Sauvasshytta

28.03.2006 16:40

Vinden avtok ikkje akkurat i løpet av natta. Nede i Umbukta blåste det liten kuling og det var kolonnekjøring på E12 til Mo i Rana. Vurderte ei stund om eg skulle legga i veg og kom til det det nok skulle gå greit. Vindvotter, hals, ansiktsmaske og stormbriller måtte til med ein gong, utan dette hadde det vore uforsvarleg å ta seg fram. Det føyka godt med snø - på Jæren går det under uttrykket “rennedrev”. Men litt sikt var det no innimellom og kombinert med aktiv gpsbruk, så var det ikkje så vanskeleg å finne fram. Traff på ein snøscooter med med to karar, der han eine satt bakpå sleden. På god nordlandsdialekt fekk dei no sagt at det var blåste ganske friskt idag. Dei hadde vore på Sauvasshytta å rydda vekk gamlehytta. Sporet etter scooteren forsvann omtrent med ein gong, så det var lite hjelp i akkurat det. Nokre gamle spor kom tilnye innimellom - det synes eg er ganske greit, så veit eg at vegvalet mitt er sånn nokonlunde fornuftig. Til høgare eg kom, til meir blåste det. Eg var kanskje litt bekymra eit par gonger då dei sterkaste vindkasta kom farande, men det var ikkje problematisk å ta seg fram og eg har no gått i sterkare vind før. Likevel er det litt spesielt når ein går åleina i slikt vær. Såg hytta på ganske lang avstand, den ligg ganske høgt til i terrenget. Til opplysning ligg den nye hytta ca 100m frå plasseringa på kartet. Uaktuelt å gå vidare sidan eg rekna med at vinden i Ivakskaret var sterk og at det kom til å ta for lang tid å nå fram til Kvitsteindalstunet. Rana turistforening har verkeleg fått seg ei fin hytte her ved Sauvatnet. Ein Jøtul 602 N har heva temperaturen frå 4 til 25 grader i løpet av kort tid - enorm trekk i pipa! I gjesteboka stod det om mobildekning mellom hytta og uthuset. Ja, så då vart det lang melding med bilde, istadenfor eit par setningar sendt på satelitt-telefonen. Håper vinden løyer litt til imorgon og eg tenker då på å gå eit stykke mot Virrvasshytta, evt bare til Kvitsteindalshytta viss det mot formodning skulle blåse like mykje. No i ettermiddag og kveld har eg planar om å lesa litt i dei bøkene eg har med meg. Det er krim det går i (det er jo snart påske). Har både ei bok av Agatha Christie og ei av Jo Nesbø. Men først skal eg ut å få sendt denne meldingen, får hive på meg sko, jakke, briller og gå ut i vinden Idag: ca 11,5km, 5 timar

1 kommentar til “Sauvasshytta”

  1. St.

    March 28th, 2006 18:06

    Tøft gjort, Ragnar! Godt du er komen innandørs i “rennedrevet”! Du får kosa deg som best du kan. Veret er det ikkje noko å gjera med. Takk for lang tekst og dekkande bilete! Ha ein fin kveld i hytta! P.S: Såg JRF symja over Magerøysundet på TV Norge i dag, flott reportasje på om lag 1 min og 25 sekund.

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0541.JPG

Date: 25.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006