Den klassiske vårskituren
Jostedalsbreen på langs
Skituren over Jostedalsbreen er ei spesiell oppleving. Turen starta omtrent på havnivå i Erdalen, gjekk over Jostedalsbreens platå, som ligg på mellom 18- og 19 hundre meter og var avslutta med nedkjøring til Fjærland i Sogn. Det vart ein spanande og krevande tur for dei 56 forventningsfulle ungdomane. Vèret var til tider dårleg og det vart brukt for mykje av det ein hadde fått lært gjennom året på Nordfjord folkehøgskule.
Av Ragnar Fjeld 30.05.2002
Lange tradisjonar

Nordfjord Folkehøgskule er kjent for sine lange tradisjonar i å gå Jostedalsbreen på langs. Kvart år går dei aller fleste elevane denne tøffe turen. Dette år var inget unntak, men dårlig vèr førte til at opplegget blei litt endra. Eigentleg skulle ei gruppe starta i Loen, gå opp til Skålatårnet og så følge tinderekka bort til Lodalskåpa. Dette er ein tur som krever brukbare vindforhold. På grunn av stiv kuling på toppane avreisedagen, starta derfor alle gruppene i Erdalen i Oppstryn.


På lang rekke opp Erdalsbreen

Stort følge

Det store følget på 56 personar, som nettopp hadde kome heim frå 14 dagarsturar i Ekvador og på Svalbard, var ganske trøtte. Avreisen frå skulen hadde vore så altfor tidleg. I tillegg var ein del delvis slått ut av magesjau etter Ekvadorturen. Og som det ikkje var nok, så sleit mange med ein form for influensa. Likevel gjekk turen innorver Erdalen forholdsvis greit. Lunsjen blei inntatt på Vetledalssetera. Her bestemte 6 elevar at dei måtte snu på grunn av influensa, vonde anklar eller kne. 

Ut over dagen begynte vèret å letta. Sola kom fram mellom skyene og humøret steig betrakteleg. Den majestetiske Erdalsbreen låg bada i sol. Sprekkene og blåfargen var imponerande og her skulle vi gå opp. I front gjekk ei gruppe i tau, mens alle andre fulgte i spora. På den måten slapp vi at alle måtte gå i tau. I det vi nærma oss toppen, kom skyene siganes innover dalen. Til slutt var det heilt kvitt. På toppen satte vi opp den omfattande teltleiren, omtrent 15 telt!
 


Soloppgang 

Dei som var morgonfuglar fekk med seg soloppgangen over Lodalskåpa. Vistnok eit utruleg syn. Sjølv låg eg så lenge som mulig i min varme sovepose. Formen var ikkje heilt på topp. Den andre dagen starta med å renne ned Lodalsbrekka, som er eit sprekkeområde. Dette tok litt tid, men gjekk greit. I botn av denne hadde vi lunsj. Så måtte alle inn i tau. Vi skulle opp Småttene. Småttene er Jostedalsbreens smalaste parti; eit bratt brefall med mange sprekker. Heldigvis var det denne gangen enkelt å finne ein bra veg oppover. På toppen var det god vind, men ein levegg gjorde at ventepausen på resten av taulaga ikkje blei for kald. Skydekket var til tider svært lågt, så vi måtte gå på kompasskurs for å vera sikre på å gå rett. Det var forholdsvis tungt å gå fremst og så var vanskeleg å halda kursen, det blei fort til at du vingla litt fram og tilbake. 

Sjølv om det var rolige vindforhold, blei det til at teltlaget mitt bygde ein solid og kjempehøg levegg/føykevegg eit stykke frå teltet. Imiddlertid var det lite vits i denne, siden vinden i løpet av natta dreide nesten 180 grader. Teltlaget mitt var miksa til i løpet av den første dagen, siden det var ein del som snudde og andre som var sjuke. I Helsport Isfjell 4camp teletet var det grei nok plass til oss fire: Mikael, Alexander, Kristoffer og meg sjølv. Mikael hadde kjøpt seg MSR sin Dragonfly-primus og denne fungerte utmerka. Kvelden gjekk med til å få ein solid middag. Etterpå hadde vi litt te og alle tok seg ein tur ut for å vera litt sosial i denne teltbyen, som det i realiteten var.



Flott morgonutsikt til Hurrungane i Jotunheimen.


Å sjå ut om morgonen var oppløftane. Knallutsikt mot Hurrungane i Jotunheimen. Høgast ruga Store Skogadalastind, eit drømmemål for mange av oss. Dagen i dag skulle gå opp og over Høgste breakulen, 1952MOH. Opp dit var det ein kjempelang og slak oppoverbakke. Då vi endeleg var på toppen, starta det å blåse. Litt nedfor toppen blei det difor bygd ein levegg og vi tok lunsj.  
 



