem å passere og føret var bra. Mange høgdemeter oppover, før ein lang nedkjøring til Rostadalen. Var innom såvidt på hytta, før eg la iveg oppover igjen i Isdalen. Utruleg fine fjell inne i dalføret og eit bratt skar som måtte forserast. Her var det forøvrig vintermerka eit lite stykke, fordi det var nokon skumle skavlar. 500 høgdemeter på ettermiddagen tok litt på, men så var det flatt innover. Litt slakt nedover mot Gappohytta og eg kom fram etter godt og vel 10 effektive timar. På Gappohyttene var det både ein del folk på fellestur frå Senja turlag og eit finsk-svensk turfølge.

Treriksrøysa

Idag gjekk ferda nedover i ganske steinete og avblåst terreng. Kom innpå ei scooterløype eit stykke og så bar det over eit vatn fram til treriksrøysa. Dette er grensa mellom Norge, Sverige og Finland. Eg tok meg ein runde rundt og måtte stille klokka då eg kom inn i Finland. Dei ligg ein time etter oss og det skulle eigentleg Finnmarkingane også ha gjort, men det ville ha vore for upraktisk.

Imorgon skal eg handle og proviantere, før eg går oppover fjellet igjen. Skal krysse over grensa igjen om nokre dagar og har Masi på finnmarksvidda som neste mål. Dette blir siste etappe med pulk, bytter til sekk i Masi.

Sola har gått ned over Kilpisjarvi, så det gjenstår bare å seia god natt!

Reisebrev Hattfjelldal-Sulitjelma

20.04.2006 21:58

Ein lang og fin ettappe har det vore frå Hattfjelldal til Sulitjelma. Dette reisebrevet er litt forsenka, men bedre seint enn aldri.

23.mars la eg avgårde. Sola fulgte meg opp til det store Røssvatnet, men så kom det meir skyer inn. Det var ganske drygt å gå over innsjøen og eg var trøtt då eg kom fram til Steikvasselv. Her var det lite lys, straumen hadde gått. Overnatta i eit flott hus på garden. I løpet av natta hadde det kome ein god del snø. Opp den første kneika fekk eg litt hjelp med pulken. Vidare oppover var det tungt og det var ein del vind. Snøen pakka seg litt etter kvart, så det vart lettare.

Okstindan

Vakna opp til fantastisk panoramautsikt til Nord-Norges høgste fjell, Okstindan, med Oksskolten som den høgste toppen (1916 moh). Over Grønvatnet og til Umbukta var det fortsatt ganske tungt i nysnøen. Slo opp teltet eit stykke før fjellstua. Ein kald og fin kveld i teltet, med nordlys som dansa flott på himmelen utanfor.

Tok ein kviledag i Umbukta. rusla bort til fjellstua og fekk eit flott rom til ein billeg penge. Dagen etter var det ein god del vind og turen opp til Sauvasshytta vart ganske tung. Opp i sterk kuling og snøfokk, men med ansiktsmaske og stormbriller kom eg no greit fram. Rana turistforening har veldig fine hytter i fjellet og oppholdet på Sauvasshytta vart fint. Været vart ikkje betre, så eg venta ein dag på mindre vind. Vinden løya ikkje, så då var det bare å gå vidare. Framleis føyka det såpass at ansiktsmaske og briller måtte til om ein skulle ta ein liten tur utandørs. Vinden tok verkeleg tak innimellom fjelltoppane. Ned Ivakskaret var det isete nedst, så det vart basketak med pulken nedover. Det endte med ei knekt stang på pulkdraget. I Kvitsteindalsen var det mindre vind, men på turen opp til Virrvasshytta så var vinden igjen på plass.

Fjellrev

På ettermiddagen på veg til Virrvass, så løya vinden og sola kom fram innimellom. Plutseleg fekk eg auga på noko kvitt som tok eit par byks, før det rusla sakte vekk frå meg. Det var ingen tvil, dette var ein liten fjellrev! 150-200 meters avstand og eg såg den vel eit halvt minutt før den runda rundt ein liten kolle. Var heldig og hadde vinden imot meg, så det var nok difor eg fekk sett den. Fjellreven er veldig sjeldan og direkte trua art i Norge. Den er også ganske sky, så det er litt spanande å ha fått oppleva den i levande live.

Virrvasshytta

Det var helg og ein del folk på denne store hytta. Vart påspandert god middag og det var hyggelege folk på hytta. Ein del skulle isfiske, mens nokon andre skulle vidare på ski.

DNT-sentralstyre på Bolna

Vart anbefalt å gå ruta ned til Bolna på mi ferd nordover. Ganske greit å gå, men hardt og ujamnt føre. Ein svært vanskeleg kryssing av ein bekkedal og litt bratt ned til Bolna, men det gjekk no bra. Hadde høyrt nokre rykter om at styret i turistforeningen skulle vera i området, og det viste seg å stemma. Eg kom til ei fullpakka hytte med folk som eg tidlegare bare har sett på tv. Sentralstyret hadde middag på turisthytta og var godt oppverta av lokale folk frå Rana turistforening. Eg vart straks tatt inn i varmen og fekk ein skikkeleg porsjon middag. Folket var også veldig interessert i å høyra om turen og det vart ein hyggeleg kveld.

Fann meg ei ledig køye og fekk ein solid frokost og ein varm lunsj før eg tok til å traske vidare. Fekk også med meg ei heil sjokoladekake og den kom veldig godt med - porsjonane med lunsj minka kraftig sidan eg hadde brukt nokre dagar ekstra. Sidan det var litt bale å gå med pulken dei første kilometrane, tilbudde dei svært hjelpsomme folka frå Rana turistforening seg å kjøre pulken opp til Lønnsdal. Dermed kunne eg gå oppover dalen med dagstursekk. Været var strålande og eg bestemte meg for å koma tilbake til Saltfjellet på påsketur ein gong! Verkeleg nydeleg dag etter ein god del dagar med vind.

Polarsirkelen

Kryssa polarsirkelen like ved toglinja og hadde eit lite snø-ansiktsbad for å feire dette. Følte at eg verkeleg hadde kome langt, men visste jo at det var langt igjen også. Gleden var immidlertid stor og humøret på topp.

I Lønnsdal overnatta eg på Bodø og omegns turisthyttet Lønnstua og eg var også oppe på hotellet og tok ein dusj. Her tok eg også frokost og kjøpte med litt sjokolade. Turen over til Junkerdalen gjekk i strålade vær og i skispor, sistnemnde har vore ein sjeldan ting til no. Det var imiddlertid ganske kronglete opp dalen, så spora kom godt med. Gjekk ei meir direkte rute enn sommarruta og nedkjøringa til Graddis fjellstue gjekk greit. Her var det heilt folketomt og eg fekk ikkje spurd om ruta vidare mot Skaitidalen. Det endte med at eg fulgte eit scooterspor oppover dalen og rota meg gjennom eit hyttefelt, før eg fann ei hengebru over eit juv som måtte kryssast. Så tok eg den snødekka vegen oppover, og så ned igjen til Skaitidalen og turisthytta Trygvebu.

Skaitidalen

Det var nydeleg å gå oppover denne ville dalen. Bratte fjellsider, men fint å gå på den islagte elva. Var innom den koselege hytta Argalad, verkeleg ein fin stad og eit krypinn med mykje historie. Det føltes litt langt over Balavatnet, men eg kom no ganske fort fram til Coarvihytta. Dagen etterpå gjekk eg vegen nedover til Sulitjelma. Litt i scooterløype og så nokon litt uforutsigbare spor på slutten. Bratt nedst, så eg tok av skia. Heilt bart på vegen nede i dalen, så ein kar tipsa meg om at kanskje museumsbestyraren kunne hjelpa meg med pulken innover dei siste kilometrane til sentrum. Han skulle akkurat heim å eta middag, så det passa bra. Fekk med det same henta pakken på snøscooterverkstaden, som også har pakkehandteringa for posten. Dette skyldes at den lokale butikken meiner at posten norge ikkje dekker dei ekstra kostandane med å utføre posttjenester. Og eg kan forstå dette, Posten må nok rekne med å kompensera meir i distrikta der butikken absolutt ikkje vinn nokon kundar på slike oppgåver - det er bare meirarbeid.

