Breogfjell er på vintertur
4 dager i solsteiken
Etter fleire dagar med storm, kulde og vanskelege forhold i fjellet, skulle BreogFjell-klassen ved Nordfjord Folkehøgskule ut på tur. Vèret blei ufattelig bra og turen blei eit minne for livet. I 4 dagar gjekk vi med telt og vinterutrustning på ryggen og fekk oppleva mektig natur. Turen blei avslutta med overnatting på topppunktet til Storevarden, 1425MOH, og tilhøyrande med nedkjøring til Breimsvatnet (60MOH) dagen etterpå. Gjett om det var kjempekult!
Av Ragnar Fjeld 15.03.2002, oppdatert 15.04.2002

Vinterturen til Breogfjellklassen ved Nordfjord Folkehøgskule starta i Årdalen ved Skei i Sogn og Fjordane fylke. Her la vi innover mot Longevasshytta. Litt skiftane vær; strålande sol i dalen, mens det var tåke i høgda. Turen innover gjekk kjempegreit. Ein plass måtte vi krysse ein skredbane og dette gjekk forsvarlig bra. Vi såg også eit mindre skred i ei av fjellsidene. På Longevasshytta la nokon seg inne, mens andre laga kantgrop ute.  

Strålande sol

Dagen etterpå vakna vi til knallvær og strålande sol. Snøkrystallane glinsa mot oss og stemingen var upåklageleg god i det vi la ut frå hytta. Finværet gjorde at mange valgte å gå i bare stilongs og ulltrøye. I lunsjpasuen blei vi nesten liggande værfast; det var nesten for fint vær. Lunsjen utvikla seg etter kvart til å bli klassemesterskap i hopping i tillegg til at mange valgte solbading. 3 timer seinare la vi i veg vidare, gjennom ein majestetisk dal med høge, ruvnde toppar på alle kantar. Kvelden kom og vi gravde ut fine snøholer og fekk i oss ein god middag. Solnedgangen farga fjella knallrød og de var varmt og godt i soveposen.




 

Storevarden

Vi fortsatte morgonen etterpå nedover til Bjørnasteinen, og gjekk opp ryggen som førte opp til Svarte Kari. I steden for å gå opp på denne toppen, blei det bestemt at vi heller skulle gå opp på Storevarden. Dette er ein ganske spesiell og vanskeleg tur, særlig med sekk. Først må du ned ein ganske bratt bakke, så må du opp ei svært bratt snørenne. I renna var det lite snø, og det var vanskeleg å få feste. Alle kom seg opp til slutt og det er ganske imponerande. På toppen var det formidabel utsikt mot Stadt i vest og jostedalsbreen i aust. Sola sklei akkurat ned under horisonten i det vi krabba opp til toppunktet. Det var totalt vindstille og teltleiren blei likegodt plassert heilt på toppen.


Soloppgang og bra nedkjøring

Klokka halv 6 vakna eg opp til ein fantastisk soloppgang. Himmelen var knallrød og det var spesielt å sjå sola spretta opp i horistonten med sin intense styrke. Forkosten blei inntatt i soveposen ute, med solbriller. Betre utsikt enn det vi hadde denne morgonen skal vi nok leite lenge etter. Etterpå var det klart for ein av tidenes lengste nedkjøringar (Med unntak av skåla såklart). Nesten 1400 høgdemeter skulle vi ned til Breimsvatnet. Det var bra føre og mange utfordringar i det skogen tok til å dukke opp i 500 meters høgde.  
  
Turen blei avslutta ved Breimsvatnet. Nydeleg utsikt og sol. Vi venta på bussen på den ganske aude plassen Ytre Kanndal. Utrulig nok kom ein isbilen kjørade og Rune spanderte is på alle mann. Kjempegodt i varmen.

Relatert til artikkelen
Album
Vintertur (Breogfjell)
30 bilder
[12.03.2002 - 15.03.2002]
Vis album

Artiklar
Blinkskudd: Vinteridyll! [07.02.2005]



Frukosten blir inntatt i soveposen, i nydeleg sol og kjempeutsikt. Klokka er 09.05 og vi er 1425 meter over havet
©2001-2004 Breogfjellsport.no