Reisebrev Kilpisjavri-Maze-Skaidi

01.05.2006 23:11

21.april starta eg frå Kilpisjavri i Finland. Det var mykje folk i fjellet i området, både på scooter, men også ganske mange på ski! Den første dagen gjekk kilometerane unna i gode spor. I kveldinga traff eg på ei gruppe hollanske skiturister! Dei var på veg til den høgste toppen i Finland, Hilti, forøvrig ein ikkje særleg høg eller vanskeleg topp samanlikna med norske og svenske toppar.

Mot grensa til Norge gjekk eg i få spor og det var til tider litt råtten snø. På grunn av eit dalføre er det bare eit par stadar det er praktisk å krysse over til Finnmark. Eg gjekk til turisthytta like ved grensa og her var det opning i reingjerdet også. Litt kronglete opp eit stykke, men så vart det skikkeleg vidde innover.

Kom inn i scooterløypa mot Kautokeino, men tok snart av i retning Maze. Det var meir småkuppert og mykje meir skog enn eg hadde rekna med. Vidda er på ingen måte flat, men det er ingen store fjell heller. Dagane til Maze var prega av tendens til gjennomslag i snøen og ein del roting i skogen. Den store elva Mazejohkka var delvis opne og eg holdt meg klokleg langt unna isen der. Ellers kryssa eg sikkert 10 reingjerder, noko som kan ta litt tid. Desse gjerdene deler vidda inn i seperate deler og eg synes det er litt merkeleg at det knapt nok finns opningar. Løysninga vart anten å løfte/skyve pulken over, eller kaste ting for ting over og så pakke pulken på ny. Uansett litt irriterande operasjon!

Maze / Masi

Ned til Maze tok eg scooterløype, som går på gamlevegen. Nede i dalen var føret ganske dårleg, snøen var i ferd med å gå. Rakk akkurat butikken før stengetid kl 16, men den hadde også kveldsope ein time mellom 19 og 20. Her henta eg pakken med sekken og diverse utstyr. Eg fekk skyss bort til turistsenteret og lånte ei hytte der. Så var det å pakke om og prøve å få sekken lettast mogleg. Det var ikkje lett, eg burde nok ha bytta ut både telt og sovepose. Sekken vart iallefall litt for tung til slutt. Det har gått hardt ut over skiskoa på turen. Den høgre skoen har løsna frå sålen, så eg måtte tape denne. Skulle nok ha limt den også, men eg oppdaga det like før eg skulle gå vidare.

Dagen etter drog eg pulken tilbake til butikken og fekk god hjelp til å pakke den inn og få sendt den med posten. Eg gjorde også innjøp for turen til Skaidi og eg var faktisk imponert over utvalet i butikken. Dette var andre saker enn Kikpisjavri ja! I cafeen like ved, fekk eg meg ein porsjon reinsdyrskjøtt. God kost for ein fjellvandrar. Maze, eller det fornorska namnet Masi, er ei samisk bygd med omlag 300 innbyggarar. Her gjekk det i samisk mellom dei fleste som stakk innom butikken. Ellers var det litt artig å sjå at nokon hadde reinsdyr gåande i hagen!

Det første stykket gjekk langs vegen og det var ganske tungt, sidan skia då også var på sekken. Tok så scooterløypa oppover. Etter ei stund kom ein scooter med ein tungt lasta slede. Dei prøvde å ta eit spor litt utanom meg, men endte opp med å kjøre seg fast. Det tok ein halv time før dei passerte meg igjen…

Løypa kunne eg følge eit godt stykke, men så var det slutt. Gjennomslag og dårleg føre gjorde at det gjekk rimeleg seint. Dagen etter kom eg meg til Lesjavri og tok ein tidleg kveld for å heller gå over innsjøen om natta

Det vart ikkje skikkeleg nattefrost, men eg la iveg klokka 2 likevel. Først var eg veldig i tvil. Det var mykje overvatn der eg gjekk utpå og det såg ut til å bli ein vanskeleg tur. Vurderte ei stund å heller gå i retning Alta, men fann ut at eg skulle gjera eit forsøk. Haldt meg stort sett i kanten og forholda var noko betre her. Etter 5 timar var eg over og kom til ei hytte. Her var ei gruppe finske isfiskarar klar til å reise ned frå fjellet. Dei såg den alt for tunge sekken min og tilbydde meg eit sklibrett. Eg takka villig ja og kort tid etter hadde eg fått tjora fast sekken på dette. Så bra å møte slike folk i fjellet! Fekk også lov til å slappe av på hytta nokre timar, takk til Ole Julius for det.

Etter tre timar var eg igjen på farten. Etter ein times tid kom eg opp til leiren til nokre samar. Dei dreiv å flytta reinflokken sin på omlag 1000 dyr nordover til sommarbeite i Hatter ved Skaidi. Trivlege folk som ga gode råd om vegen vidare. Eg fekk også vite mykje om korleis flyttinga foregår. Dei hadde med seg to scootercampingvogner og i tilleg ein stor lavo. Leiren flytta dei med jamne mellomrom og det varierte veldig kor langt flokken vart flytta. Det kom ann på føret og beitforholda. No forflytta dei seg sakte på grunn av godt beite.

