Reisebrev Hattfjelldal-Sulitjelma

20.04.2006 21:58

Ein lang og fin ettappe har det vore frå Hattfjelldal til Sulitjelma. Dette reisebrevet er litt forsenka, men bedre seint enn aldri.

23.mars la eg avgårde. Sola fulgte meg opp til det store Røssvatnet, men så kom det meir skyer inn. Det var ganske drygt å gå over innsjøen og eg var trøtt då eg kom fram til Steikvasselv. Her var det lite lys, straumen hadde gått. Overnatta i eit flott hus på garden. I løpet av natta hadde det kome ein god del snø. Opp den første kneika fekk eg litt hjelp med pulken. Vidare oppover var det tungt og det var ein del vind. Snøen pakka seg litt etter kvart, så det vart lettare.

Okstindan

Vakna opp til fantastisk panoramautsikt til Nord-Norges høgste fjell, Okstindan, med Oksskolten som den høgste toppen (1916 moh). Over Grønvatnet og til Umbukta var det fortsatt ganske tungt i nysnøen. Slo opp teltet eit stykke før fjellstua. Ein kald og fin kveld i teltet, med nordlys som dansa flott på himmelen utanfor.

Tok ein kviledag i Umbukta. rusla bort til fjellstua og fekk eit flott rom til ein billeg penge. Dagen etter var det ein god del vind og turen opp til Sauvasshytta vart ganske tung. Opp i sterk kuling og snøfokk, men med ansiktsmaske og stormbriller kom eg no greit fram. Rana turistforening har veldig fine hytter i fjellet og oppholdet på Sauvasshytta vart fint. Været vart ikkje betre, så eg venta ein dag på mindre vind. Vinden løya ikkje, så då var det bare å gå vidare. Framleis føyka det såpass at ansiktsmaske og briller måtte til om ein skulle ta ein liten tur utandørs. Vinden tok verkeleg tak innimellom fjelltoppane. Ned Ivakskaret var det isete nedst, så det vart basketak med pulken nedover. Det endte med ei knekt stang på pulkdraget. I Kvitsteindalsen var det mindre vind, men på turen opp til Virrvasshytta så var vinden igjen på plass.

Fjellrev

På ettermiddagen på veg til Virrvass, så løya vinden og sola kom fram innimellom. Plutseleg fekk eg auga på noko kvitt som tok eit par byks, før det rusla sakte vekk frå meg. Det var ingen tvil, dette var ein liten fjellrev! 150-200 meters avstand og eg såg den vel eit halvt minutt før den runda rundt ein liten kolle. Var heldig og hadde vinden imot meg, så det var nok difor eg fekk sett den. Fjellreven er veldig sjeldan og direkte trua art i Norge. Den er også ganske sky, så det er litt spanande å ha fått oppleva den i levande live.

Virrvasshytta

Det var helg og ein del folk på denne store hytta. Vart påspandert god middag og det var hyggelege folk på hytta. Ein del skulle isfiske, mens nokon andre skulle vidare på ski.

DNT-sentralstyre på Bolna

Vart anbefalt å gå ruta ned til Bolna på mi ferd nordover. Ganske greit å gå, men hardt og ujamnt føre. Ein svært vanskeleg kryssing av ein bekkedal og litt bratt ned til Bolna, men det gjekk no bra. Hadde høyrt nokre rykter om at styret i turistforeningen skulle vera i området, og det viste seg å stemma. Eg kom til ei fullpakka hytte med folk som eg tidlegare bare har sett på tv. Sentralstyret hadde middag på turisthytta og var godt oppverta av lokale folk frå Rana turistforening. Eg vart straks tatt inn i varmen og fekk ein skikkeleg porsjon middag. Folket var også veldig interessert i å høyra om turen og det vart ein hyggeleg kveld.

Fann meg ei ledig køye og fekk ein solid frokost og ein varm lunsj før eg tok til å traske vidare. Fekk også med meg ei heil sjokoladekake og den kom veldig godt med - porsjonane med lunsj minka kraftig sidan eg hadde brukt nokre dagar ekstra. Sidan det var litt bale å gå med pulken dei første kilometrane, tilbudde dei svært hjelpsomme folka frå Rana turistforening seg å kjøre pulken opp til Lønnsdal. Dermed kunne eg gå oppover dalen med dagstursekk. Været var strålande og eg bestemte meg for å koma tilbake til Saltfjellet på påsketur ein gong! Verkeleg nydeleg dag etter ein god del dagar med vind.