Den einaste staden å overnatte i Sulitjelma er på hotellet og eg la meg inn der til ein ganske rimeleg pris. Etter ein dusj var eg ute å gjekk dei få kilometrane eg fekk transport, Var også på butikken og handla inn for påsken og turen til Abisko. På hotellet vart dei visst litt bekymra for at eg ikkje fekk nok mat, så dei ringte meg opp på interntelefonen og lurte på om eg ikkje ville ha gratis middag! Det ville eg sjølvsagt og eg fekk servert godt mat. Ein liten tur i badstua fekk eg også tid til. Det viste seg å vera vanskeleg å få lånt internettilgang. så eg fekk ikkje fiksa feilen med bildeopplasting på nettsida. Dette fiksa imiddlertid internettleverandøren dagen etterpå

Etappen frå Hattfjelldal til Sulitjelma var lang. Brukte fleire dagar enn eg hadde rekna med og den maten eg fekk av andre undervegs, kom veldig godt med. Gjestfridomen i Nord-norge har vist seg å vera stor. Veldig hyggelege folk å treffe på overalt, men det var lite folk i fjellet utanom på Virrvasshytta. Ruta eg gjekk var stort sett ganske grei og det ordna seg fint. Ser imiddlertid at det nok kunne ha vore eit bra alternativ å gått direkte til Junkerdalen via Nasafjella, så det vil eg nok anbefala til andre som tar turen. Eg hadde imiddlertid ikkje kart over området, så det var utelukka å gå den ruta. Ein proviantering ekstra undervegs kunne eg med fordel ha hatt, men eg hadde no nok mat alltid.

Å treffe på fjellrev var spesielt og ganske uventa. Ei fin oppleving på ein tur gjennom Norge!

Reisebrev fra Hattfjelldal

23.03.2006 02:35

Teveltunet - Nordli - Hattfjelldal

Sidan sist reisebrev har eg forflytta meg frå Teveltunet og no heilt til Hattfjelldal. Turen gjennom Nord-trøndelag og Børgefjell har vore fantastisk bra! Mykje har allereie blitt skrive på bloggen, men det er no mykje å fortelja som ikkje har kome med der.

Postbudet kom utpå dagen med pakken eg venta på. Nils Peter Haarsaker på Teveltunet forselo at han kunne ta pulken på scooteren opp til Ahlenstugan, då han uansett skulle over grensa for å fylle bensin. Eg takka ja og regelrett fløyg opp bakkane til Storlien. Utruleg følelse! Ahlenstudan er eit vindskydd og det var eit godt utgangspunkt for turen vidare. Nils Peter kom med pulken i kveldinga og etter litt leiting etter ei spade, kunne eg fyre opp med ein sekk med ved som han hadde med til meg! Jammen grei kar!

Vidare i Sverige tok eg først ei rute over fjellet og ned til scooterleden. Været varierte, men det vart fint etter kvart. Om kvelden hadde eg eit fint bål og det varma godt i natteskulden. Herleg å sitta foran eit bål og nyta lyden og varmen.

Over i Norge til Sveet gjestgiveri:

Bestemte meg for å gå over grensa til Norge igjen. På den måten ville eg koma innom mange interessante plasser og no i ettertid ser eg at det ikkje var så veldig omveg heller. Sidan det var ein flott dag ville eg prøva å gå heilt til Vera. Fine spor eit stykke, men så gjekk der litt tråare. Etter nedkjøring gjennom skogkledde lisider, så kom eg no fram. Eg var temmeleg skutt, lang dag. Folket på Sveet var utruleg greie. Det er 3.generasjon som driv dette tradisjonsrike gjestgiveriet. Det er ikkje stort, men du verden så koseleg. Gudrun laga middag til meg og var no svært så interessert i turen. Den hadde ho fulgt på nettet, så det var jo litt artig. Det var yngste sønnen i huset som nett hadde tatt over gardsdrifta. Som for dei fleste gardbrukerane i området, så var melkeproduksjon åleine ikkje nok. Han dreiv difor eit taksi-selskap med to bilar. No er Vera ein veldig liten stad og det er lagt til næraste by, så ein kan jo lura på korleis det er mogleg. Men med alt frå skuleskyss til felles handletur for bygdafolket, så gjekk visst det ganske bra. Litt artig at den eine bilen var ein Jaguar! Til frokost fekk eg servert brød, rundstykker, vafler, egg og bacon. Som ein hotellfrokost og laga til bare for meg, då det ikkje var andre gjester! Eit postkort frå Nordkapp var betaling nok, eg takkar så mykje for opphaldet. Må nesten tilbake til desse traktene ein gong.

Sveet gjestgiveri

Gaundalen

Etappen til Gaundalen fjellgård var iallefall 34km og litt drøy å ta på ein dag. Hadde ein ny, fantastisk dag i fjellet. Varmt og eg gjekk utan jakke i solskinnet heile dagen. Særdeles flott område å gå i! Slo opp teltet litt over halvvegs, ved Lakavatnet. Kaldt om natta, anslagsvis rundt 22 kuldegrader. Ruta mot Gaundalen var lettgått og været var like fantastisk. Gjekk over Grønlivatnet og der var det ein kar som dreiv med isfiske - og scooterkjøring. I enden av vatnet er det eit mikrokraftverk som forsyner fjellgarden med straum. Ikkje stort akkurat, maksimalt 12KW, men i praksis ein del mindre. Like før garden måtte eg over fleire islagte elver. Her var det store spor etter flaumen som var tidlegare i vinter, både elver og vatn gjekk då opp. På Gaundalen bur Ingeborg på godt og vel 80 år og sønnen Steinar. Denne vintaren budde også eit barnebarn til Ingeborg på garden, Ane - ho var vel omtrent på min alder skulle eg tru. Eg hadde ringt på førehand, så dei var klar over at eg kom. Ane hilste meg velkommen ute på tunet og eg fekk ei fin hytte for meg sjølv. Forutan meg budde også dei omtalte isfiskerane i “Potetbaken”, ei hytte rett nedfor.

Gaundalen

Trøndersodd vart servert meg til middag og eg fann ut at det var vanleg å eta dette med skei. Ingeborg bemerka at eg var sørante og ikkje heilt forstod den trønderske maten - akkurat som ein svigersønn.

Folket på garden virka ganske sportsinteresserte. Det var Holmekollsøndag og dei satt interessert å såg på skirennet derfrå.

Gjesteboka på garden var interessant lesing. Ein skulle ikkje tru at det var så mange innom gjennom heile året på ein såpass utilgjengeleg plass, men faktisk var det folk innom heile året. Det eg kanskje las med mest interesse - og litt humring - var turane telenorfolka stadig hadde inn til garden. Kobberlinjene frå 1967 er fortsatt i drift fordi nyare teknologi har vist seg å feile. Den gamle linja er utsatt for store påkjenningar og trådbrudd er vanleg om vintaren. Då må ein lappe linja på gamlemåten. Ein ny linkstasjon er blitt bygd på Heggsjøvfjellet for å gje nytt samband til Gaundalen og Gjevsjøen, men ekstrem ising og uforklarlige tekniske problem har gjort dette til ein svært dyr affære for det gamle televerket. Forslag til Telenor: Sett opp seperate mikrobølgelinker med reflektor på ein passande topp slik man vanlegvis bygger telenettet. Ganske dyrt, men det må nok til. Og mobildekning er det sjølvsagt ikkje i mils omkrins…

Gaundalen var forøvrig med i NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” for eit par år sidan og det har også vore innslag i “Villmarskliv” på TV2. Staden er kjent for godt fiske og godt jakt-terreng

Steinar Gaundalen er ein meget habil privatflygar og har ei 600 meters flystripe og eigen hangar til flyet sitt. På den smale stripa flyr han jevnleg i sommarhalvåret. Om vintaren tar han turen til Snåsa når han vil fly. Forutan fly, så er den enklaste vegen inn til garden via innsjøen Torrøen i Sverige. Vinterstid er det greit å ta seg fram med snøscooter til Grønningen og derfrå på veg ned til Snåsa.

Om kvelden vart eg servert kaffe og wienerbrød og eg vart sittande å prate med Steinar og Ane til langt på kveld. Som nevnt var jo telefonlinjene litt ustabile og dei var litt interessert i satelitt-telefonen eg hadde med meg. Det var rett så koseleg inne den fine stova og eg fekk vite mykje om korleis det var å bu på garden. Av direkte gårdsdrift dreiv dei med sau og ellers litt turisme i liten skala - to utleigehytte. Verkeleg trivlege folk!

Til Holderen og Gjevsjøen

Etter ein god frokost var eg klar for turen over fjellet til Holderen og vidare over til Gjevsjøen. Været var fantastisk og eg kunne gå utan jakke nesten heile dagen. Fulgte telefonstolpane stort sett heile tida, så ruta sa seg sjølv. Kjempefin og passe slak nedkjøring ned til Holden, ein tidlegare fjellgård som no blandt anna er blitt turisthytte. Etter ein lang pause i solskinne, fortsatte eg over fjellet. Litt tungt i oppoverbakkane med pulken, men over Gjevsjøen gjekk det unna. I det sola var gått ned, kom eg til denne fjellgarden som eg hadde høyrt mykje om. Den går for å vera den mest utilgjengelege garden i Norge.

