Hammerfest

02.05.2006 22:21

Dagen starta med frokost på Skaidi Arctic hotel, eller Repparfjord hotell som det eigentleg heiter. Det såg nesten ut til at eg var den einaste gjesten på dette koselege hotellet, men likevel var det eit rikhaldeg frokostbord som var satt fram.

Litt over ni tok eg bussen innover til Hammerfest. Det var strålande vær og utruleg flott utover. Fjord og snødekka fjell i kombinasjon med blå himmel, er veldig fint. Når ein legg på små hus og spredt bebyggelse langs fjordane, blir det verkeleg nydeleg.

Det tok ein times tid inn til sentrum. Her var det mykje folk og veldig varmt. Gjekk rundt i t-skjorte heile dagen og det var verkeleg herleg! På postkontoret fekk er polstra og pakka inn skia, samt stappa resten av tinga ned i ein norgespakke. Nesten 16 kg vart sendt sørover. Eg hadde god tid fordi bussen tilbake ikkje gjekk før kl 15. Først var eg på jakt etter gode sko. Kom inn i ein skikkeleg sko-butikk og her traff eg ein kar som hadde peiling. Han fann fram eit par som “eg nesten garantert ville bli fornøgd med”. Det var eit par Asics joggesko beregna på lange asfaltløp. Litt stiv pris, men det er det ofte på gode joggesko. Ellers var eg innom biblioteket og fekk lånt ein pc. Det er faktisk førte gong sidan eg lånte internettilgang ein halvtime på butikken i Hattfjelldal! Uheldig vis var det noko galt med programvaren, så eg fekk ikkje lasta den sida som var nødvendig for å fikse bildegalleriet på nettsida… Ellers tok eg ein runde i byen. Den er ikkje så stor, men det var veldig fint. Langt kaiområde og mange små butikkar. Den enorme Snøhvit-prosjektet har gitt Hammerfest stor aktivitet. På Melkøya skal store mengder LNG, naturgass, bli behandla og laste på skip. Øya er godt synleg frå sentrum og frå det vesle byfjellet var det endå bedre utsikt. Eg gjekk Sikk-sakk vegen rett opp og var glad det var rekkverk, fordi det var litt snø og is! På toppen hadde Statoil satt opp ein stor kikkert med 30 gongers forstørring. Så med denne kunne Melkøya studerast nærare. Det var stor aktivitet og mange folk i sving.

Klokka 16 var eg tilbake i Skaidi. Pakka sekken og den vart meir leveleg no, sjølv om eg no har med masse mat. Skoa viste seg å vera bra ogg det gjekk greit oppover langs vegen. Litt gangsperr etter forrige dagers vandring. Då eg fann ein fin teltplass litt over åtte, var saken klar. No har eg nett hatt pannekaker og skogsbacon til middag. Imorgon går eg ned til Olderfjord og vidare nordover. Om nokre dagar kjem eg kanskje til å møte på ein sørgåande NPL-traskar. Det var iallefall ein som starta frå Nordkapp igår.

Idag: ca 14km, 3,5 timar

4 kommentarar til “Hammerfest”

  1. May 5th, 2006 07:13

    Lykke til med innspurten!
    Våren er godt igang i Lierne også. Hestehov, krokus,bjørn og et yrende fugleliv.

  2. Birgitte

    May 4th, 2006 12:34

    Hei Ragnar! Så spennnende å høre om din lange ferd fra sør til nord! Du er barsk!! Lykke til med de siste dagene, og nyt freden mens du ennå er underveis! Og kom gjerne til Bergen og hold et aldri så lite foredrag om erfaringer, opplevelser og annet snacks. Klem Birgitte

  3. inger

    May 3rd, 2006 00:14

    Hei Ragnar!
    Det er bare SÅ gildt å lesa bloggen din! Eg overnatta også på Repparfjord hotell etter ein sykkeldag frå Havøysund i plaskregn. Eg tok hurtigruta dit frå Honningsvåg for å unngå tunellen. Ellers kan eg anbefala ein tur til Knivskjellodden. Det er kanksje ikkje mogleg nå utan ski? Fantastisk skue mot Nordkapp-platået derifrå! God tur den siste biten! Litt av ein bragd!!Eg skulle gjerne teke imot deg på Nordkapp! Håpar du har tenkt å dela tur-opplevinger med oss når du kjem heim.

  4. Ingbjørg

    May 2nd, 2006 22:36

    Hei Ragnar!
    Dette var interessent, hørtes kjekt ut med litt avveksling en dag. Eg forstår meg ikkje på - sommer allerede der nord! Godt og viktig du har fått gode sko. Nyt den siste “beden” så godt du kan, jammen ikke lang igjen nå.

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0705_001.JPG

Date: 31.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006