Polarsirkelen

Kryssa polarsirkelen like ved toglinja og hadde eit lite snø-ansiktsbad for å feire dette. Følte at eg verkeleg hadde kome langt, men visste jo at det var langt igjen også. Gleden var immidlertid stor og humøret på topp.

I Lønnsdal overnatta eg på Bodø og omegns turisthyttet Lønnstua og eg var også oppe på hotellet og tok ein dusj. Her tok eg også frokost og kjøpte med litt sjokolade. Turen over til Junkerdalen gjekk i strålade vær og i skispor, sistnemnde har vore ein sjeldan ting til no. Det var imiddlertid ganske kronglete opp dalen, så spora kom godt med. Gjekk ei meir direkte rute enn sommarruta og nedkjøringa til Graddis fjellstue gjekk greit. Her var det heilt folketomt og eg fekk ikkje spurd om ruta vidare mot Skaitidalen. Det endte med at eg fulgte eit scooterspor oppover dalen og rota meg gjennom eit hyttefelt, før eg fann ei hengebru over eit juv som måtte kryssast. Så tok eg den snødekka vegen oppover, og så ned igjen til Skaitidalen og turisthytta Trygvebu.

Skaitidalen

Det var nydeleg å gå oppover denne ville dalen. Bratte fjellsider, men fint å gå på den islagte elva. Var innom den koselege hytta Argalad, verkeleg ein fin stad og eit krypinn med mykje historie. Det føltes litt langt over Balavatnet, men eg kom no ganske fort fram til Coarvihytta. Dagen etterpå gjekk eg vegen nedover til Sulitjelma. Litt i scooterløype og så nokon litt uforutsigbare spor på slutten. Bratt nedst, så eg tok av skia. Heilt bart på vegen nede i dalen, så ein kar tipsa meg om at kanskje museumsbestyraren kunne hjelpa meg med pulken innover dei siste kilometrane til sentrum. Han skulle akkurat heim å eta middag, så det passa bra. Fekk med det same henta pakken på snøscooterverkstaden, som også har pakkehandteringa for posten. Dette skyldes at den lokale butikken meiner at posten norge ikkje dekker dei ekstra kostandane med å utføre posttjenester. Og eg kan forstå dette, Posten må nok rekne med å kompensera meir i distrikta der butikken absolutt ikkje vinn nokon kundar på slike oppgåver - det er bare meirarbeid.

Den einaste staden å overnatte i Sulitjelma er på hotellet og eg la meg inn der til ein ganske rimeleg pris. Etter ein dusj var eg ute å gjekk dei få kilometrane eg fekk transport, Var også på butikken og handla inn for påsken og turen til Abisko. På hotellet vart dei visst litt bekymra for at eg ikkje fekk nok mat, så dei ringte meg opp på interntelefonen og lurte på om eg ikkje ville ha gratis middag! Det ville eg sjølvsagt og eg fekk servert godt mat. Ein liten tur i badstua fekk eg også tid til. Det viste seg å vera vanskeleg å få lånt internettilgang. så eg fekk ikkje fiksa feilen med bildeopplasting på nettsida. Dette fiksa imiddlertid internettleverandøren dagen etterpå

Etappen frå Hattfjelldal til Sulitjelma var lang. Brukte fleire dagar enn eg hadde rekna med og den maten eg fekk av andre undervegs, kom veldig godt med. Gjestfridomen i Nord-norge har vist seg å vera stor. Veldig hyggelege folk å treffe på overalt, men det var lite folk i fjellet utanom på Virrvasshytta. Ruta eg gjekk var stort sett ganske grei og det ordna seg fint. Ser imiddlertid at det nok kunne ha vore eit bra alternativ å gått direkte til Junkerdalen via Nasafjella, så det vil eg nok anbefala til andre som tar turen. Eg hadde imiddlertid ikkje kart over området, så det var utelukka å gå den ruta. Ein proviantering ekstra undervegs kunne eg med fordel ha hatt, men eg hadde no nok mat alltid.

Å treffe på fjellrev var spesielt og ganske uventa. Ei fin oppleving på ein tur gjennom Norge!

1 kommentar til “Reisebrev Hattfjelldal-Sulitjelma”

  1. Steinar

    April 20th, 2006 22:27

    Den som venter på noe godt, ….. Kjempebra reisebrev, Ragnar! Dette var gøy. Du er flink til å skildre opplevelsene dine. Og de som kommer etter deg NPL, får noen fine tips her. Takk igjen for alt du deler med oss- og lykke til med ruta som står igjen. Måtte soløyet følge deg på ferden mot 71 grader nord!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0398.JPG

Date: 18.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006