På garden bur Anne-Mart, Nils og sønnen Nils Chritian som er i staren av tjueåra. Han har nett overtatt garden frå foreldrene og var for kort tid sidan på programmet “Der ingen kunne tru at nokon kunne bu” i beste sendetid på NRK. Trivelege folk alle i saman. Vart sittande å snakke med Nils Christian. Han var datainteressert og det er jo forsåvidt eg også. Det gjekk såvidt med modem på den gamle trådlinja, men farten var ein tiendedel av vanleg modemfart og ein brøkdel av det vi andre har på breiband. Det var samme linkstasjonen her som på gaundalen og ergo samme problem. Eg trur nok internett via satelitt med returkanal er det beste på slike plassar. Problemet er at det koster litt. Men no har jo Telenor eigne satelittar, så med litt vellvilje skulle det vore ei smal sak å få fiksa til noko, men så lett er det nok ikkje å samarbeida internt i eit stort, norsk konsern.

Nils Christian hadde brukt dagen på kjøre inn diesel til garden. 6000 liter var frakta inn - årsforbruket på garden. Alt dette var frakta fleire mil inn på snøscooter og det var nett ferdige då eg kom. Agregat og batteribank sørga for stabil straumforsyning, men kun til lys og elektriske apparat. Mikrokraftverk var under planlegging, men til no hadde det blitt for dyrt og også problem med godkjennin. Han vurderte no eit veldig lite og enkelt vasskraftverk.

Eg fekk overnatte i ei fin hytte der det allereie var godt og varmt. Eg fekk også god middag, Anne hadde laga viltgryte til meg og så var det kake og molter til dessert! Kjemepgodt for ein norge på langs traskar.

Mot Nordli

Etter det fine besøket på Gjevsjøen, bar det vidare mot Nordli. Relativt kjølege netter, men sol og fint om dagane. Varierande terreng og til dels litt kuppert. På veg ned til Fossdalen var det vanskeleg å ta seg ned pga lite snø og litt bratt skog. Vidare var det skogsterreng med myrer innimellom - og det gjaldt å halde seg på desse myrene. Det var heldigvis litt spor etter kvart, så då fann eg greit fram.

Rådhuset og det nye nasjonalparksenteret

Eg kryssa over vatnet til Sandvika i Nordli og der vart eg møtt av Arnstein Kiste, som hadde sett at eg kom tuslande over innsjøen. Han var interessert i turen og då eg spurde om overnattingsmogleigheiter i området, så fekk eg tilbod om å overnatte heime hos han og familien. Det takka eg ja til. Etter å ha ete god mat på Li-vertn, handla på buikken og henta pakke med nye kart, så fekk eg slappe av hos familien i Granbakken. Som Arnstein sa det - han hadde aldri budd så sentralt før og det var samanlikna med Bærum! Butikk, cafe, post, bank, skule, barnehage, rådhus og helsesenter låg alt bare nokre hundre meter unna. I tillegg til Arnstein og Berit, var det fire barn i huset, frå 4 til 11 år, så det var ganske livleg.

Kvelia

Frå Sandvika fulgte eg ruta til Flyktningerennet i starten. Det er forøvrig eit turrenn på ski som foregår i slutten av mars og ein stor happening i området. Klarte å gå litt feil sidan eg tok feil i eit kryss, men kom meg no over til Kvelia etter kvart. Her var det ein landhandel - Kveli-bua. Bare 150 inngyggarar, men dei sytte for å halda liv i butikken, som var reist på dugnad. Dette var også den sosiale møtestaden for folk og inne i butikken var det ein “kaffekrok” flott innreda. Eg fekk både kaffe og kaker i tillegg til eit par ullsålar. Det ga bestyraren til alle NPLere som stakk innom. Det var også ei eiga gjestebok for oss norge på langs traskere. Innimellom når det ikkje var kundar i butkken, dreiv innehavaren med å lage ullprodukt. Han laga mykje fint, f.eks. veldig gode og varme “ullsko”, slike skulle eg gjerne ha hatt ja.

Telta nokre kilometer frå Tunnsjø senter og gjekk så over til Limingen. Tok over sjøen og satte opp teltet på Halvmilstangen. Denne dagen var litt grå og det blåste litt om kvelden. Om natta måtte eg ut å sette opp fleire bardunar fordi eg var redd det ville blåse opp endå meir. Det skjedde ikkje, men det vart mildt og regn på morgonen då eg gjekk inn til Røyrvik. Oppe vatn i sundet, men eg holdt meg heilt i kanten på det som no var tørt land. Ellers var isen veldig god. Handla litt i Røyrvik og då traff eg på samme karen eg hadde truffe tidlegare i Kvelia. Han snakka med ein annan kar og eg fekk lov til å overnatte i eit ope rom på ei fjellstyrehytte oppe ved Namsvatnet. Før eg gjekk dit opp, var eg innom bensinstasjonen. Her vart eg sittande ei stund og snakke med trivelege folk der før eg gjekk innover. Det blåste ganske så godt den kvelden, så det var bra å ligge inne.

Børgefjell

Over Namsvatnet fulgte eg lenge ei scooterløype. Det var god is, men ope midt utpå pga regulering. Det siste stykke inn til Virermahytta gjekk eg nær lang og av samma grunn. Lunsj på hytta før eg fortsatte vidare oppover Viermadalen. Det var svake spor nokre stadar, så eg fekk litt hjelp i fin-orienteringa oppover. Relativt lettgått terreng dog, holdt meg på vestsida av elva heile tida. Oppe ved Gaukarvatnet var det på tide å få opp teltet og det vart ein kjøleg kveld. Men i teltet hadde eg det godt og varmt.

Vakna opp til ein ny praktfull dag og koste meg verkeleg innover fjella. Kvigtingen hadde eg fin utsikt til heile dagen og det var eit flott skue.

Kom over ein flokk med Tammrein, men dei flykta så fort dei oppdaga meg. Ved Tiplinghaug satte eg igjen opp teltet. Relativt kjøleg, iallefall 22-25 kuldegrader om natta, kanskje meir også. Ned til Sjånes i Susendalen var det scooterspor, så den etappen gjekk greit. Vidare på veg gjennom den veldig lange Susendalen. Då eg kom til Haugerud følte eg at det var nok for dagen og fekk låne ei hytte der. Folka var trivelege og hjelpsomme som alltid. Pulken vart tatt med innover til Hattfjelldal då dei skulle på jobb, så eg kunne rusle med dagstursekk. 28km på 5 timar, så det gjekk raskt unna.

Her i Hattfjeldlal har eg henta pakke, handla og lagt meg inn på ei fin hytte ved Børgefjell vertshus. På coop fjekk eg også tak i nye stavar -. ein abosolutt nødvendighet.

Fekk også lånt tilgang til internett - takk til coop marked i Hattfjelldal.

No går ferda vidare over Røssvatnet og oppover til Saltfjellet. Sulitjelma når eg forhåpentlegvis i løpet av ein 10-dagars tid.

Det var alt for denne gong.

Beste helsingar til alle dykk som følg med på turen via nettet Ragnar Fjeld

Reisebrev fra Teveltunet

07.03.2006 12:50

Ja, no er eg på Teveltunet, like ved grensa til Sverige. Kom igår kveld ned frå fjellet gjennom skog og kuppert terreng

Turen frå Røros har vore kjempefin. Alexander vart med den første dagen og vi gjekk i 13-tida frå Bergstaden. Heile dagen traska vi i preparerte spor og enda opp like ovanfor Aursunden før vi slo opp teltet. Med full fres på primusen varte det ikkje lenge før det vart godt og varm i teltet. Ein fin kveld og ein roleg formiddag, før Alexander satte kursen tilbake mot Trondheim og studier der. Det vart altfor langt å gå heilt til Stugudal, så det vart til at eg slo opp teltet i vegkanten 14-15 km derfrå. Mykje av dette strekket gjekk på vegen, men inn mot Stugudal var det skiløype. På Stugudal landhandel fekk eg kjøpt brød og godteri og satte på ettermiddagen kursen for Nedalshytta. Dette vart no litt omveg fordi både Nesjøen og Esansjøen hadde sikker is, men det var greit å ligge innandørs.

Nedalshytta

På hytta var det allereie 3 stykker som hadde kome frå Sylstasjonen, ei svensk turisthytte. Hadde ein triveleg kveld på hytta, før eg la ruta over innsjøane til Storerikvollen. Kjempefint, men kald trekk. Får nesten ta ein runde i Sylan, eller Sylarna som svenskane kaller det, ein gong. På Storerikvollen var det ein flott solnedgang og sjølvbetjeningskvarteret var kjempefint. Dei same karane frå Nedalshytta kom også utpå kvelden, dei hadde gått anna rute.