Skikjelke og ruskevær 

I slutten av lunsjen var det noko som ikkje var som det skulle. Ei i turfølget hadde veldig vondt i hofta. Det hadde plutseleg sagt "klikk" og det var umogleg for henne å gå. Lærarane som var med (Inger, Kjetil, Odd Harald og Jorunn) starta med å byggja ein skikjelke. Til slutt pakka dei ho inn i alt som var å oppdriva av klær og soveposar. Skikjelken blei så trukken av 4 personar. Seinare blei det til at 8 personar drog kjelken. Kjelken var bra laga og dei som trakk var i god form, så det gjekk brukbart fort. Problemet var bare nedoverbakkane. Her var det vanskeleg å halda kontroll på kjelken. 
Det tok derfor lang tid ned ein bakke ved Kvitekoll. Klokka blei til slutt litt over 8 og vi var på veg opp til Ramnane. Vinden tiltok og sikten var elendig.Det var kaldt og sterk vind og det er vanskeleg å ha oversikt over ei gruppe på 50 mann. Vi burde eigentleg koma oss minst 8km vidare før vi slo leir, men det hadde nok grensa til det uforsvarlege å gå vidare når vi i tillegg hadde med ein skada person.  Vi slo leir 500 frå Ramnane. Før telta blei satt opp, blei det bygd tidenes lemur. Dei aller fleste hadde ein mur som var 1,8m høg som gjekk rundt heile teltet, sånn i tilfelle vinden skulle endre vindrettning. Vårt Helsport Isfjell telt trengte verkeleg ikkje ein omgang juling til i frå vinden, stengene var bøyd nok frå før. Utpå kvelden kom ein til den konklusjonen at det ville bli veldig vanskeleg å frakte Camilla på skikjelke. Dagen etter måtte vi gå omtrent 30km og 1800 høgdemeter nedover. Det blei dirfor bestemt at eit par stykker blei igjen og venta på å bli henta ned med helikopter. På grunn av det dårlige været, som absolutt ikkje var noko flyvèr for helikopter, blei det lagt igjen mat og parafin for 3 døger. 
 


Sjølv bak lemurane er det mykje vind


På lang, lang rekke
 

I løpet av natta fekk teltet til Karoline Barflod og co, ein skikkeleg trøkk. Den eine stanga knakk og det blei ganske så lågt under taket. Heldigvis var det mogleg for dei å sove vidare utan for store problem. Det blei bestemt at vi skulle stå opp tidleg og gå så langt som mulig dagen etter. Med forbehold om at det var forsvarleg vèr å gå i. Dei mest ivrige morgonfuglane, som kikka ut kl 05.00, kunne raskt fastslå at vèret var like dårlig; stiv kuling og tett snødrev. Etter nokre timar letta det litt og etter mykje venting, blei alle klare til å gå i 10 tida. 50 stk på rekke er eit syn i seg sjølv. Prinsippet var å halda minst mogleg avstand til den framføre. Dermed ville gruppa halda seg sånn nokolunde samla og framdrifta ville vera effektiv og bra. Bakerste mann såg til tider ikkje meir enn dei 10-15 første personane framfor. Når det oppstod problem, eller nokon skulle ha pause, så blei beskjeden formidla framover frå person til person. Dette fungerte dårleg på grunn av vind og det lett blei misstydingar. Betre vart det då skistavane vart brukte til å signalisera starta og stopp. Framme i tet gjekk Kjetil, skulens kanskje barskaste og beste skilærar. Rett bak gjekk Odd Harald med GPS'en og kunne stolt fortelja kor mange meter det var til neste waypoint. Eks: "Nå er det bare 132 meter til Bings gryte!" 
Utuleg nok gjekk dette svært fort. I tillegg så var det fleste lystne på å koma seg ned i frå breen denne dagen. Dei aller fleste, inkludert mitt kokelag, hadde ikkje tatt med mat for ein dag ekstra. Då vi kom oss forbi Bings gryte og opp siste bakken, gjekk det forykande fort på flata. Utpå ettermiddagen kom vi difor ned på Supphellebreen. Her er det vanlegvis ei fin utforkjøring ned til Flatbrehytta. Problemet var bare at det var søkkvåt og innihampen tung snø. Dei aller beste telemarksentustiastane i gruppa klarte likevel på eit vis å få til brukbare svingar nedover, mens alle oss andre hadde store problem med tung sekk på ryggen. Den kjøringa som du kan se på videoen, den må du vera flink for å få til.

På Flatbrehytta hadde vi pause. Det blei meddelt omverdenen om skaden, og Helikopteret frå Førde skulle gjera eit forsøk så fort som mulig. Nedturen var kjempetøff. Snøen var akkurat passe råtten til å springe ned. For kvar steg du tok, sank du ned omtrent ein halv meter. I dei bratte bakkane nedover vart det artig å springe og hoppe nedover utan ski på beina. Dei aller fleste valgte også å sette seg på rompa å skli nedover fleire av dei bratte partia. Det tok heilt av for mange. Eg meiner sjølv at høgdepunktet på denne turen, var nedturen.



Flatbrehytta

Rutsjing ned frå Flatbrehytta


Avsluttning

Hallgeir, rektor på Nordfjord Folkehøgskule, kom med bussen og henta oss i nitida om kvelden. Han kunne fortelja at den forulukka eleven og dei to andre som blei igjen på breen, allereie var blitt flydde ned og venta på skulen.
 
Det vart ein fin og innholdsrik tur, med både fint- og ruskevèr. Utsikta frå Jostedalsbreen var fantastisk. Det var også interessant å sjå korleis det fungerte å vera 50 personar på tur ilag på ein såpass lang tur.

Turen over Jostedalsbreen er ein mykje gått klasikkar og er noko å få med seg. Turen krev at du har breutstyr og breerfaring. Vanlegvis går fleire hundre denen turen i mai kvart år. 
 
  

Video
 

Vi har laga ein video frå turen og lagt denne ut i windows mediaformat. For å sjå filmen, bruk lenkja i høgre kolonne lenger oppe på sida.

Fleire glimt frå turen:

Relatert til artikkelen
Album
Jostedalsbreen på langs
39 bilder
[24.04.2002 - 27.04.2002]
Vis album

Artiklar
Over Myklebust- og Jostedalsbreen [01.06.2002]

Video: Josten på langs 2002
Nordfjord Folkehøgkskule gjekk over Jostedalsbreen i april 2002. Videoen følger det store turfølget over nord-europas største isbre.
Vis video



















©2001-2004 Breogfjellsport.no