Test av pulk
Erfaringar frå bruk av pulk under Norge på langs turen 2006
Av Ragnar Fjeld 20.07.2006

På denne sida:

  • Acapulka Expedition Tour 135
  • Pariserpulk/plastpulk (heilt nedst på sida)

-----------------------------------------------------------------

Acapulka Expedition Tour 135




Testperiode: Heile ski-delen av Norge på langs turen 2006 (over 100 dagar)


Fakta:
- vekt 6 kg
- lengde 135 cm
- maks bredde 60cm
- volum > 300 l ved 50cm pakkehøyde
- konstruksjon håndlagd, glassfiberforsterket polyester
- skall: gelcoat, glassfiber, polyester
- farge: kvit 
- trekk: 500 DEN Cordura, strammstropper, gummistrikkstrammere, 2 bærehåndtak
- farge: orange (kan også bli levert i rødt og blått)
- drag feste: rustritt stålfeste med forsterkning i skrog
- meier: profilerte HDPE-meier (kan leveres med utskiftbare meier)
- drag: rullestøpte glassfiberrør

Acapulka Expedition Tour 135 pulken går også under namnet "Acapulka Kite/skiseil pulk" og er ikkje oppgitt på nettsidene til Acapulka.

Etter tidlegare gode erfaringar med Acapulkas scandic tour-serie på tur, ville eg gjerne ha ein slik pulk på Norge på langs turen. Den mest aktuelle modellen i forhold til pris var då Scandic tour 150, med passe pakkevolum. Imiddlertid vart eg råda til å heller gå for "Acapulka Expedition tour 135" med omlag samme pakkevolum, men ei litt anna utforming. Pulken er 135cm lang, 60cm brei bak og 53cm brei foran. Dette gjer at den er relativt stabil.
 
Pakking
Volumet er stort så ein får mykje med seg. Tyngdepunktet bør vera så lågt som mogleg. Hadde alle tinga i pakkposer, både for å organisere det enklare, men også for å beskytte mot snø og fuktighet. 3 pakkstopper og strikk som går sikk-sakk over heile pulken er med på å stabilisere lasten. Eg har relativt stivt cordurastoff på pulken min, det er også med på å stabilisere. Det hadde kanskje vore nyttig å ha hatt borrelåslukking slik visse andre pulker har. Litt snø vil det alltid kome inn, men det var ikkje noko problem. Pakking ut og inn av ein pulk er svært raskt i forhold til ein sekk, då det er mindre "stapping". Det er også lett å halde god orden på kor ting er.
 



På bildet er det 3-delte draget godt synleg. Draget kan pakkes sammen slik at det får plass oppi pulken. Stengene ser kanskje ikkje så sterke ut, men dette er rullestøypt glassfiber, veldig sterkt materiale!

 
Pulkdraget
Draget blir vanlegvis levert 3 delt: Først ei lengre stang mot pulken, så eit midtstykke og så ei kortare stang. Stengene i draget er laga av rullestøypa glassfiberrøyr, mens midtdelen er av aluminium. Inni draget går det ein gjennomgåande wire som er festa med ei skrue øvst, og som igjen går inn i dragselen. Wire'en er med på å gje draget dynamikk. Skulle ei av stengene i draget knekke, vil wire'en fortsatt halde alt på plass. Draget kan difor meget enkelt repareres midlertidig ved hjelp av ein spjelk. Nesten kva som helst kan nyttast til dette, eksempelvis ein skistav eller ein bambuspinne. Tape eller ståltråd kan brukes til å feste dette.
Draget er konstruert slik at stengene "vrir" seg viss pulken skulle velte. Slik er det mogleg at draget utan problem tåler ein full 360 graders rotasjon. Ja faktisk nesten 720 graders rotasjon, men då blir pulkselen heilt snurpa igjen. Det som kan øydelegga draget er spesielt to ting:
1. Pulken kjører forbi deg i ein bakke. Draget blir då "bretta" under pulken og noko MÅ gje etter. Ei av dei lengste stengene vil knekke like under festet, mens festet i sjølve pulken ikkje blur utsatt for stor belastning. Dette kan også føre til ein bøyg på wire'en og den kan knekke viss du retter den ut.
2.Viss pulken velter og havner nedanfor deg, samtidig som du fortsetter nedover. Presset på ei av dei øvre stengene vil då bli for stort.
I forhold til eit reint aluminiumsdrag tåler dette draget enormt mykje meir. Det er som sagt også enkelt å fikse. Likevel vil eg sterkt anbefala å ha med ei lang stang, ei kort stang, ein wire og ei ekstra skrue til wire'en.



