Bilde frå flytur Tromsø-Oslo
Flytur: Toppar i Troms
Bilde frå ein flytur ein fin maidag i 2003. Bilde av blandt anna toppar på Kvaløya, Troms.
Av Ragnar Fjeld 19.05.2003, oppdatert 01.01.2005

Ein flott maidag med sol og varme i Troms. Med buss gjekk turen først ut på Kvaløya, der vi rusla opp på Litle Blåmann med ski på sekken. Frå toppen var det fint utsyn over dei flotte fjella rundt Tromsø. For å unngå å måtte bestille taksi, fekk vi dårleg tid til å nå bussen. Vi kjørte raskt ned til snøen slutta og småsprang deretter ned mot vegen.

Ved flyplassen på Langnes, gjekk eg av og gjekk for å bestille flybilett til Stavanger. Dama i skranken gav meg bilett på flyet som gjekk allereie om 15-16 minutt og eg fekk det travelt med å sjekke inn. Braathensflyet, av type Boeing 737-405, kom frå Longyearbyen på Svalbard og satte om ikkje lenge snuten sørover. Rett etter avgang så såg eg toppen av Litle Blåmann, der eg var for under ein time sidan. Det var også flott utsikt til mange flotte toppar på Kvaløya. Akk, så fint det er med sjø, snødekte toppar og sol!

Sør for Finnsnes sneik skydekket seg fram og vidare sydover var det lite å sjå, utanom litt artige skyformasjonar


Ready for take-off on runway one-niner


Fjell på Kvaløya, blant anna Hollendaren og Store Blåmann

I forgrunnen, Litle Blåmann


Toppar på sørlege del ar av Kvaløya




Iskrystallar på vindusruta


Skyer over austlandet

Relatert til artikkelen
Album
Flytur over fjell i Troms
16 bilder
[19.05.2003 - 19.05.2003]
Vis album

Artiklar
Litje-Blåmannen i Troms [19.05.2003]


©2001-2004 Breogfjellsport.no