NPL06 - Etappe14: Kilpisjavri – Maze (Mazi) - Skaidi
Frå Kilpisjavri over Finnmarksvidda til Mazi. Vidare til Skaidi
Av Ragnar Fjeld 13.01.2006, oppdatert 06.10.2006

Lengde: 281km
Antal dager: ca 11 (brukte 11 dagar)
 
Det er butikk i Kilpisjavri, men eg trur ikkje eg baserer meg på å motta post her. Det kan eg heller ta i Mazi. NPL2003-motnord sendte pakke til tollstasjonen.
Butikken, "Kilpishali", ligg i den sørlege delen av Kilpisjavri, mens skiruta frå Treriksrøysa kjem til den nordlege delen. Det er ca 5km mellom desse to "sentrane". Forøvrig ein butikk med relativt lite utval av "vanlege" ting ein plar å få kjøpt i Norge, men mykje kjøtt og tobakk. Brødleveranser kjem ofte seint på dagen. Opningstider ca til kl 17 finsk tid på kvardager (finsk tid er +1 time frå norsk tid). Det betyr at ein har dårleg tid om ein kjem frå Gappohytta og skal rekke butikken ( eg rakk det ikkje)
Ville heller ha gått til den nordlege delen av Kilpiskjavri, då det skal vera eit lite utsal der i forbindelse med vandrerhjemmet (ring og sjekk dette).
 
Mange stadnamn har spesielle variantar av tegn og desse har eg ikkje tatt med. Dette gjeld spesielt samiske, svenske og finske stadnamn. Det burde likevel vera enkelt å kjenne igjen namna på kartet

Reingjerder
På Finnmarksvidda er det ein god del reingjerder, desse er veldig ofte ikkje innteikna på kartet!. Stort sett av samme type som vanlege sauegjerder, men med stram toppwire. Det er ingen klyvere eller porter og passering med pulk er ikkje alltid så enkelt. Nokre stadar blir gjerdet lagt ned, men somregel må ein dra pulken over, eventuelt tømme den og hive ting enkeltvis over.
Spesielt frå finskegrensa til Maze var det mange gjerder, då ein krysser alle dalførene på "tvers"
 
På finskegrena er det eit høgt reingjerde. Det må kryssast i port, sjå rutekommentar
 
Oppdatert 06.10 2006:
Fylkesmannen har lagt ut scooterløypekart på nettet:
Dette kan vera greit å ha ved planlegging av turer i Finnmark, både for å evt oppsøke slike løyper, eller halde seg langt unna! Eg gjekk utan noko slikt kart og kunne bare gjette kvar retning løypene eg kom over gjekk. I ettertid ser eg at dette kartet hadde vore særs nyttig! Likevel trur eg ikkje at eg brukte særleg mykje lengre tid ved å gå omtrent i rett linje frå finskegrensa til Maze. Likevel var eg særs i stuss nokre gonger om kor eg skulle gå...
 
 
 
Depo Mazi:
Maze post i butikk
Joker Mazi
Sentrum
9525 MAZE
Man-Lør: 10-14, samt 19-20!
Tlf: 78487544
Joker Maze er drevet av Oves Varesenter AS Maze
Godt utval på butikken. Ferske brødleveranser, også til kvelden såg det ut til. Hyggeleg betjening som snakker samisk (og norsk også då...). Post i butikk, med alle tenester det medfører. Sendte pulken herfrå, har du tenkt på det samme: sjekk maksimalmål for pakker i posten (135x60x30 går iallefall bra).
 
Masi/Maze:
Masi er det "fornorska" namnet, mens Maze er det samiske. No er desse likestilte, men dei som bur der nyttar nok mest Maze.
 
 
Statoil:
Ove O. Hætta
Adresse:9525 Maze
Åpningstider:
Man-Fre 09.00-20.00
Lørdag 09.00-15.00
Søndag 00.00-24.00
Tlf.: 78487544 
 
Butikken og bensinstasjon i ett. Hadde ikkje rensa bensin, men parafin og lampeolje (viss eg husker rett)
 
Hytter/overnatting:
Terbmisjavri turisthytte, finsk
Tenomuotka turisthytte, finsk
Fleire andre finske turisthytter
Raisjävri, hytte (Statskog)
Masi nye turistsenter, 9525 Maze, tlf 78487524 (Nedre Maze)
Jiesjavri th
Bojobaski th
Skaidi Repperfjord hotell, Tlf: 78415500 el 90888143 (Ivert)
Skaidi kro og hotell, Adr:9620 KVALSUND , tlf 78416123
Skaidi Fjellstue AS, Kvalsundv. 11 9620 Kvalsund,  Tlf 916 11 219/909 63 717
 