Ein normal dag! Pulken har velta ein heil runde rundt (360 grader). Då er det bare å ta ut det eine dragfestet og feste det på igjen etter at draget kjem tilbake til normal posisjon
 
Pulkselen
Pulkselen består av eit magebelte og stropper til akselene. Det er gode polstringar og ein behageleg sele å gå med. I bratte bakkar er det gjerne fordel å ta meir vekt på akslene og det er enkelt med denne selen. Pulken blir festa i to jernringer med små karabinkroker. Dessverre er det ikkje noko "fritt ledd" mellom pulken og selen, så wire'en inni i draget kan få karabinkroken til å rotere og dermed også klipse seg ut. Dette kan skje f.eks. ved vekslande belastning i nedoverbakkar. Viss pulken skulle velte (rotere) så kan det vera noko vankeleg å få opp karabinkrokane då dei er under belastning. Selen egnar seg ikkje til bruk under ein stor sekk, men mindre sekkar går bra. Eg gjekk med ein dagstursekk oppå dragselen, det gjekk greit. Skal ein gå med større sekk, er det meir fornuftig å bruke sekkens pulkfester (ikkje alle sekker har slike fester.
 

Erfaringar frå bruk av pulken
Eg fekk periodar med veldig mykje nysnø, over 50cm. Då blir de tungt med pulk nesten uansett. Pulken flyt fint neste oppå snøen, men er noko breiare enn det sporet ein lager med skia. Pulken pressar då sporet breiare og dermed blir det tyngre. Ein pulk med bredde på rundt 53cm trur eg ville ha vore meir passande i slike forhold. I bratte bakkar har eg svært gode erfaringar så lenge det ikkje er knallhard. Pullken er relativt katamaranforma under og så lenge meiene går litt ned i snøen, så er det aldri fare for at den skal velte. Då er det bare å kjøre på nedover og ta dei svingane ein ønsker. Er føret hardt, er det som med alle pulker, vankelegare. Det er særleg i små humpar pulken kan velte og det er då godt at ikkje draget for det meste tåler slike ting.

I tett skog er den kort nok til at det er lett å smyge den mellom små passasjar, noko som er veldig fordelaktig.

Det eg savna var hovudsakleg to ting:
1. Brems til å sette på i dei brattaste bakkane. Eg har sett mange heimesnekra løysningar på dette, f.eks. ein kjetting under pulken. Mykje brukt viss ein hund skal trekke pulken.
2.Veltebøylar. Hadde vore genialt med avtagbare veltebøylar som kunne hindre at pulken velta i det heile. Vanleg med veltebøyle på barnepulkar, men den må isåfall vera enkelt avtagbar (Det blir for breitt i skogen og i laussnøen trur eg)
 
På veg eller bare område fekk pulken mykje juling. Det er heldigvis platmeiene som tar mesteparten av skrapene frå småtein og sand, men litt riper blir det også i ytterlaget (gel-cote'en). Meine var totalt utslitt etter turen og det kan vera fordelaktig med utskfitbare meier (alle meier kan skiftast, men ikkje alle undervegs). Ved eit par høve kleba det seg store mengder snø under pulken. Dette var rett etter eit større snøfall med dertil temperaturauke. Då vart pulken svært tung å trekke og det gjekk noko tid før eg fann ut av problemet. Dette skjedde imiddlertid ikkje ofte.
 
I bratte oppoverbakker var det tungt med pulk. Ein må gjerne krysse sikk-sakk oppover og stavane er veldig viktige. Brukte relativt lange staver med gode trinser, det er viktig. I nysnøen hendte det fleire gonger at eg måtte tråkke spor for pulken først, før eg gjekk tilbake å henta pulken.
 
