Panoramautsikt frå fly
Høgt over flotte fjell
Å ta fly på ein fin vinterdag kan vera stilig. Utan ei sky på himmelen og med panoramautsikt utover den majestetiske Jostedalsbreen, vart flyturen ei flott oppleving. Å studera eit område som du tidlegare har gått i, frå lufta, er også litt interessant. Sjå bilde av Jostedalsbreen og andre fjellområde i denne artikkelen
Av Ragnar Fjeld 26.02.2003

Klokka nærmar seg elleve på denne fine mandagen i februar. Etter ei fin helg i Gloppen går turen til Stavanger, via Oslo. Vi letter frå Sandane lufthamn og suser opp mellom dei høge Nordfjord fjella. Vi passerer over Utviksfjellet og legger oss over Myklebustbreen. Eggjenibba viser stolt fram sin knivspisse egg rett sør for Byrkjelo.



Eggjenibba



Jostedalsbreen

Så openbarar Jostedalsbreen seg. Uendeleg lange fløyelsvidder med eit og anna fjell som stikk opp. Vi flyr over breen og eg knipsar kjapt eit par bilde. Tenkt å ha vore nede på breen i dag, med strålande solskinn og "påskeføre".Så ser eg rett ned i eit brefall som slynger seg krapt nedover mot dalen, fleire hundre meter lenger nede. Sprekkene er godt synlege her frå denne høgda.

  
  
Jostedalsbreen


Vidare susar vi over Jotunheimen, Skarvheimen og til slutt over indre austlandet før vi landar på Gardermoen. Her er det hektisk aktivitet og mange fly som skal lande. Så er det rett ned å hente bagasjen, for å så levere den inn igjen for flygningen til Stavanger. Marginane er på mi side idag, og eg når akkuratt flyet. Så settes kursen mot Stavanger og på ny flyr eg over fine fjellstrøk. Hardangervidda er mektig stor sett frå fly og Haukelifjell har også sine kvalitetar. Etter ein halv time startar innflygninga mot Sola og vi entrar Lysefjorden. Styrmannen forteller villig om både "The famous base jumping place Kjerag" og "The pulpit rock" (Preikestolen) til glede for flyets utanlandske turister. Så tar flyet ein krapp sving og lander elegant på Sola lufthamn, som nesten ligg strandkanten. Ein fin flygning er over, og det er på tide å ta bussen det siste stykket heim etter ei lang og innhaldsrik helg på tur.


Utsikt ut over Frafjordheiane




Widerøes' Dash8-103 ein tidleg morgon på Sandane Lufthavn, Anda. Bildet er tatt i desember 2001.

Relatert til artikkelen
Album
Flybilder Jostedalsbreen mm.
11 bilder
[17.02.2003 - 17.02.2003]
Vis album

Artiklar
Blinkskudd: Jostedalsbreen [24.01.2005]


©2001-2004 Breogfjellsport.no