Dei finske turisthyttene skal vera opne!
Det er "finske statskog" som eig alle turisthyttene. Normalt er det anten ei delt hytte, der ein del er open og ein er låst, eller så er det to hytter ikkje så langt frå kvarandre (0-3 km), der den eine er open, den andre er stengt. Det er ikkje madrassar på dei opne hyttene, men dei har ved og gassbluss. Storleiken varierer, alt frå ca 2-12 senger. Det kan vera svært kaldt i dette området (og vèrhardt) særleg litt tidleg på vintaren, då er desse hyttene greie å ha. Kjøp kartet Halti - Kilpisjavri for god oversikt over kva for hytter som er opne og stengt. Dei stengte hyttene krev at du låner nøkkel, og det kan vera litt styr fekk eg intrykk av. Sats på dei opne hyttene med frivillig betaling.
 
Autiotupa betyr open turisthytte
 
Kart:  
Halti - Kilpisjavri, 1-50.000, turkart for området ved Kilpisjavri. Anbefales. Ein del, men ikkje alle, ski/scooterløyper er teikna inn. Selges i turistinfo, hotellet, bensinstasjonen og på vandrerhjemmet i Kilpisjavri
BD1 Treriksrøset-Råstojaure, 1-100.000
1633II Helligskogen, 1-50.000
1733III Coahppejavri, 1-50.000
1733II Cierte, 1-50.000
1833III Raisjavri, 1-50.000 (Mangler. MÅ ha dette kartet)
            1833IV Mollejus, 1-50.000
            1833I Carajavri, 1-50.000
            1933IV Masi, 1-50.000
            1934III Suolovuopmi, 1-50.000
            1934III Lesjavri, 1-50.000
1934IV Gargia, 1-50.000 (kun gps?)
1934I Cohkarassa, 1-50.000
1935II Stabbursdalen, 1-50.000
1935I Repparfjorden, 1-50.000

Dei svarte prikkane på finsk side/finske kart er stein/steinrøyser. Slike detaljer er ikkje tatt med på norske kart og i praksis er det ingenting å bry seg med vinterstid. Igjen, vèr obs på 10 meters ekvidistanse på finsk side ved planlegging av rute...
På Norske m711 kart, over på finsk side, så er skog ikkje markert.

 

14.1 KilpisjavriMaze (Mazi), ca 145km
 
NPL91:
Kilpisjarvi - Tsakhaljavri - Paihkasjarvi - Terbmisjarvi(th) - Tsohkaporri. 32 km
Tsohkaporri - Njargavarri - Karrajavri - Tenomuotka(th) - Fallecærro - Gamoaivi/Dainacoerro - Suoppatvarri - Nikkulasvarri. 34 km
Nikkulasvarri - Bahruskaidi - Gukkesjavri - Raisjavri - Durbunjavri - Devkesskaidi - Buggejåkka 30km
Buggejåkka - nord for Sårvusnjoaskebuolzat - sør for Bartosluobbal - nord for Daggebarri - til Cævresnjunnas. 39 km
 til Maze. 10 km
 
NPL2003-Toftes:
Tenomuotka - Biddjovagge (Finnmark) 46 km.
Biddjovagge - Carajavri 35 km.
Carajavri - Masi 46 km.
 
Planlegger omtrent samme rute som NPL91:
Opp frå Kilpisjavri til Terbmisjavri turisthytte. Vidare til Tenomuotka turisthytte og over på norsk side. Sør for Biddjovagge (gruve?) og fram sør for fjellet Carajavri og ned til Mazi.
 
 
Eg starta frå Matkailu / Sørlege delan av Kilpisjavri. Opp til innsjøen Cahkaljavri, opp langs Masetjohka, austover til Coahppejavri til Saarijarvi turisthytte. Vidare austover og så nordover til Kuonjarjoki turisthytte (ikkje innteikna på det finske kartet. Herfrå til Meekonjavri, der det er to hytter. Dette er hovudruta til Finlands høgste topp, Halti, så det er ein del transport og dermed også ofte hardtrakka scooterspor opp dit.
Vidare til turisthyttene Johasjavri og Porojavri.
 
Herfrå virka det mest vanleg å gå opp til Taapmajavri, for så å halda høgden og ta ned i retning Rajavritoseten tupa/Tenomuokta turithytte, like ved norskegrensa. Viss det er spor, kan ein då ta ned til Deatnømuotki og krysse dalføret der. Det skal vera ei open samehytte. Var ikkje anbefalt med mindre det var spor, då det er eit vanskeleg terreng å ta seg fram i viss ein ikkje er kjent.
 
Frå Porojavri tok eg austover stort sett på elva nesten heile vegen fram til Tenomuuokta. Ver obs på eventuell dårleg is nokre kilomter før turisthytta (isen var stort sett veldig god).
Like ved turisthytta og grenserøys 309, er det ein port i reingjerdet. Denne må nyttast, då det ellers er umogleg å krysse over gjerdet, som går akkurat på riksgrensa. Tett bjørkeskog og god stigning nokre hundre meter, men så er ein over trengrensa og det opnar seg opp.
 
