Reisebrev Haukeliseter-Finse

08.02.2006 02:32

No ligg eg her inne på eit flott rom på Finse1222. Beatles’ “Here comes the sun” strøymar på frå mp3 spelaren, mens eg sit og skriv på det trådlause tastaturet til mobiltelefonen. Ganske kontrastfullt til teltlivet kan du sei.

Ikveld har eg ete god middag og tatt badstu. Det er greit med litt luksus innimellom, men telt- og hytteliv er veldig bra. Ein annan grunn for å legge seg inn for ei god seng, er å få lada opp alle duppedingsane som treng straum. Både mobiltelefon, digitalkamera, videokamera og ikkje minst satelitt-telefonen må ladast innimellom. Å redigere og sende ein mobilvideo krev også mykje straum, så det er nesten ikkje aktuelt å gjera ute i felten.

Litt om turen over vidda. Starta frå Haukeliseter 1.februar i strålande sol. Bakkane oppover gjekk raskt unna på det gode føret. Innover mot Hellevassbu gjekk det litt treigare, men kunne følge snøscooterspor store delar av turen, det hjalp på. Det var likevel litt drygt inn dit, så eg var ikkje ved hytta før i skumringa. I hytteboka kunne eg lesa om nokre av dei andre NPL-turane som hadde passert. Her var det også mykje artige NPL-berettningar frå tidlegare år. Hellevassbu er ei genial hytte for vinterbruk; godt avdelt og senger i stua, slik at nattesøvnen blir ganske behageleg.

Etter tips frå betjeninga på Haukeliseter, tok eg turen direkte mot Sandhaug via Hansbu. Det var ei grei og lite kuppert rute, kilometerane gjekk unna. Fredagskvelden nærma seg og eg visste at to vennar av meg kanskje skulle på tur i området. sendte dei difor ei melding om at eg var komen ganske langt mot rv7. Etter litt fram og tilbake, avtalte vi å møtes ved Bjoreidalshytta. Det siste stykket var det både mørkt, tåke og lite sikt. Måtte fram med gps`en for å halde kursen. Etter ein halv time skimta eg to lykter ute i mørket og ganske riktig, det var Thomas, Jon Ivar og hunden Nala. Vi satte opp telta og hadde ein fin kveld ilag, der mange turhistoriar frå tidlegare år flittig vart fortalt.

Dagen etter var vèret litt grått. Fann ut at eg like godt kunne ta følge opp til Halne, istaden for å gå via Dyranut. Leiren vart slått opp nokre steinkast frå riksvegen. Det snødde etter kvart litt og den blåste frisk bris. Brøytebilane måtte ta jamnlege turar for å halde vegen fri fro snø. Utruleg nok får 3 personar, ein hund, bagasje og ein primus plass i innerteltet på Helsport Svalbard 3. Så laurdagskvelden vart fin og lun.