Eg visste det var temmeleg langt til Teveltunet, så eg prøvde å starta tidleg. I halv-ni tida var eg klar og traska avgårde. Kartet var ikkje heilt einig i med terrenget om eit par skiløyper, men eg kom meg no vidare ved å gå nokre kilometer på veg. Den siste mila over til Teveltunet tok eg på i halv-fire tida. Skog og ganske kronglete, men fine spor. På toppen forsvann meir eller mindre spora og merkinga. Prøvde å følge den innteikna vinterruta på kartet og kom så inn i skispor. Men det var temmeleg ulent og det vart ei ganske artig nedkjøring med pulk. Heldigvis var det brukbart føre, 10-20cm nysnø oppå eit hardt lag. Etter litt roting i skogen kom eg ned på ei oppkjørt skiløype og fulgte denne ned til Teveltunet

Kald hytte

Nord trøndelag turistforening leiger to små hytter på Teveltunet. Tenkte eg skulle overnatte der, sidan hotellet ikkje var ope. Etter å ha rota rundt for å finne desse hyttene, så viste det seg at dei mangla straum. Utan anna oppvarming hadde det blitt temmeleg kjøleg. Ringte til innehavaren av Teveltunet og han kom straks kjørande. Fekk ei stor utleigehytte som var god og varm! No sit eg her og ventar på at posten skal kome med ei pakke.

Etappen gjennom Sylane var veldig fin. Været var strålande og det har vore kjempebra. Det einaste eg ser i ettertid, er nok at eg burde ha lagt kursen direkte til Storlien, det hadde vore raskare og enklare. Ruta vidare er ikkje endeleg fastsatt, men eg går iallefall på svensk side nokre dagar. Skal sikkert innom nokre fjellgårder før eg når Nordli om ei ein del dagar.

Har fått tilsendt nye skifeller som sikkert kjem til å sitte betre enn dei eg har no. Ellers er det blitt litt rifter i buksa som er snart må lappe! Tappen på den eine staven knakk, så eg skal kjøpe ny stav i Nordli. Den fungerer brukbart fortsatt og eg har reservestav også

Det var alt for denne gong. Video kjem snart og bilder blir sendt i posten

Reisebrev fra Bergstaden

03.03.2006 22:28

Turen frå Folldal virka på kartet litt kronglete då eg planla denne etappen tidlegare i haust. Og det vart det igrunnen.

Etter eit fint og avslappane opphald på Folldal fjellstue, bar det innover Kakkeldalen. Her var det ganske avblåst og snøen hadde minka kraftig etter mildværet dagane før. Kom meg greit over skaret og ned til elva Einunna. Fann også brua, som ikkje var merka av på kartet. Imiddlertid var det ein låst port på brua slik at det vart vanskeleg å få pulken med seg over. Sidan isen såg sikker ut, så kryssa eg over og det gjekk fint. Oppfordrar dei som eig denne brua til å lage ein port slik at personar kan passere. Det visste seg at Einunna hadde stor vassføring og isen såg særdeles usikker ut lengre nede.

Eit stykke ned i Einunnadalen traff eg på 3 damer frå Folldal som var ute på tur med 3 hundar. Dei hadde ei seter lengre nede og meinte også at det måtte vera betre å gå via Savalen istaden for å gå mot Gløta. Vart innvitert inn og fekk elgsteik til middag og fin overnatting innomhus på Romsdalssetera. Til sommaren skulle dei opne opp ein kafeteria med sal av lokale seterprodukt - spanande prosjekt. Natta var kald og været skiftande. så det var greit å ligge inne.

Turen vidare mot Savalen gjekk ganske greit, men måtte følge ein veg eit stykke sidan skogen var svært tett. Det siste stykket gjekk på ein delvis brøyta fjellveg og her var det fine scooterspor å gå i. Det var mørkt og eg satte difor opp teltet første og beste plassen nede ved ein liten innsjø, ikkje langt frå Savalen.

Dagen etter gjekk eg innom Savalen spa og fjellhotell. Det var verkeleg flott og ikkje minst stort. Fekk både lunsj og litt informasjon om ruta vidare, men dei ikkje hadde så altfor god peiling på ruta mot Røros. Tok også ein tur ned i spa-bassenget, herleg! Savalen var utruleg stort, masse hytter, det store hotellet og mykje anna.

Fulgte vegen eit stykke vidare nedover mot Tynset og tok småvegar vidare. Då eg kom til Tynset fann eg ut at eg like godt kunne overnatte der, så eg fekk eit fint og billig rom på Tynset motell og camping. Innehavaren var godt kjent i området og viste nøyaktig ruta vidare nesten heilt til Røros.

Over frå Tynset til Vingelelen måtte eg over eit fjell på 1000 moh, men det gjekk fint i stort sett preparerte løyper. Den siste mila til Vingenlen vart det sporbrøyting, men eg fann iallefall fram. Satte opp teltet omtrent 8km vidare nordover. Det var temmeleg kaldt denne kvelden, men det var uproblematisk. Hadde masse bensin igjen og det var bare å fyre på full guffe.

Over mot Dalsbygda var vegen brøyta. Var innom i butikken å handla lunsj. Siste del inn til Røros var drøy. Gjekk til fots i oppoverbakkar, men tok på skia i nedoverbakkar og deg gjekk ganske radig.

Røros var ein fin plass. Vandra litt i gatene før eg fekk meg eit rom på Erzscheidergården. Hadde ein god del ting å tørke og ting låg strødd ut over heile rommet. Seinare på kvelden gjekk eg ned på ein italiensk resturant. Prøvde først å bestille ein stor pizza, men servitøren meinte det var umogleg for meg å eta opp. Men han skjønte etter kvart at eg var ganske svolten, så eg fekk ein “ekstra stor” liten pizza.

Eg var ganske trøtt og tok heller ein tidleg kveld istaden for å skrive ferdig dette reisebrevet. Difor kjem det no eit par dagar etterpå, men mesteparten vart skrive ned medan eg endå var i Bergstaden

På denne etappen vart det 2 netter i telt, ei natt på seter og ei natt på motelrom.

Reisebrev fra Folldal

24.02.2006 01:27

Turen frå Kvam til Folldal tok 4 dagar, noko eg også hadde rekna med. Det er ein relativt kort etappe samanlikna med det eg har gått tidlegare.

Til Rondvassbu

Forholda var ikkje optimale på vegen opp frå Kvam. Sleit ganske godt sidan det var stein og sand blanda saman med snøen. Då eg endeleg kom meg til topps, openbara det seg flott utsyn mot Rondetoppane. Fine preparerte spor forbi Rondablikk og ned til Furusjøen, der eg satte opp teltet. Relativt kald natt, men varmare på morgonkvisten. Vakna til strålande flott vèr og det var rett og slett herleg å skli innover fjellheimen. “Blå swix føre”, blå himmel og strålande sol.

Det var vinterferie og mange folk ute i løypene. Tok det ganske med ro oppover dei ca 300 høgdemeterane og 17 kilometerane inn til Rondvassbu. Klarte å gå litt feil like før hytta, fulgte nokre spor som det seinare viste seg tok ein heilt anna retning. Men eg fekk fin utsikt til dei fine 2000-meterstoppane og fekk sendt avgårde ein bildespesial, så heilt unyttig var ikkje den ekstra sløyfa inn til hytta. Utløpet av Rondevatnet var delvi òpe, men det var greit å krysse. På sjølvbetjeningskvarteret på Rondvassbu var det bare eg og eit par i slutten av 20-åra, så det var god plass. Praten gjekk livleg og det vart ein fin kveld. Kunne forsåvidt gått nokre kilometer vidare, men syntes det var greit å overnatte på hytte denne dagen.

Rondvassbu og Rondevatnet

Over stokk og stein til Dørålseter

Dagen etter var det meir skya og det blåste friskt. Iallefall frisk bris, men relativt mildt. Kom meg greit over Rondevatnet, men det var ganske så avblåst og lite snø vidare. Det var nokre gamle spor (1veke gamle) som eg delvis kunne følge og desse gjekk eit godt stykke frå den vanlege kvistetrasèen. Nedover mot Dørålseter måtte pulken over ein del bare felt, det var umogleg å gå rundt. Elva var også delvis open, men eg kom meg over med pulken utan å bli våt. Ganske markert skilje med snøforholda, austsida hadde betrakteleg mindre snø. Det var imiddlertid nok til å gå. Generelt sett så har snøforholda vore greie på heile turen, så eg trur ikkje ein skal klage på akuratt det.

