For ein herleg dag!

04.04.2006 21:01

Solstrålene skinte ned i den ville Skaitidalen i morges. I den friske fjellufta var det ein fryd å skli oppover dalen. Fine spor, supert Swix blå-føre og nydelege, bratte fjellsider. Var innom den vesle og koselege Argaladhytta. Her var det verkeleg fint! Kun to sengeplassar, men praktisk innreda, så her får ein vandrar verkeleg god hyttestemning. Utpå dagen kom det litt skyer, men stort sett kunne eg gå i bare ulltrøya. Etter 8-9 kilometer over Balvatnet og litt til, så var eg på Coarvi-hytta. Klokka var nesten 17 og eg har bare sløva etter det. Fyrt i peisen, laga middag og til slutt hatt eit par osteskiver med steikt fenalår. Imorgon går turen ned til Sulitjelma, ca 18-19km ned dit. Idag: 26km, 7,5 timar

2 kommentarar til “For ein herleg dag!”

  1. Lars Erik

    April 5th, 2006 07:59

    Gratulerer med 80 dager fra meg også!
    Det er flott at du har så bra vær.
    Ha en god tur vidare!

  2. astrid

    April 4th, 2006 21:13

    Gratulerer med dag nr.80. Eg skulle så gjerne gått en tur ilag med deg på ein slik fin dag.

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0207.JPG

Date: 30.12.2005

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006