I nedoverbakker hadde det ofte vore greit å ha hatt nokon til å bremse/styre pulken bakfrå. Sidan eg gjekk åleine var det ikkje mogleg. Likevel hadde eg montert ein krok både framme og bak som kunne nyttast for feste av tau i tilfelle pulken måtte heisast opp eller ned. Desse kjøpte eg hjå ein båtforhandlar og hadde pakkingar på begge sider viktig. Den viktigste erfaringa eg husta, var nok å sjå terrenget ann og halde låg fart. Det hendte at eg tok av ski og gjekk ned med pulken nedanfor eller ovanfor.
 
I forhold til ein tung sekk, er nok ein pulk å foretrekke synes eg. Det er noko tyngre i oppoverbakkane, spesielt når ein går åleine. På flatane sparar ein mykje krefter, men det går nok ein tanke seinare. På ein Norge på langs tur er det veldig fordelaktig å kunne ha gode margingar både når det gjeld utstyr og mat, det får ein ved å nytte pulk. Likevel er det viktig å halde vekta så låg som mogleg i pulken, men det er ikkje så kritisk som ved bruk av sekk
 




Praktisk
Denne pulken går fint innanfor maksimalmåla til Posten Norge. Den kan altså bli sendt som standard Norgespakke (eigenembalert) og det kjem bare eit tillegg på ca 81kr for stort volum/lengde. Maksimal vekt posten fraktar er 35kg. Pris for forsendelse blir då 200-300kr alt etter vekt. Veldig praktisk!
Det burde også vera uproblematisk å få sjekka pulken inn som normal baggasje ved flyreiser utan tillegg i prisen (forutan eventuell vekt)
Den går også fint inn i nesten alle typar bagasjerom
 

Er ein så dyr pulk nødvendig? Kva med "pariserpulk"/plastpulk?
På ein såpass lang tur som Norge på langs, er nok ein kvalitetspulk nødvendig viss ein bare skal gå med pulk. Eg veit at andre har kombinert pariserpulk og sekk, der ein kan ta pariserpulken på ryggen når det er nødvendig pga låg vekt. Ein forseggjort og oppgradert pariserpulk kan vera aktuell, særleg viss ein får på trekk. Utan eit trekk vil den lesse på seg mykje snø viss det er djup snø. På finnmarksvidda brukte eg delvis ein slik pariserpulk. Sjå heilt nedst på denne sida for meir informasjon og vurderingar rundt dette.

+
  • Stabil og lett å manuvrere gjennom tett skog, skrenter o.l.
  • Så lenge meiene har litt feste i snøen, velter den sjeldan, sjølv i svært vanskeleg og bratt terreng
  • Stort pakkvolum (over 300 liter)
  • Robust, tåler generelt mykje juling
  • Glir godt i snøen
  • Flyter godt i nysnø, betre enn mange andre pulker på markedet
  • Særdeles robust drag som tåler enorm påkjenning (men alt har sine grenser)
  • Veldig godt polstra pulksele, både magebelte og skulderstropper
-
  • Produsenten bør sterkt anbefala å ta med eit komplett ekstra drag på lengre turar, sjølv om draget er veldig sterkt.
  • "Brems" burde ha vore tilgjengeleg som ekstrautstyr
  • Innvendig feste på wire i draget kan få seg ein knekk ved stor belastning og kan knekke. Produsenten bør anbefala å alltid ha med ekstra wire på lengre turar
  • Problematisk i bratt lende viss det er hardt føre (den kan velte)
  • Det burde ha vore montert feste for tau foran og bak som standard
  • Sidan pulken er 60cm brei, vil den vera breiare enn eit skispor. Dette kan gjera det ein del tyngre i djup nysnø.
  • Under visse føreforhold, når pulken har fått ein del riper, så kan snø klebe seg fast under pulken
  • Draget kan klipse seg ut av dragselen pga manglande "fritt ledd" konstruksjon
  • Litt høg pris

 

 
Konklusjon
Ein svært god pulk, særleg ved manuvering i tett skog og vanskeleg terreng når ein går aleine. Draget tåler stor belastning, f.eks at pulken velter nesten 2 runder rundt sin eigen akse. Blir noko brei i laussnøen, då skisporet er smalare. Flyter høgt i snøen og graver seg ikkje ned slik visse pulktyper har ein tendens til å gjera. Glir også blir utruleg godt. Ein negativ ting er at eit av dragfestene kan klipse seg sjølv ut under visse forhold.
 