På Dørålseter var sjølvbetjeningskvarteret òpe og her var det eit tysk par som var på sin første vinterskitur. Dei hadde gått Hjerkin - Grimdalshytta - Dørålseter og skulle vidare til Mysuseter dagen etterpå. Ganske friskt for å vera den første turen. Dei var godt utstyrt heldigvis og var svært så vennlege.

Dørålseter

Til Folldal

Det vart svært mildt i løpet av natta og det var 3-4 plussgrader då eg gjekk frå Dørålseter. Utover mot riksvegen var det snøscooterspor og det gjekk brukbart, sjølv om rød swix bare satt sånn halvegs. Den siste mila til Folldal gjkk langs riksvegen og her var det såvidt nok snø til å gå i kanten, men det smelta fort. I Folldal møtte eg først ein kar frå NRK som skal laga eit innslag til Øst-nytt. Like etter kom far og ein onkel av meg kjørande. Så bar det opp bakken til den koselege Folldal Fjellstue. Her var det verkeleg flott! Kjempeutsikt til Rondane og middagen var utsøkt. Vertskapet var også veldig greie og vi satt lenge å snakka rundt den fine peisen i stova.

No har eg fått fiksa eit par ting på nettet. I morgon kjem nrk-fotografen for å lage tv-innslaget og så får vi sjå om eg legg innover fjellet, eller tar ein ekstra dag her. Ruta går først over fjellet her som på ruteplanen, men så trur eg det er best å halde nokre bygdevegar ned mot Røros. Folka her veit det meste om fjella i området, så eg skal få skikkeleg god informasjon om det imorgon.

Eg er i grei form og har heldigvis ikkje blitt forkjøla eller fått influensa. Gnagsår er det også smått med og ellers går det meste greit. Viktig å ikkje har for strevsomme dagar, så eg plar ta det litt med ro. Trur eg tener på det i lengda.

No bærer det vidare mot Røros. Takk for alle kommentarar og meldingar. Det er veldig kjekt å lesa!

Reisebrev fra Kvam

19.02.2006 22:08

Det vart ikkje lange stoppen i Tyinkrysset. Etter litt proviantering og henting av pakker på Tyinkrysset fjellstove, bar det vidare oppover vegen mot innsjøen Tyin.

Eg hadde fått ny dragdel til pulken, men samtidig røyk ein indre wire, så då var det fram med tauet for å reparere det midlertidig. Heldigvis visste eg at fjellstrøka mot Gudbrandsdalen ikkje var like kuppert som lenger sør, så det burde gå veldig fint med ein midlertidig løysning. Då eg stod utanfor fjellstova å bytta wire med tau, så kom det ein bil med to karar som nett hadde vore på tur i Jotunheimen. Dette var tydelegvis fjellfolk og etter kvart viste det seg at den eine hadde prøvd seg på ein Norge på langs tur i år 2000. Imiddlertid brakk han armen like ved Snåsa, så turen enda der. Han ga meg mange tips for turen vidare, spesielt i midt- og nord Norge, der han var godt kjent. Heldigvis var det snødekke på vegen oppover, så det var ingen problem å dra pulken. Eg var litt ivrig etter å koma meg avgårde sidan det var strålande sol og blå himmel. Det gjeld å utnytta finvèret når det først slår til. I ettermiddagssola og med kald trekk gjekk eg i fine spor og på supert føre utover den enormt store innsjøen Tyin. Eg kom litt over 9 kilometer før eg syntes det var på tide å setta opp teltet. Det var for lite snø på isen, så eg måtte inn på ein liten odde. Det var forøvrig her eg skreiv forrige reisebrev. Dagen etter var det litt fleire skyer og litt grått. Føret var kjempebra og det tok ikkje lange tida før eg var på Fondsbu. Blå swix satt som eit skudd samtidig som det var supergod glid i scooterspora.

Like før Fondsbu og Eidsbugarden passerte eit jet-fly lågt over meg. Det var kanskje eit av forsvarets Falcon-jets, eller eit fly som minner om dette. Ikkje det at eg liker fly inne i fjellheimen, men det var litt artig å sjå likevel, flyinteressert som eg er.. Det er høgderestriksjonar over nasjonalparken, men forsvaret har visse unntak, så dei har nok sitt på det tørre. Vidare over Bygdin var det kvista. Bygdin var delvis nedtappa, så det var greit å følge merkinga. Bytta til feller og labba opp Høystakka. Her tok kvisterundløypa av ned mot Fondsbu igjen, mens eg fortsatte vidare mot Gjendebu. Dei lei utpå dagen og det var ein god trekk oppe på fjellet. Sola var på veg ned i det eg kjørte nedover den lange, slake bakken nedover Veodalen. Bjørkeskog det siste stykket og litt forvirrande terreng, men med gpsen oppe, satte eg kursen direkte mot brua like ved Gjendebu. I halv-sju tida var eg framme og kunne gå inn i sjølvbetjeningskvarteret. Det var ei lita hytte like ved hovudhytta. Det var masse proviant, men bare avkapp og diverse rester som ved. Men det brant godt i omnen og den varma jaggu meg bedre enn på mange andre hytter eg har vore innom. Det er ikkje mobildekning på Gjendebu og det var vanskeleg med radioen, men eg fekk no inn litt skurrete P3. Fekk vèrmelding på satelitt-telefonen, og den meldte om vind. Vakna opp til litt snø i lufta og bare bris, så eg tenkte meg i retning Gjendesheim. Det var lite snø på innsjøen Gjende, tydelegvis ganske avblåst, men det var greit føre. Etter eit par timar auka vinden kraftig. Viden kom nesten midt imot og det føyka ein del snø i lufta. Måtte få på meg ansiktsmaske og briller raskt og det var ikkje snakk om noko pause før eg var meir i le. Vurderte å gå inn til Memurubu og sette oppe teltet der, men vurderte det til at det gjekk greit vidare. Kom inn i nokre nesten gjenblåste snøscooterspor og det var lettare å følge desse enn å heile tida sjå på gpsen for å halde kursen. Då eg såvidt kunne skimte Bessegen, kom eg inn i kvisteløypa. Eller det vil sei, det var bare delvis kvista på grunn av lite snø. Lenger inne roa vinden seg og på Gjendesheim var det ganske roleg. Såg lys på turisthytta, så eg tenkte eg kunne sjå om det var mogleg å overnatte der. Hytta var utleigd til ei gruppe danske vinterferiegjester. Eg traff på Bjørg Vole, vertskap på Gjendesheim, og ho fiksa eit rom til meg. Herleg etter ein litt røff dag. Då eg stakk innom for å betale dagen etter, så fekk eg beskjed om at danskane spanderte, så takk til Rugby reiser og Gjendesheim.

Det var kome mykje snø i løpet av natta og det var temmeleg tungt oppover mot Sikkildalsskaret sidan det ikkje var spor opp dit. Nedkjøringa gjekk greit, haldt meg til høgre, men littegrann i vestre kant av bekkefaret i starten, då det var eit lite dropp. Mykje snø då det var bare å cruise nedover i sakte fart. Mot Prinsehytta og Sikkilsdalshytta gjekk det ikkje særleg fort, men eg kom no fram. Ingen kongelege eller andre på hyttene i området. God mobildekning og eg fekk med meg spanande OL-sendingar. Fortsatte utover dalen dagen etter, på ein nedsnødd veg. Det minna mykje om turen opp frå Ljosland, men veldig djup snø som ikkje bar i det heile. Relativt flatt med små bakkar opp og ned. Kom bare ei lita mil på veg og var på omtrent 950 moh.

Rimeleg kaldt desse dagane og skoa var ganske så frose etter ein heil dag under snøen. Då eg skulle vidare dagen etter merka eg at det kunne bli problem med å få varmen. Hadde av venstre sko for å masere foten og det hjalp litt. Det gjekk meir nedover og etter nokre kilometer kom eg inn i bilspor og brøyta veg. Då gjekk det veldig fort nedover. Følgte vegen ned til Slangen seter og tok så vegen oppover igjen mot bygda Skåbu. Vèret var kjemebra og området var veldig idyllisk. Nådde ikkje samvirkelaget, men handla litt på bensinstasjonen.

