Vendereis på Haugabreen
Tur på Myklebusbreen
Dagens turmål ruva høgt over alle andre, nemlig Snønipa på Myklebustbreen. Sprekker på breen stoppa oss frå å nå Snønipa. Vi kjem garantert tilbake seinare
Av Ragnar Fjeld 16.04.2002
Breogfjell-klassen ved Nordfjord Folkehøgskule skulle på ein av sine mange toppturar. Draumen var å stå på ski ned frå Snønipa, 1827 meter over havnivå, på Myklebustbreen. Toppen ragar majestetisk i vestlandsnaturen og er eit unda turmål for ivrige friluftsinteresserte.  
  
Turen starta som vanlig ganske forsinka. Å få 15 trøtte folkehøgskule-elevar klar til kl 08.00 er ikkje alltid lett. I godt mot la vi ein time seinare ut på turen opp mot toppen. Vi starta i Stardalen, sånn omtrent 100 meter over havet. Vidare gjekk vi innover fleire skredutsatte dalar, men som var sikre i dag og vidare mot Haugabreen. Etter ei stund rota vi oss opp i fleire bratte fjellsider. Til slutt måtte vi bare innse at vi måtte snu og gå tilbake i våre egen spor. Likevel var det ikkje ein lang omveg. 

Etter dette gjekk turen greit oppover brefallet. Blåisen stakk tydelig fram fleire stadar, og det såg ut som om det var ein del mindre sprekker. Lenger oppe i brefallet, i knekken, viste det seg at det var 2-3 totalt tverrgåande sprekker som såg fryktelig breie ut. Sjølv om det er utrulig liten sjanse for å gå gjenom snøbruene som ligg oppå, så var det ikkje noko anna å gjera enn å snu og heller leika seg i snøen.  Det blei mange lange hopp frå skavlar og steinar. Det blei knipsa mange fine bilde.

Bildet øvst på denne sida, visar Lorentz på telemark nedover ei fjellside ved Haugabreen


På Haugabreen

Relatert til artikkelen
Album
Drømmen om Snønipa
4 bilder
[21.03.2002 - 21.03.2002]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no