Nordfjord Folkehøgskule går Noregs lengste bakke
På tur opp til Skåla
Nordfjord folekhøgskule gjekk imai opp Norges lengste samanhengande motbakke, opp til Skålatårnet på 1843moh. Været var strålande og naturen fekk vist seg skikkleg fram og det blei ei oppleving for livet – igjen!
Av Ragnar Fjeld 31.05.2002
For min del var det bare 4 dagar siden eg sist var oppe ved tårnet, men turen opp var så fin, at eg stod opp klokka 05.30 og blei med ein resten av gjengen i frå Nordfjord Folkehøgskule opp på toppen. Vi var litt over 20 stk som la ut på turen.     

      

Været var strålande då me starta litt over 7 i frå Loen. Det gjekk fort oppover i desse morgontimane og det var brukbar temperatur. Siden sist, hadde snøen smelta litt og vi måtte denne dagen gå omtrent 50m lenger opp for å ta på skia. Det var framleis ganske hard snø så turen oppover var lett, sjølvom det er forhåldsvis bratt.    



I første del av bakken tok vi eit bra vegvalg og sparte masse tid. Lenger oppe gjekk det ikkje like bra, og vi enda med å gå ein liten omveg. Då vi kom opp til Skålavatnet, ca 1100moh, valgte mange å skifte til shortsen eller å gå i stilongsen. Det begynte å bli varmt. Lenger oppe blei vi møtt av ein kald trekk, så det blei ikkje så veldig varmt oppover. Etter kvart som vi kom oppover, blei utsikten heilt utruleg.

På toppen

På veg oppover tok vi det svært med ro, men etter bare 3 timar var vi på toppen. Lusjen smakte godt i solveggen på Skålatårnet, med strålande solskinn og majestetisk utsikt. Rundt Lodalskåpa hang det ei lita sky, men ellers var alt klart. Toppskavlen er imponerande. Vi tok også turen bort til det høgaste punktet, 1848MOH og fekk sjå skavlen frå andre sida.      

      

Ingebjørg ved Skålatårnet
Dei som hadde lyst, tok turen vidare innover tinderekka mot Lodalskåpa. Eg blei ikkje med pga at ”påvegheim”  turen skulle starta 2 dager etterpå. For dei som tok turen innover, blei det ei kjempeoppleving. Det blei ikkje til at dei tok turen opp på Lodalskåpa, men rant direkte ned i Bødalen.
     

      

Vi andre tok det med ro på toppen og lekte oss i bakkane nedover. Mange traska også opp igjen for å få ”lenger” bakke.     

      

Då vi var på veg ned, var mange andre på veg opp. Det var starten på Josten på langs for mange.      

      

Det var ein fabelaktig tur i lag med omtrent 20 andre på Nordfjord Folkehøgskule.      

Kan absolutt anbefala deg å ta turen opp!







Skålatårnet

Relatert til artikkelen
Album
Skålatårnet 2
17 bilder
[09.05.2002 - 09.05.2002]
Vis album

Artiklar
Kjempefin tur opp til Skålatårnet [31.05.2002]
Draumen om Skåla [14.02.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no