Det var 27 km ned til Vinstra og eg skulle nesten ned dit før eg tok ein indre veg mot Kvam. Tenkte eg iallefall kunne gå eit stykke nedover. Det var stort sett nok snø, men det knistra godt nokon gonger då stålkantane traff asfalten. Då det mørkna tok eg fram hovudlykta og fortsatte. Såg etter teltplass, men det var bare skog og bratte fjellsider med spredte hus og hytter. Det siste stykket ned mot Vinstra var ein 3 km bakke med 8 prosent helling.Kjørte nedover på høgre side av vegen og det gjekk raskt, nesten for fort. Måtte plogbremse heile vegen! Heldigvis lite trafikk, så det gjekk temmeleg greit. Kom inn på ei skiløype og satte sporenstraks opp teltet like mellom denne og vegen. Føtene hadde blitt ganske misshandla i løpet av dagen og hadde vore kalde ein del timar. Ingen forfrysning eller noko slikt. Litt dårleg blodomløp i den eine storetåa viste det seg seinare, det fikser seg ganske raskt. dag var det bare ei mil til Kvam og eg kunne følge skiløypa eit stykke nordover. Sol og fint, men litt kald trekk i dalføret. Stort sett snødekke i kanten av vegen, så det gjekk greit å koma seg til Kvam. No er eg her på kroa og ser på curling i OL. Etappen var utfordrande på forskjellig vis, merker at eg har vore lenge på tur. No har eg bare hatt to dagar i ro sidan starten, den eine vèrfast i teltet. I tillegg har eg hatt nokre korte dagar, sliksom idag, det hjelp også på. Utan å rekne særleg på det. så har eg gått ca 600-700km, eit godt stykke på veg. No er det vinterferietid, gode vèrmeldingar og bra med snø i Rondane, så det blir nok ein fin tur vidare!

Reisebrev fra Tyin

13.02.2006 23:06

Det var altså den 8.februar eg la ut frå Finse etter eit kjemegodt opphold der.

Vèret var ikkje kjempebra, grått og ein kald, frisk bris. Det var ikkje så mange som var ute på ski denne dagen, men eg traff på eit ektepar med ein unge i pulken. Dei gjekk den kvista rundløypa om Klemsbu. Eg gjekk også i denne kvista løypa, men motsatt veg fordi eg hadde tenkt meg mot Raggsteindalen over Kyrkjedøri. At eg nok heller burde ha gått via Omsbreen til Geiterygghytta og vidare derfrå er ein annan sak. Eg kom eg iallefall opp ei rotete fjellside med mange skrentar og litt nedover dalføret slik at eg var godt skjerma viss det skulle blåse opp. Dagen etterpå fortsatte eg mot Raggsteindalen og kunne med glede sjå at deler av ruta var merka med gamle trepålar. Dette gjorde det litt enklare fordi kartet eg hadde kun hadde ruta vagt innteikna. Det hjalp heller ikkje at målestokken var 1:100.000. Nedkjøringa i Raggsteindalen var fin og føret passa bra; 5 cm nysnø og lite vindblåste skavlar.

Over Strandavatnet gjekk eg delvis i snøscooterspor, men måtte etter kvar tråkke spor sjølv. Bakken som, venta var på 400 høgdemeter og den var rimeleg bratt og tung. Kom godt over halvegs og fann ein fin stad til teltet. Måneskinnet var heilt utruleg, sjølv om det ikkje var fullmåne akkuratt. Utsikten til Hallingskarvet og dei andre fjella var fantastisk. Det var nesten ingen vind, men kjøleg vart det om natta.

Mot Djup gjekk det ganske greit, men ikkje så raskt. Etter å ha kjørt ned ein del høgdemeter igjen, så venta ein ny lang bakke oppover mot Bjordalsbu. Kom meg opp til ca 1450 moh, for så å fortsetta opp til 1620 moh dagen etterpå. Dette trur eg er daet høgste punktet eg kjem innom, forutan evetuelle toppturar.

Det siste stykket mot Bjordalsbu var det gode spor og eg tok lunsjen i hytteveggen. Herfrå burde eg ha gått til Eldravatnet ved rv 52, men eg fortsatte mot Breistølen. Her var det også fine spor, så den turen gjekk raskt unna. Det var imiddlertid ganske tungt oppover frå Breistølen og eg kom ikkje langt før eg måtte slå opp teltet. På mobilsvararen venta ein hyggeleg melding frå Jan Roar Førre, som også er ute å går Norge på langs. Han var på ei hytte opp av Sulitjelma og venta på at skredfaren skulle avta, slik at han kunne gå vidare. Vi slo av ein prat ein halvtimes tid. Eg satt i teltet, han satt på ei hytte, begge undervegs på våre Norge på langs turar. Eg fekk mange tips og råd om ruta vidare, så takk for det. Etappen mot Sulebu var drøy. Det visste eg forsåvidt frå tidlegare også, sjølv om eg då har gått motsatt veg. Det var også ikkje like lett å finne ei rute oppover, men eg huska stort sett kvar ein måtte passe seg litt. Nedkjøringa frå Suleskaret er bratt øvst, men den gjekk veldig greit og her var det også litt spor. Veldig flatt lys og noko redusert sikt var det på turen over skaret. Godt at skrefaren ikkje var så altfor stor, havna opp i ei litt bratt side like før skaret. På Sulebu var det framleis ein lunk i hytta og eg fyrte opp i omnen. Etter ein liten time kom det nokon brakande inn døra. Det var Rolf Erik Poppe og Magnus Frøysok som også går Norge på langs. Dei hadde gått frå Bjordalsbu via Eldravatn og var rimeleg glade for å koma fram til hytta. Rolf Erik virka ikkje til å vera heilt i form, så dei var ikkje sikre på kva dei skulle dagen etter. I løpet av kvelden såg vi litt på oversiktskart og fann ut at den mest fornuftige ruta mot Kvam gjekk ned langs rv 255 mot Vinstra, istaden for å kave seg over eit fjell. Så no er det alstå planen, får bare håpe at det er greit med snø i området slik at eg kjem fram med pulken. Idag rann eg ned til Tyinkrysset og det var strålande sol og kjempeforhold. Etter nokre timar på Tyinkrysset fjellstove og ein tur nedom butikken, gjekk eg vidare langs vegen mot Tyin. Neste reisebrev kjem frå Kvam om ca 5-6 dagar.

Utstyrsmessig har det meste fungert, men eg fann ut at eg treg tjukkare fingerhanskar når det er kaldt. Det var rimeleg kjøleg eit par kveldar eg satte opp teltet, så det tregs absolutt. Mine gamle langfeller sit rimeleg dårleg på skia, så det blir mykje bruk av sportstape. Har gitt Thomas i oppdrag å skaffe nye. Ellers så har den eine Outdoordesings-gamasjen delvis fått delaminert gore-tex membranen. Det spelar ikkje så stor rolle akkurat no, den fungerer like bra. Den midlertidige forsterkinga av draget på pulken fungerte utmerka. No har eg bytta ut den delen som nesten var brukken av. om nemnt i anna posting, så må også wire´n skiftast ut.

På denne etapen: 4 netter i telt, 1 natt på hytte.

Det var alt herfrå. Video kjem ikkje før eg er i Kvam, men då blir det for heile perioden. Bilde i bildegalleriet er sendt og vil dukka opp om nokre dagar.

(det siste bildet her er av månen)

Reisebrev Haukeliseter-Finse

08.02.2006 02:32

No ligg eg her inne på eit flott rom på Finse1222. Beatles’ “Here comes the sun” strøymar på frå mp3 spelaren, mens eg sit og skriv på det trådlause tastaturet til mobiltelefonen. Ganske kontrastfullt til teltlivet kan du sei.

Ikveld har eg ete god middag og tatt badstu. Det er greit med litt luksus innimellom, men telt- og hytteliv er veldig bra. Ein annan grunn for å legge seg inn for ei god seng, er å få lada opp alle duppedingsane som treng straum. Både mobiltelefon, digitalkamera, videokamera og ikkje minst satelitt-telefonen må ladast innimellom. Å redigere og sende ein mobilvideo krev også mykje straum, så det er nesten ikkje aktuelt å gjera ute i felten.

Litt om turen over vidda. Starta frå Haukeliseter 1.februar i strålande sol. Bakkane oppover gjekk raskt unna på det gode føret. Innover mot Hellevassbu gjekk det litt treigare, men kunne følge snøscooterspor store delar av turen, det hjalp på. Det var likevel litt drygt inn dit, så eg var ikkje ved hytta før i skumringa. I hytteboka kunne eg lesa om nokre av dei andre NPL-turane som hadde passert. Her var det også mykje artige NPL-berettningar frå tidlegare år. Hellevassbu er ei genial hytte for vinterbruk; godt avdelt og senger i stua, slik at nattesøvnen blir ganske behageleg.