Nyttegrad NPL
God pulk på ein slik tur. Er ein aleina, blir det uansett nokre utfordringar i bratte bakkar. Er ein fleire, blir det lettare då ein kan ha nokon ba å bremse. Ta med komplett ekstra drag, då absolutt alle NPL'er (med pulk) eg har snakka med, har knekt draget ein eller fleire gonger uavhengig av pulkprodusent! Dette burde produsentane vera klar over og dermed også anbefala slikt som standard reseveutstyr (det blir ikkje gjort idag)
 

Totalt: 4.0 / 5
 


Fleire bilde
 



Slik ser sporet ut etter pulken



Draget er spjelka med ein skistav etter at den eine stanga knakk


Wire-knekk. Etter at ei stang knakk, bøygde wire'en seg. Når denne vart retta ut, knakk festet. Bytta då wire'en med eit tau samtidig som eg festa draget isaman med ståltråd. Det var altså eit slags taudrag på eine sida og eit vanleg drag på andre sida. Tauet som gjekk inni draget blei etter kvart gnagd av, men det utsidige tauet fungerte bra




 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Pulk:

Pariserpulk/plastpulk
 
Testperiode: Nokre dagar på finnmarksvidda, april 2006



På grunn av svært tidleg vår i Finnmark i år, bestemte eg meg for å gå med sekk det siste stykket frå Maze til Skaidi på Finnmarksvidda. Sekken vart vel tung og etter eit par dagsmarsjar traff eg på nokre finske isfiskarar. Dei ga meg ein pariserpulk/plastpulk. Her fekk eg festa inn tau, som eg igjen festa i sekken. Etter kvart fann eg ut at halvparten på rygggen og halvparten på pariserpulken var det idèelle.

Sjølve plastpulken var overraskande god! Det var ein brei type og den flaut godt oppå både snø og vatn. Taudraget gjorde det littegrann meir bale i nedoverbakkar, men også det gjekk temmeleg fint. Det var svært befriande å få letta sekken med adskillige kilo. På flaten merka eg omtrent ikkje at plastpulken kom "diltane" etter.
 
Det var også enkelt å få festa plastpulken på sekken når det var nødvendig. Det var imiddertid ikkje så godt då sekken i utgangspunktet var "for tung", men med nokre få kilo mindre, hadde det gått bra.
 
-
Ikkje like stor lasekapasitet som ein ordinær pulk
Egnar seg for mindre last
Modifikasjonar må til før lengre turar
 
+
Lett
God flyt
God i kombinasjon med sekk
Svært billig
 
Konklusjon:
I forhold til kostnaden for ein skikkeleg pulk, er ein slik plastpulk veldig rimeleg. Vil absolutt bruke ein slik i framtida også framfor å gå med blytung sekk. Ved montering av drag og eventuelt også trekk, vil det bli ytterligare betre. Eg veit at ei anna NPL gruppe i år skifta ut den eine fjellpulken med ein slik plastpulk store delar av turen.
 
Nytteverdi NPL: Det kan vera aktuelt å nytte ein slik type pulk, sjølv på ein Norge på langs tur. Vil imiddlertid anbefale å teste dette ut skikkeleg på førehand, samt montere drag og trekk. Spesielt i kombinasjon av pulk/sekk trur eg ein slik pariserpulk egnar seg
 
Totalt: 3.5/5


Dei hyggelege finske isfiskarane ved Lesjavri på Finnmarksvidda. Takk for pariserpulken!
Her har eg lessa på heile sekken, seinare fann eg ut at det var betre med halvparten i pulken og halvparten på ryggen





Slik såg den ut, plast/pariserpulken. Det er mange forskjellige modeller. Koster rundt 500kr ny skulle eg tru
------------------------------------------------------------------------