Curlingfeber på Nordfjord Folkehøgskule
Orginal curling-turnering
Ved Nordfjord Folkehøgskule har curlingfeberen slått til for fullt etter den norske OL innsatsen. I mangel på curlingbane og ekte curlingsteinar, vart ein ny curlingmetode utprøvd. Istedan for isbane, vart det nytta vatn og grønnsåpe. Steinane vart forma til av is. Turneringa blei ein knallsuksess!
Av Ragnar Fjeld 05.03.2002




Curling er blitt kjempepopulært her på skulen etter dei spennande OL kampane. Stipendiatane på skulen kom dirfor opp med idèen oim eit lite skulemesterskap i Curling. I mangel på curlingbane vart alle kreative sjeler satt i sving. Resultatet blei ein bane med grønsåpe og vatn, i ein av skulens mange gangareal. Curlingsteinane blei laga ved å fryse vatn i skåler og sette ei isskrue i midten. "Issteinane" fekk god glid på blandinga av såpe og vatn.  
Kostinga blei litt spesiell i forhold til vanleg curling. Istaden for curlingkostar vart det nytta vaskekostar. Med desse var det mogleg å koste vatn framfor steinen, og dermed minske farten, eller du kunne koste vekk vatnet, då vart farten større. Dermed var det mogleg å både bremsa opp og la steinar gli lengre. Det var også mogleg å "rydde" banen for vatn, slik at steinen fekk større fart 
  
6 lag stillte opp til turneringa. For å gli på underlaget som bestod av såpe og vann, blei det eksperimentert med bl.a. plastposar rundt skoa. Dette viste seg å fungera sånn passe. Det aller beste var å skli barføtt, eller å ha ein sko på den eine foten for å sparka i frå. Det gjalt å vera litt forsiktig i det du sendte steinen av gårde, for det var svært glatt. Det fekk nokre av deltakarane erfara. Av praktiske årsakar, vart det bare spela ein omgang i kvar kamp. Kvart lag hadde 4 steinar i kvar kamp, og alle sendte ut ein kvar. Ofte var det opp til skip’en til slutt å sørga for å setta ein bra stein i midten.


"Treff"

Kampane arta seg ganske likt som ein vanleg curlingkamp og stemninga var stor. Her var ingen ting avgjordt før siste stein var sett. Men mest av alt så var dette kjempekjekt! Det var litt uvesentleg kven som vatn, for det var mykje flaks ute og gjekk. 
Eit ivrig pressekorps beståande av elevar på Nordfjord Folkehøgskule, knipsa utallige bilder under kampane for her var det mange mulige blinkskudd. 
 

Etter litt prøving og feiling, fekk mange til ein bra teknikk for å setta steinane fint og rolig mot boet. Til slutt blei det satt inn fleire steiner midt i boet, og det er ganske imponerande med tanke på at ingen hadde erfaring frå slikt tidlegare.


I finalen spela laget "Halvor & Co" mot "Vestibylejentegjengen". Det vart ein spanande finale, der Vestibylejentegjengen vant suverent til slutt, med dei 3 beste steinane i boet. Breogfjellsport.no gratullerer vinnarlaget så mykje og håper at dei ein gong vil nå finalen i OL. 
 

I løpet av dei timane kampane blei spela, blei det mange morosame episodar. Spesielt kan det nemnas den første steinen til Brigitte M, der ho tryna skikkleg. 



"Vestibylejentegjengen" er svært glad for seiaren


"GrønsåpeCurling" 

Her er framgangsmåten på "GrønsåpeCurling": 
Du treng ein gang med golvbelegg. Her spruter du grønsåpe og vatn. Pass på å ikkje ha for mykje vatn.
Boet lager du ved å ta ulike tapefargar på golvet. Det er viktig at det ikkje blir kosta inne i boet. Vil du ha ein meir permanent bane, kan du teikna opp boet på eit stykke golvbelegg. 
Vanlege vaskekostar vart nytta. 
Steinane er nok det vanskelegaste å laga. Bruk serveringskåler eller nokon andre skåler som er litt runde i forma. Tøm vatn oppi og sett dei i fryseren. Før dei er heilt stive må du laga hål til ei isskrue, pinne eller liknande. Bruk det du har. For å skilja steinane kan du f.eks ta oppi litt konditorfarge på halvaparten av steinane (evt. Saft) 
  
Pass på å ha godt med steinar for det er for gjordt å knuse dei. Oppbevar dei kaldt heilt til dei skal inn i spel (f.eks utendørs viss det er kaldt) 
Så er det bare å sette i gang med morroa  


  
Takk til stipendiatane på Nordfjord Folkehøgskule, for fabelaktig bra curlingopplegg! 


Resultatlista etter semifinalen

Relatert til artikkelen
Album
Curling
21 bilder
[04.03.2002 - 04.03.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no