Anders Sara, på bildet, hadde vore med på denne flyttinga heilt sidan han vart fødd!

Vidare utpå dagen var føret ganske dårleg. Rota meg ned i dalen, men kom etter kvart inn på ei scooterløype. Plutseleg vart det veldig folksomt, med mange Gomper (campingvogner på slede), scootere og litt hytter. Dette er utfartsstaden for Altaværingane og mange låg i telt langs Stabbursvatna. Alle hadde kome inn på scooter, forutan ein ung friluftskar.

Eg såg nok ganske trøtt ut då eg kom til nordre Stabbursvatnet. Ein kar ropte ut om eg ville ha litt kaffi og eg takka gladleg ja. Det var ei farleg råk i isen pga ei elv akkurat der, så han kom over på scooteren for å vise at eg måtte gå rundt. Eg vart sittane inne på hytta til desse hyggelege Altaværingane og fekk snart tilbod om å overnatte. Reker vart det til kvelds og sidan karen var ansatt i eit bakkehandlingsselskap på ein flyplass, så gjekk praten ganske livleg om fly. Takker for gjestfrihet og god mat på Minkenhytta!

Det var rundt 0 grader om natta, men det vart fort bløtt igjen på formiddagen. Gjennomslag og tungt vidare. Måtte gå eit stykke tilbake med ein hund som fullgte etter meg. Den var av typen som absolutt ikkje ville klart å finne ut at den skulle tilbake sjølv og eg kunne ikkje drasse med meg den over fjellet.

Etter ei stund traff eg igjen på folket som flytta Skaidi-reinflokken. Hammerfestflokken hadde passert dagen før, så no var det fine spor å følge. Ein del overvatn, men i spora var det greit. Kom over til Bokhusjavri og der møtte eg isfiskarar. Nokon på scootere, men også to på ski. Dei tilbydde meg fisk eg kunne ha til middag og det smakte veldig bra. Eg fekk også litt bensin. Trivelege folk!

Isfiskerane gjekk avgårde kl 2, men eg drøyde det til 04.45. Først fullgte eg spora til Hammerfestflokken, som nett hadde flytta seg. Tok igjen denne og skulle så eigentleg gå mot Leaktojavri. Imiddlertid var føret då så dårleg og det var så mykje overvatn nede i dalen, at eg ombestemte meg. Eg fullgte spora ned til Okselv ved E6 om måtte såleis ta ein tung spasertur på veg ned til Skaidi. Turen ned dit var våt. Hadde vatn opp på leggane fleire gonger og måtte gå rundt bekkar og vatn, men hadde spor å følge.

Nede ved E6 pakka eg alt i sekken igjen og la igjen sklibrettet. Det hadde gjort sin nyte og det fungerte overraskande bra.

Traskinga langs vegen er det ikkje så mykje å seia om, forutan at det var tungt. Sola skein og det var varmt og fint, men det gjekk litt ut over føtene. Kom meg likevel ganske greit ned til Skaidi og herfrå skal alt vinterutrustninga bli sendt heim.

Etappen over vidda var fin, men det var til tider litt frustrerande. Vær og føre rår ingen med, så eg prøvde bare å gjera det beste ut av det. Å treffe på flyttsamane med store reinflokkar var også interessant

No er det 156 km til Nordkapp!

5 kommentarar til “Reisebrev Kilpisjavri-Maze-Skaidi”

  1. per martin

    May 2nd, 2006 20:44

    Målet i sikte. Fantastisk, for oss som har fulgt deg hver dag ser det jo ut som om ingen ting forhindrer deg i å nå målet. Det må bety at alt har vært prikkftitt planlagt og støtteapparatet hjemme på Bryne har fungert 100% sammen med postverket!
    Velkommen til topps!
    Full av beundring!

  2. Olav

    May 2nd, 2006 19:15

    Takk for kortet eg fikk før helga, som kom fra Maze/Masi. Ja, nå har du ikke langt i land til Nordkapp. Men det er godt du er forsiktig rundt elver nå i vår løsninga. Du får ha fortsatt god tur som fjellvandrar i Finnmark.

  3. Po(t)eten

    May 2nd, 2006 16:17

    Midnattsol, kom til meg
    Midnattsol, her eit steg
    Midnattsol, varm mitt kinn
    Midnattsol, sommar linn

    Midnattsol, himmel blå
    Midnattsol, kan du spå
    Dag og natt, vert til gull
    Spå om sol, kom og tryll

    Midnattsol, ta kontakt
    Send MMS, skriv kontrakt
    Diggar deg, strål mot dag
    Ser du skin, kan ditt fag

  4. Oddbjørg Maudal

    May 2nd, 2006 08:24

    Det er litt av ein tur du er ute på.Håper
    det går greitt siste delen fram til Norkapp .
    har følgt deg på reisa nordover.

    Velkommen heim igjen.

  5. St.

    May 2nd, 2006 08:16

    Fantastisk reisebrev, Ragnar! Du er reine journalisten… Takk for fine, stemningsfulle bilete og ein innhaldsrik tekst. Du har takla mange utfordringar undervegs, ikkje minst på turen gjennom Finnmark. Flott at du har delt dette og meire til med oss. Lukke til med den siste biten fram mot 71 grader nord!!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0712_001.JPG

Date: 31.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006