Søndagen kom og vinden hadde spakna. Thomas og Jon Ivar satte kursen mot bilen på Dyranut, mens eg tok fatt på bakken opp frå Halne. Utpå ettermiddagen blåste det igjen opp, så den siste biten fram til Midtnutvatnet vart ganske frisk. I tillegg klarte eg å koma i ubalanse i ein liten bakke på grunn av flatt lys. Det førte til at pulken kom opp på sida og pressa seg forbi, med det merkelege resultat at den kjørte over draget. Noko måtte gje etter, så det eine av dei to lengste dragbitane fekk seg ein brist. Ikkje verre enn at det går fint vidare, men eg skal få ny del på Tyinkrysset. Iallefall slå slo eg opp teltet litt i ly for vinden rett nord for Midtnutvatnet. Vinden kom då omtrent frå vest. Det blåste godt i løpet av natta, men teltet stod godt, og det er hovudgrunnen til at eg har dette teltet; vindstabilitet. Vinden dreide i løpet av natta om til nordvest og lufta vart fyllt av snøføyke. Eg fann fort ut at teltet måtte bardunerast betre, så det var første oppdrag. Snøen bygde seg så ganske fort opp på teltet, ein føykemur var absolutt påtrengane. Fann fram saga og sagde blokker i massevis, stabla og snubla rundt. Det var ikkje lett å sjå så mykje. Poenget med ein slik mur er å få føykesnøen til å legga seg der og ikkje på teltet. Etter så ha gravd opp teltet, hadde klokka passert 11 og eg kunne gå inn for å laga frokost. Det vart ein god porsjon risengrynsgraut. Etterpå vart radioen satt på og her var det godt utval til å vera på fjellet: P1, P2 og P3. Trafikkradioen meldte etter kvart om kolonnekjøring på rv7 og masse snø i på aust- og vestlandet. Teltet snødde meir igjen og etter nokre sider i boka “Sorgenfri” av Jo Nesbø, så bar det ut igjen. Kvar gong eg gjekk ut vart eg klissvåt. Det var rundt null grader og all snøen smelta momentant då den traff kleda. Litt fuktig vart det også i teltet, men eg klarte å halde det nokonlunde tørt. Snøen måtte spas vekk både frå teltet og bak muren fordi det nesten varm fullt der. Bygde også ein liten vekk rett ved teltet for prøve å minske trykket mot stengene der. Det fungerte brukbart. Utpå kvelden kunne trafikkradioen melde om at rv7 var stengt for bilar under 7,5 tonn. Det vart ein Real turmat til middag og eg fyrte lenge i innerteltet for å tørke vottar og våte klede. Då brennaren slukna og ikkje ville brenna igjen, var forklaringa lite ventilasjon. Det hadde pakka seg rundt heile teltet og ventilane var heilt stappfulle av snø. Ut å måke litt igjen før eg kunne legga meg.

Seinare på natta avtok vinden og det vart stjerneklårt, men så tok det seg opp igjen. På morgonkvisten roa det seg og solstrålene glittra over fjella. Så var det bare å få tatt nokre bilde før leiren kunne rivast. Måtte spa vel lenge etter pluggane som var ganske nedsnødd, iallefall 1,5 meter på det meste.Mine 159cm stavar var også ganske vrine å få opp. I ellevetida kunne eg ta avgårde mot Finse. Det gjekk raskt og eg var framme i halv-to tida. Sola skinte og det var ganske så bra. Godt å koma innomhus, syntes det var nødvendig etter turen over Hardangervidda. 5 netter samanhengande i telt og 1 overnatting på hytte vart det på denne etappen. Ein flott tur over vidda vart det. Og no bærer det vidare nordover, men eg tar ein etappe om gongen; synes det er greit å ikkje tenke for langt fram. Takker for alle helsingare som kjem! tydelegvis ein del som følg med og det er jo hyggeleg. Det var alt frå Finse i dene omgang. Neste reisebrev kjem frå Tyinkrysset. No ventar skarvheimen…

2 kommentarar til “Reisebrev Haukeliseter-Finse”

  1. Dina Fjeld

    February 8th, 2006 16:41

    hei. eg e imponerte øve at du oppdatere så ofte. hørtes deilig ut å ligga på hytta å ta badstu =) kan tenka meg pulken e baktung i nerøvebakka ja, an e vel så tung at d kan ver vanskelig å bremsa?
    i dag har eg vært me klassen i notodden i Tveitan skihopp bakke. me va i 90 metersbakken og testa oss skikkele. hehe.. nei nå tulle litt, me va rett på sidå av 90 meters bakken. der va der ein 15 meter og ein 6-7 meter bakke. d va skummelt nok syns eg! fekk skikkelig kick av å hoppa!
    glede meg te å lesa meir. klem dina

  2. Steinar

    February 8th, 2006 08:59

    Imponerende gravearbeid rundt teltet, Ragnar! Du har tydelig hatt nytte av opplevelsene på Svalbard. Takk for utførlig rapport og lykke til videre!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP1122.JPG

Date: 20.02.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006