Etter tips frå betjeninga på Haukeliseter, tok eg turen direkte mot Sandhaug via Hansbu. Det var ei grei og lite kuppert rute, kilometerane gjekk unna. Fredagskvelden nærma seg og eg visste at to vennar av meg kanskje skulle på tur i området. sendte dei difor ei melding om at eg var komen ganske langt mot rv7. Etter litt fram og tilbake, avtalte vi å møtes ved Bjoreidalshytta. Det siste stykket var det både mørkt, tåke og lite sikt. Måtte fram med gps`en for å halde kursen. Etter ein halv time skimta eg to lykter ute i mørket og ganske riktig, det var Thomas, Jon Ivar og hunden Nala. Vi satte opp telta og hadde ein fin kveld ilag, der mange turhistoriar frå tidlegare år flittig vart fortalt.

Dagen etter var vèret litt grått. Fann ut at eg like godt kunne ta følge opp til Halne, istaden for å gå via Dyranut. Leiren vart slått opp nokre steinkast frå riksvegen. Det snødde etter kvart litt og den blåste frisk bris. Brøytebilane måtte ta jamnlege turar for å halde vegen fri fro snø. Utruleg nok får 3 personar, ein hund, bagasje og ein primus plass i innerteltet på Helsport Svalbard 3. Så laurdagskvelden vart fin og lun.

Søndagen kom og vinden hadde spakna. Thomas og Jon Ivar satte kursen mot bilen på Dyranut, mens eg tok fatt på bakken opp frå Halne. Utpå ettermiddagen blåste det igjen opp, så den siste biten fram til Midtnutvatnet vart ganske frisk. I tillegg klarte eg å koma i ubalanse i ein liten bakke på grunn av flatt lys. Det førte til at pulken kom opp på sida og pressa seg forbi, med det merkelege resultat at den kjørte over draget. Noko måtte gje etter, så det eine av dei to lengste dragbitane fekk seg ein brist. Ikkje verre enn at det går fint vidare, men eg skal få ny del på Tyinkrysset. Iallefall slå slo eg opp teltet litt i ly for vinden rett nord for Midtnutvatnet. Vinden kom då omtrent frå vest. Det blåste godt i løpet av natta, men teltet stod godt, og det er hovudgrunnen til at eg har dette teltet; vindstabilitet. Vinden dreide i løpet av natta om til nordvest og lufta vart fyllt av snøføyke. Eg fann fort ut at teltet måtte bardunerast betre, så det var første oppdrag. Snøen bygde seg så ganske fort opp på teltet, ein føykemur var absolutt påtrengane. Fann fram saga og sagde blokker i massevis, stabla og snubla rundt. Det var ikkje lett å sjå så mykje. Poenget med ein slik mur er å få føykesnøen til å legga seg der og ikkje på teltet. Etter så ha gravd opp teltet, hadde klokka passert 11 og eg kunne gå inn for å laga frokost. Det vart ein god porsjon risengrynsgraut. Etterpå vart radioen satt på og her var det godt utval til å vera på fjellet: P1, P2 og P3. Trafikkradioen meldte etter kvart om kolonnekjøring på rv7 og masse snø i på aust- og vestlandet. Teltet snødde meir igjen og etter nokre sider i boka “Sorgenfri” av Jo Nesbø, så bar det ut igjen. Kvar gong eg gjekk ut vart eg klissvåt. Det var rundt null grader og all snøen smelta momentant då den traff kleda. Litt fuktig vart det også i teltet, men eg klarte å halde det nokonlunde tørt. Snøen måtte spas vekk både frå teltet og bak muren fordi det nesten varm fullt der. Bygde også ein liten vekk rett ved teltet for prøve å minske trykket mot stengene der. Det fungerte brukbart. Utpå kvelden kunne trafikkradioen melde om at rv7 var stengt for bilar under 7,5 tonn. Det vart ein Real turmat til middag og eg fyrte lenge i innerteltet for å tørke vottar og våte klede. Då brennaren slukna og ikkje ville brenna igjen, var forklaringa lite ventilasjon. Det hadde pakka seg rundt heile teltet og ventilane var heilt stappfulle av snø. Ut å måke litt igjen før eg kunne legga meg.

Seinare på natta avtok vinden og det vart stjerneklårt, men så tok det seg opp igjen. På morgonkvisten roa det seg og solstrålene glittra over fjella. Så var det bare å få tatt nokre bilde før leiren kunne rivast. Måtte spa vel lenge etter pluggane som var ganske nedsnødd, iallefall 1,5 meter på det meste.Mine 159cm stavar var også ganske vrine å få opp. I ellevetida kunne eg ta avgårde mot Finse. Det gjekk raskt og eg var framme i halv-to tida. Sola skinte og det var ganske så bra. Godt å koma innomhus, syntes det var nødvendig etter turen over Hardangervidda. 5 netter samanhengande i telt og 1 overnatting på hytte vart det på denne etappen. Ein flott tur over vidda vart det. Og no bærer det vidare nordover, men eg tar ein etappe om gongen; synes det er greit å ikkje tenke for langt fram. Takker for alle helsingare som kjem! tydelegvis ein del som følg med og det er jo hyggeleg. Det var alt frå Finse i dene omgang. Neste reisebrev kjem frå Tyinkrysset. No ventar skarvheimen…

Reisebrev fra Haukeliseter

31.01.2006 23:55

No sit eg her framfor skjermen og skriv. Idag har eg bare slappa av og tatt det veldig med ro, veldig godt etter lange dagar i fjellet. Sola har stått på her heile dagen og det har rett og slett vore ganske idyllisk her. I solveggen slo eg meg til og kunne sjå ut på folkehøgskulegruppa som dreiv med kiteing ute på vatnet. Ei anna gruppe hadde skredkurs, så det mangla ikkje på aktive folk rundt hytta. Bildene frå turen er blitt lagt ut på internett gjennom ei heller smal linje ut på nettet, mobilvideoen blir også pressa gjennom den samme linja (EDGE, eller “internett via mobiltelefon” om du heller foretrekk ei slik forklaring)Så må eg fortelja litt om turen. Eg har jo lagt ut daglege oppdateringar i bloggen, men det blir gjerne små og faktaorienterte meldingar.

Alt i alt har det vore ein kjempebra tur sålangt. Mange fine minner, både frå solrike dagar og meir utfordrande situsjonar. Eg var relativt heldig med vèret på dei meste utsette rutene, så eg slapp å ligge å vente på betre vèr. Det å gå åleina har gått veldig bra, føler ikkje at det er noko problem. Litt uvandt i starten, men etter kvart var det ganske så normalt. Har hatt radioen på litt om kveldane for å ikkje vera heilt isolert frå omverda og så har eg fått mange fine meldingar formidla via mobil og satelitt. Tydelegvis mange som følg med og det er jo veldig kjekt!

Snø og atter snø

Ljosland fjellstove har alt ein “Norge på langs”-traskar treng; God mat, dusj og ein avslappande sofa. Dei aller fleste NPL’arar legg turen innom denne trivelege fjellstova på sin ferd mot nord. På veggen hang det eit skilt der det stod “Norge på langs sessongen er igang”, med bilde av dei andre som har starta på den lange ferda mot nord dette år. Og eg fekk nok også eit bilde her etter at eg kom meg avgårde.

Dei siste dagane hadde det snøa kraftig på sørlandet. Det var ei konstant snøbyge som varte i fleire dagar og snømengda voks kollosalt. Eg visste at det kom til å ta tid innover fjellet i slike forhold og den vurderinga var ikkje feil. Etter å ha tatt ein roleg føremiddag med pakking av utstyr, kunne eg ta mine første stavtak i halv-to tida torsdag den 19.januar. Oppover mot Langevatnet går det ein veg og eg fulgte opptimistisk eit scooterspor oppover denne. Snøscooteren hadde tydelegvis gitt opp etter nokre hundre meter, så då var det bare å brøyte spor sjølv. Snøen bar ikkje og den rakk til tider opp til hofta. Det var like greit å gå utan ski, fordi det var vanskeleg å få skituppane opp på overflata. Med pulken på slep kom eg meg iallefall nesten 3km oppover. Etter nesten ein times basking i nysnøen i lyset frå hovuvdlykta, så vart teltet vart satt opp. Eg var glad for dei 50cm lange snøpluggane eg hadde med, fordi det var uråd å få andre ting til å feste seg i snøen. Dagen etter kunne eg konstatere at demingen ved Langevatnet var rett rundt svingen. Opp til vatnet var det ein lang bakke og for i det heile å koma fram, så måtte det brøytast spor. Tok også ein rekogniseringstur ut på isen for å finne ein farbar veg ut over vatnet. Isen var bra trur eg, men det var ope ved demingen og det var tendenser til overvatn over det heile. Til fots klarte eg så å få pulken opp bakken og ned på isen og då hadde det allereie tatt eit par timar frå eg starta. På andre sida av vatnet venta bjørkeskog langs ein bekk. Det vart mørkt og eg måtte slå opp teltet.