Vidare rett austover frå finskegrensa langs grense for verneområdet til Saitejavri. Litt før innsjøen kjem ein inn i ei scooterløype som fortsett sørover til Kautokeino. Eg tok vidare austover litt nord for Dainnagielas og kryssa reingjerdet ved bekken. Vidare på myrer og vatn rett nordover til Raiajavris vestre del. Innimellom var det skog og litt kronglete. Over vatnet, men så tok eg opp ved sameleiren ved Aitevarri og gjekk rett mot Raisajavrihytta. Imiddlertid er det eit reingjerde ein må krysse her, så det er nok like godt å gå utpå innsjøen heile stykket. Raisajavrihytta er ei statskoghytta og ein må ha nøkkel for å nytte denne.
Vidare oppover elva frå hytta og over myrer og lite vatn til vegen, som fører til Bieddjuvaggi (nedlagte gruver). Her veit eg mange har tatt ei meir nordleg ruta via Bieddjuvaggi, men er ikkje sikker på kor denne går. Om den ruta eg tok (basert på NPL91) er den enklaste, det har eg mine tvil om.
 
Det neste området strekk seg over 3-4 kart, så det kan vera vanskeleg å få oversikten. Terrenget i seg sjølv er også til tider vanskeleg å navigere seg gjennom, så gpskart var ein god ting å ha!
Frå vegen ut på Guorbajavri, over myrer til Guorbasalva ned til Jietmejavri. Regngjerdet var flytta til austsida av innsjøen viss eg ikkje husker feil. Vidare over Devekesskaidi i skog og over myrer til vatn 411, over myrer og skog nordaustover til Buoggejohka. På vestsida av elva oppover dalen, elva var delvis open, men var kryssbar. På myrene vidare, men så tettare bjørkeskog nord for Garjelårda. Etter kvart tok eg opp på nordsida over tregrensa og langs kanten av dalen austover. Like ved Rietejavri i ein bånd sørover er det nokre elve- eller bremorener. Desse er bare såvidt 20 meter høge og difor bare såvidt syngleg som små koller på kartet. Vidare vest for Rietjåkka til Bartasluobbal (vatn 482) og sør for høgde 541. Mazejåkka er ei stor elv og var temmeleg opne då eg gjekk her. Kryssing ville nok ha vore umogleg. Elva Cuojajåkka er ikkje så stor og denne kryssa eg like sør for Mazejåkka. Isen var på denne tida ikkje veldig god. Vidare temmeleg austover fordi eg ville halde høgda på grunn å råtten snø. Myrer med skog imellom, men ganske grei å ta seg fram. Sør for Galbmadatmaras og så nordover til gamlevegen. Scooterløypa til Maze går på denne vegen. Mazejåkka krysses på brul, så nordover til Ceavrresnjunnas og vidare austovoer vegen. Skal du til Øvre Maze, tar scooterløypa av omtrent langs sommarsti, mens vegen følges ned til Nedre Maze.

Øvre Maze: Butikk/post/cafe/bensinstasjon samt vegen vidare viss du skal aust/nordover vidda
Nedre Maze: Turistsenter med hytteutleige og kro
Det går ei scooterløype mellom Øvre og Nedre.

Det var lite snø og stor snøsmelting då eg kom til Maze.
 
Mobildeking omtrent fram til Saarijarvi turisthytte. Vidare temmeleg svak norsk dekning på veg mot Meekonjavri. Etter dette er det ingenting før 8-10km vest for Mazejåkka og stort sett deknign nedover mot Maze. Det er ein base som sansynlegvis står ved radarstasjon/tvmast eit stykke lenger sør.
 
 
14.2 Maze (Mazi) – Lesjavri – Bojobæski th – Skaidi, ca 136km
Dette er eit langt strekk oppe på vidda. Snø og isforhold kan variere. Ved dårlege isforhold kan det vera betre å halde aust for Lesjavri og gå uanom Bojobbæski.
Sjå også rutebeskrivelser i ”På ski i fjellet”, men desse dekker bare nokre delar.
NPL91:
Maze - Valljegurra - Soustanluobbal - Buolzajavri - Silljuluovtogoarvi - Iesjavri - telt ved Bojobæski(th), 53km
Bojobæski - langs vestsiden av Stabbursdalen, via Båkkusgielas og Stuorra Navgastatjåkka til leir øst for Ribat-Oaivi. 37 km
Ribat-Oaivi - nuortat Bastinjavri - Læktujavri - Nillabasjavri - Dåggejavri - Skaidi. 46 km
Har teikna inn ei aktuell rute mot Skaidi
 
Det var stor snøsmelting då eg gjekk denne delen.
 
