Framme i Abisko

13.04.2006 21:53

Kom idag ned til Abisko turiststasjon. Ein del vind inatt, men utpå morgonen løya vinden og det var stort sett sol og fint resten av dagen. Påsken har til no bydd på mykje fint vær og utruleg fine fjellområde.

Frå Ritsem hadde eg fortsatt følge av Mads og Morten Christensen og dagsetapane har vore akkurat passe. Har hatt fine ettermiddagar med sol og matlaging utandørs. Sjølv om det har vore sol, så har det vore kjøleg å sette seg ned, så dunjakken har vore flittig brukt. Verkeleg herleg å sitte ute i soveposen og sjå på sola som går ned over fjella!

Rundt Ritsem var det fleire snøscootere enn folk på ski, vi møtte bare 5-10 om dagen. I Padeljanta nasjonalpark møtte eg faktisk ingen andre på ski, utanom dei som samtidig med meg kom opp frå Sulitjelma. Kungsleden mellom Abisko og Kebnekaise fjellstasjon virker til å vera hovedruta for påsketuristane her i området. Utruleg mange på ski! Svenskane har verkeleg vist at dei kan meir enn scooteråking.

Igår ettermiddag tok Mads og Morten ein tidleg kveld, då dei ikkje ville koma ned til Abisko før på fredagen. Eg gjekk nokre kilometer vidare og fekk ein fin tur den resterande delen ned idag. På turiststasjonen her i Abisko er det veldig fint og ein god del folk. Var borte i Aibisko-østre for å handle og hente pakke (2 km herfrå) Der var det ganske kaotisk; Støy, bilar, scootere, eksos og kø inne på den altfor varme butikken. Nesten så eg er blitt allergisk mot slike forhold og det skal bli godt å koma opp på fjellet igjen!

Her på turiststasjonen er det utlån av ein pc med internettt, så eg har fått fiksa ein del på sida. Skal sjå om eg ikkje får mesteparten opp å gå igjen før eg tar avstad imorgon. Reisebrev kjem seinare, har mykje å skriva om heilt frå Hattfjelldal og hit, men trur eg skal skrive det litt gradvis. Det kjem altså litt seinare tenker eg. Video kjem sansynlegvis frå Treriksgrensa eller Kilpisjavri, er avhengig av norsk mobildekning for å få sendt den.

Går imorgon sansynlegvis over Tornetrask og vidare i “påskeruta” i indre Troms, via Altevann. Litt lengre enn via Sverige, men det blir nok ein kjempebra tur. Litt skiftande vær no, men skal ikkje klage, mykje sol har det blitt!

Bildene er tatt dei siste dagane, på veg mellom Ritsem og Abisko Det var alt for ikveld. Ønsker dykk alle ein fortsatt god påske!

Idag: ca 25km, 5 timar

4 kommentarar til “Framme i Abisko”

  1. Siv T.Lillebø Danielsen

    April 14th, 2006 22:55

    Hei igjen Ragnar!
    Det er kjempe kjekt å lese om de flotte opplevelsene dine. Vi følger spent hver dag.
    Når begynner din neste lang tur?(he,he)-vi må
    jo ha noe kjekt å lese på nettet.
    I morgen skal vi renne på “nedover ski”.
    Vi håper på fint vær. Kan du sende oss litt sol? Lykke til videre!

  2. Liv Hetland Hoff

    April 14th, 2006 20:39

    Hei
    Flott å følga med deg, det nærmer seg. Det er nok utvilsomt du som har hatt og fortsatt vil få det beste påskeveret. Det har blitt to fotturer på oss med påske, i går til Vårlivarden i øs pøs regn.I dag frå Hana via nokre topper til Bjørndalsfjell med flott utsikt over heile Lutsivassdraget. Ein distanse på ca 20 km?, 4,5 time og med litt sol. Har hatt med Gunvor og Martin som drahjelp. Resten av påsken er det jobbing for meg. Fortsatt god tur og god påske. Liv

  3. April 14th, 2006 20:13

    Heisann Ragnar!
    Følger med så godt jeg kan, men du er jo helt vill til å skrive. Kan vel nesten bare dumpe alt rett til trykkeri, og gi ut bok til 17. mai? ;-)

    Håper du får en fortsatt fin påske, og at du ikke møter for mange gærninger på scooter på veien nordover…

    -lars

  4. St.

    April 14th, 2006 17:13

    Flotte bilder, Ragnar! God tur videre mot indre Troms. Siden serveren tydeligvis er ustabil for tida, nytter jeg anledningen her og nå. I dag skinner sola igjen over Jæren. Måtte soløyet følge deg i dagene som kommer…

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0450.JPG

Date: 21.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006