Sikkilsdalen

16.02.2006 21:20

Ja, no er eg like ved Prinsehytta i Sikkilsdalen. Ser ikkje ut til at nokon i kongefamilien er på hytta for tida, det er vel kanskje litt tidleg på vintaren endå. Det er iallefall her Kongen og resten av familien plar vera i påsken. Inatt kom det mykje snø, sikkert 30-40cm og det har snøa jamnt og trutt i heile dag. Dei første kilometerane var det spor og opp til Sikkildalsskaret var det kvista. Her var imiddlertid snøen relativ djup, så det tok tid å koma seg opp dit. Takk til to danske skiturister for tips om kor kvisteløypa mot skaret tok av (mange løyper og litt forvirrande skilting). Frå skaret og nedover gjekk det veldig greit, men her var det endå meir snø, over ein meter nysnø! Fulgte eit lite bekkefar nedover og det var uproblematisk. Vidare over Sikkildalsvatnet og fram til Sikkildalssetera vart det ganske tungt å tråkke spor, så det gjekk ikkje så raskt. Tendes til dårleg is der kvisteløypa er markert på kartet like før prinserhytta (utløp). Klokka var nesten blitt seks før eg satte opp teltet, eit par hundre meter frå Prinsehytta og like ved Sikkildalssetera. Idag har eg vel for første gong på turen klart å havne lenger sørover igjen. Omtrent 900 meter lenger sør enn Gjendesheim. Forklaringa ligg i at eg no går nesten rett austover, for så å dreie meir mot nord-aust seinare. Dette har samanheng med at eg etter kvart skal vidare i fjellstrøka mot svenskegrensa. Imorgon går turen vidare slakt nedover ein veg som ikkje er brøyta. Så er planen å gå mot Vinstra og vidare mot Kvam. Idag: Hytta på bildet er Gjendesheim. Pulkbildet er tatt i nedkjøringa frå Sikkildalsskaret. Idag ca 14km, 8 timar

4 kommentarar til “Sikkilsdalen”

  1. Dina

    February 17th, 2006 14:58

    heisann=) nå sitte eg å vente på bussen, skal reisa te ingvild og dei. eg he fått vinterferie =) eg må bare fortella ka så skjedde i går natt! då fekk me 40 cm snø her! mest i heila norge. Det er kjekt med så møje snø!! Eg har aldri opplevd lignande før.
    ønske deg god tur vidare! så lure eg på ein ting, koss fylle du med på ol? lese du på internett på mobilen? eg stolte av deg! ønske deg god tur vidare!! klem fra lillesøster

  2. jenny

    February 16th, 2006 23:40

    Det er spennende å følge med på turen din! Håper du slipper så mye løs snøhver dag. Ønsker deg gode forhold og god helse! j.

  3. helen

    February 16th, 2006 23:14

    hei ragnar. En liten hilsen fra Stord. Nå har mor di samlet sammen alle kursdeltakere for å lese siste nytt om godgutten sin. Siden jeg er fra Lye må jeg jo si at jeg er ekstra interesert, har faktisk lest om deg i avisa og var ganske overraska over at Astrid var din kjære mor. men kjekt var det. Håper at det gir seg litt med snøen, skal følge med deg på turen. Ha en kjempefin, varm og drømmefylt natt. Klem fra oss på Stord.

  4. Steinar

    February 16th, 2006 23:06

    Håper du slipper å brøyte snø i morgen også, Ragnar! Det laver ned forstår jeg. Men det er bedring i vente etter meldingene. God tur mot Vinstra!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0347.JPG

Date: 17.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006