Maze-Lesjavri
Frå Maze, over elva på bru og langs vegen til Cievramielli. Opp langs scooterløypa, som går på veg, i austleg retning. Scooterløypa fulgte eg eit stykke, men denne gjekk etter kvart sør-austover. Omtrent ved Riimajavri tok eg norvoer til Silesjavri, nordover til vatn 454, aust for Beaglerahppat til vatn 430 til Harrejavri (vatn 425). Derfrå til Adjeljavri, vatn 417, vatn 395 (sørlegaste), vatn 392 og fram til Lesjavri. Det siste stykket kom eg inn på scooterløypa som går nordover til Jotkajavri fjellstue. Det er ingen hytte ved Lesjavri slik det er markert på M711 kartet! Greit å ta seg ut på innsjøen, men det var vekslande overvatn.
 
Oppdatert: Sjå også scooterløypekartet eit stykke opp på sida for scooterløypene i området.
 
Lesjavri-Stabbursdalen
Haldt meg stort sett på vestsida av innsjøen og forbi nokre øyer. Her krysser scooterløypa frå Jotkajavri fjellstue til Mollesjohka fjellstue. Tok sikte på ei hytte som er markert på kartet, litt nordaust for Holmsundet. Vidare mot Salttoppen, der eg traff på samar som flytta rein i retning Skaidi.
Vidare gjekk eg omtrent direkte mot
Bojobæski turisthytte (låst med spesielanøkkel), det siste stykket i enormt vierkratt. Dette bør ein unngå ved råtten snø, anten gå direkte mot Stabbursvatnet, eller kanskje like så godt, halde høgda rundt daleføret.
Like ovanfor Bojobæski hytta var det såkalla "Gompier", dvs campingvogner på meier. Eg kom så inn på scooterløypa frå
Jotkajavri fjellstue til Stabbursvatnet, og fulgte denne. Like ved sørenden av Nedre Stabburdalsvatnet, kjem scooterløypa over frå Alta. I dette området er det litt hytter, samt folk som telter.
Stabburdalen - Okselv - E6 - Skaidi
Sidan det var stor snøsmelting og råtten snø, var det ingen god idè å gå nede i Stabbursdalen. Først nesten over Nedre stabbursvatnet, så i retning Suolojavri og haldt høgden til Ruhkkojavri. Vidare rett nord til Bohkosjavri og over dette, vest av Ribatvarri og nordover til vatn 408 sør for Buollancopma. Kryssing av Navggastjohka var vanskeleg, så måtte langt vest, så austover og ned til E6 vest av Maddoaivi. Slik forholda var, ville det vera vanskeleg å ta seg over dalføret Bastinvuomi, men det er absolutt ikkje vanleg med så sterk snøsmelting i slutten av april.
Å traske ca 35km på E6 ned til Skaidi var ikkje å anbefale.
 

Normalt sett burde det vera greit å fortsette frå Bohkosjavri  og nordover, over dalføre og nordaustover til Leaktorjavri. Derfrå er det ei scooterløype heilt til Skaidi (og eventuelt Olderfjord). Sjå link til kart lenger oppe på denne sida
 
Mobildekning eit godt stykke inn frå Maze. Vidare ein god del dekning rundt Lesjavri og ned til omtrent rundt Bojobæski hytta. Vidare noko dekning på Øvre Stabburdalsvatnet, kun med ekstern antenne ved Nedre Stabburdalsvatnet. Noko dekning når ein nærmar seg E6, og stort sett god dekning vidare på denne til Skaidi.
 
 
Alternativ rute:
14.50 Maze (Mazi) – Alta
Alternativ rute mot Alta frå Maze. Gamlevegen følges, meir info i ”På ski i fjellet”
14.51 Alta – Skaidi
Aktuell strekning viss eg går innom Alta.

Konklusjon: Det er fint på Finnmarksvidda. Scooterløyper er forvirrande og det er få som har oversikten. Det er også få som verkeleg er godt kjent virker det til. Samane flytter reinen frå midten av april, men det varierer. Flyttinga skjer gradvis, gjerne nattestid. Snøsmeltinga og våren kom særs tidleg i år, sist gong det skjedde var for 39 år sidan. Det kan også vera motsatt, med full vinter til langt ut i mai.

Reisebrev:/Blog:
Reisebrev: Kilpisjavri-Maze-Skaidi: http://breogfjellsport.no/npl/blog/?p=262
Sjå også bloggen for april:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/?m=200604

Just for the record: Frå øvre Maze fekk eg skyss til nedre Maze for å overnatte der, ca3km. Dagen etter på ski tilbake igjen før eg fortsatte over vidda.