Dagen etter vakna eg opp til drøymevèr, sol og knall blå himmel. Kombinert med all nysnøen var det veldig flott. Brøyta spor vidare i snøen og gjekk så tilbake for å henta pulken. Slik gjekk ferda opp og ned mellom små og store vatn. Etter kvart vart føret litt betre fordi snøen pakka seg litt saman og det gjekk lettare. Den fjerde dagen kunne eg endeleg ta meg heilt inn til Gaukhei. Hadde bare gått 3 timar den dagen, men tok heller ein roleg ettermiddag for å så starte tidleg neste dag. Det var bra med ei natt inne etter 3 netter i teltet, men teltlivet fungerte utmerka, så eg hadde ingenting å klage på eigentleg.

I farta

Vidare mot Øyuvsbu og Håhelleren var føret upåklageleg bra. Det gjekk fort unna på langstrakte vatn. Fekk prøvd pulken i nokre bratte bakkar ned mot Håhellervatnet og det gjekk veldig fint. Håhelleren turisthytte var ganske artig, men trekkfull. Ytterdøra slo rett inn i stova, så varmen forsvant fort ut den vegen. Fekk likevel ganske god varme i hytta etter kvart. Vidare mot Taumevatn var det overskya vèr og over 950 moh var det ganske så vindfullt, dårleg sikt og snø som blåste rett i fleisen. Etter først å ha kryssa ei litt bratt side i ein bekkedal, kom eg meg vidare innover og måtte etter kvart ty til GPS’en. Det fungerte bra og eg kom meg no fram, sjølv om det var utfordrane når det i visse periodar var totalt “whiteout”. Det hjalp godt at kvisteruta var innteikna på kartet, men likevel var det mykje å passe seg for, t.d. skavler, inn- og utoser og bratte skråningen. På Taumevatn, som ligg lågare i terrenget, var vèret betrakteleg betre. Her traff eg to karar som dreiv å isfiska ute på vatnet. Kjekt å treffe folk etter ein del dagar heilt åleine.

Turen mot Kringlevatn vart vindfull. Dagen starta i glittrande sol, men når kotane rundt 900moh på kartet vart passert, så var vinden meir enn frisk. Antar at det blåste iallefall liten kuling - og det midt i mot. På med ansiktsmaske og stormbriller for slik vind er kald å få i trynet. Fulgte vardane på sommarruta opp mot Storevatn, eller det var iallefall det eg trudde. Imiddlertid havna eg litt for langt nord, men då eg oppdaga dette, så viste det seg å vera ein snarveg forbi sjølve turisthytta ved Storevatn. Iallefall så var det bare å fortsetta og det gjekk greit unna. Passa meg vel for eit par bratte skavlar i Hudadalen (noko det var advart om i ruteskildringa). Lyset ebba for alvor ut då eg ankom Kringlevatn, etter å ha gått ganske hardt på dei to siste timane for å nå fram til hytta.

Påskevèr i januar

Skyene holdt seg unna og vinden spakna nesten heilt. Vidare i retning Storesteinen var det verkeleg påskesteming, skikkeleg knallfin dag i fjellet. Utsikt ut over kvitkledde toppar så langt auga rekker. Min plan var å gå Steinbuskaret mot Hovatn, istaden for å gå via turisthytta Storesteinen og over Blåsjø. Bakken opp til skaret var temmeleg lang, men med sol og greit føre gjekk det relativt enkelt. Litt meir problem å finne ein god trasè nedover etterpå, men det gjekk greit. Store skavlar i Grasdalen, så her vil eg passa meg vel viss det er skredfarleg ved eit seinare høve. Ruta over Steinbuskaret synes eg er ei “godvèrsrute”, ville ikkje ha rota her i null sikt iallefall (den kvistes ikkje lenger pga villreinen)

Steinbuskaret

Turisthytta på Hovatn var ein real fryseboks, så eg burde nok heller ha slått opp teltet. Eg var første besøkande på 3,5mnd! Fekk ikkje opp døra til uthuset der veden var lagra, så det vart litt rasjonering med veden som allereie var i hytta, slik at nestemann også skal få litt varme. Flott utsikt ut over Blåsjø på veg til Vassdalstjern. Det passerte ein snøscooter nokre hundre meter frå meg eit stykke før Krossvatn. Mange små kollar og litt uoversikteleg til tider, men eg kom greit fram. Slo opp teltet 3km nord for Krossvatn, slik at eg korta litt ned på den forholdvis lange etappen mot Bleskestadmoen, Det var forøvrig her det var 12 kuldegrader om morgonen og etter ein halvtimes fyring i innerteltet, så var temperaturen noko meir sydleg, omtrent +27 grader inne i teltet. Sola kom også denne dagen og turen oppt i 1200meters høgde var kjempebra. Snønuten og alle dei andre toppane var flott å sjå på mens eg rusla over vidstrakte vatn. Nedkjøriga mot Krokvatnet viste seg å vera problematisk. Det var mange små skavlar og mykje skråkjøring. Det likte pulken særs dårleg, då det i tillegg var hardt og avblåst. Eit par gonger tok pulken nesten ein 540 graders rotasjon, men heldigvis er drages svært solid, så det gjekk bra. Langt om lenge etterpå og etter mykje roting i kronglete terreng, så kom eg då ned ein ganske så bratt og knallhard bakke det siste stykket ned til Krokvatnet. Tida hadde gått fort og det vart fort kveld. Opp med teltet og ned i soveposen.

Jojo-rute

Med nedkjøringa frå dagen før i føtene, bar det oppover igjen til godt 1000 meter, før nedkjøringa til Bleskestadmoen på 700moh venta. Gjennom kronglete skog og ei litt bratt skogkledd fjellside, så var eg nede. Her var det spor etter paret Gulliås, som også går Norge på langs, Kunne følge spora oppover igen, men det var kronglete i skogsterrenget. Føret var sikkert også noko hardare enn då dei gjekk oppover, så litt anstrengane var det til tider. Over Sandvatnet og Holmavatnet var det merka og i tillegg scootersport (pga regulert vatn og fare for dårleg is). I stort tempo tok eg meg over vatna og nærma meg Holmevasshytta i det det vart heilt mørkt. Dei siste kneika på 40 høgdemeter opp frå vatnet var tung, men eg kom meg opp i lyset frå lykta. Hytta ligg på ca 1140moh. På hytta vart det pannekaker til både middag og frokost, ganske så bra!

Haukeliseter

Den siste etappen mot Haukeliseter trudde eg skulle vera ganske lett. Imiddlertid var det litt skyer og tåke då eg starta, men ved å følge spor kom eg meg greit mot Turistskaret. Det letta litt og det var grei sikt, imiddlertid var det svært jordmørkt og nedkjøring vart vanskeleg. Omtrent komplett umogleg å sjå kva so var skrenter, skavlar eller bare ein slak bakke. Pulken var også noko vanskeleg å hanskast med og eg var glad då eg kom meg ned det verste stykket. Lengre nede traff eg på ein snøscooter frå Haukeliseter, som var på rekogniseringstur. Fine spor heilt til fram til hytta og eg hadde også god tid. Eg rusla forsiktig dei siste kilometrane og kunne snart ta ein varm dusj på Haukeliseter. Det var ekstremt bra! Mor og far kom etter kvart også opp og vi hadde ein fin kveld med treretters middag. Oppholdet på Haukeliseter har vore avslappane og eg har fått nye krefter til å legge ut på turen over Hardangervidda. Ein del praktiske ting eg også fiksa på, så no er alt klart for fortsettelsen av Norge på langs.

Haukeliseter

Utstyr

Det meste har i all houvdsak fungert bra, det vera seg telt, pulk, primus mm. Nokre ting har eg ikkje fått brukt for, så litt “dødvekt” vil bli sendt heim. Pulken var litt tung i starten, men etter kvart kom det seg veldig. Eg har ikkje veid den, så vekta blir bare gjetting. 50kg kanskje? Pulken fekk mykje juling til tider, men har tolt det veldig bra. Teltet har fungert meget godt, einaste er at bardunane surrer seg litt saman ved inn- og utpakking, men det har eg fiksa på nå. Skia har vore god, litt problem med at fellane losnar, så det har blitt litt tapeing.

Det vart nesten 50/50 telt- og hytteovernatting på denne etappen 5 i telt 6 i turisthytte

Fleire bilde i bildegalleriet

Video frå turen (Du treng Quicktime/Itunes frå apple for å spela av)

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0644.JPG

Date: 27.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006