Påvegheim2002 - Etappe2: Jostedalen-Sognefjellshytta
Breheimen, 17.mai og nye utfordringar
Vi var klar for Breheimen. I Gjerde provianterte vi og la på veg innover. Det blei den hardaste og tøffaste etappen både fysisk og psykisk. Leif Einar måtte bryte, mens Thomas Alexander og Ragnar fortsatte. Vi fekk også oppleva tidenes 17.mai til fjells i strålande vær og med kongeutsikt!
Av Ragnar Fjeld 01.06.2002

Etter dei siste dagars hardkjør, hadde vi fått slappa av godt i Gjerde. Vi sov til halv 10 og følte oss i god form. Alt vått hadde vi fått tørka på campinga og vi var i godt humør. Med godt brød, sjokolade og cola til frokost var morgonen så absolutt fin. Laffen meinte at foten var blitt betre og han var bestemt på å fortsette.                                                                           

Vi er samla utanfor den orginale butikken til Edvin i Gjerde
Edvin’s kolonial                                     

Gjerde var ein bra plass å vera. Her hadde folk god tid og var vennlege. På denne litle staden var det to heilt spesielle matvarebutikkar. Den koselegaste av desse, var Edvin’s kolonial, dreven av han Edvin sjølv. Meget spesiell og hyggeleg kar. Han var imponert over oss ”fjellkara” som han kalla oss. Vi ringte han då vi var på veg ned frå Jostdalsbreen kvelden før, og han skaffa oss alt det vi ville ha og satte varene utanfor butikken. Betalinga kunne vi ta seinare.                                     

Då vi kom dagen etterpå var han svært ivrig for å få høyra om turen vår. Til 17.mai feiringa fekk vi med oss ein stor marsipankake til innkjøpspris(60kr)! Som nistemat kjøpte vi med oss kanelrullar.                                     

Vi kjøpte også inn 12 plater med 200-grams Freia sjokolade. I tillegg fekk vi tak i meir solkrem og mange andre småting. Ein del av breutstyret blei sendt med landpostbudet tilbake til Nordfjord, slik at vi fekk lettare sekkar.                                     

14.45 var vi klare til å gå avgårde. Det var ca 7 km på veg bort til Fåberg. Heldigvis hadde vi med joggesko som vi kunne gå i. Sekken min blei av den grunn ganske så tung sidan skiskoa mine var svært så tunge og enda ganske våte. Det at dei var våte merka eg imiddlertid ingen ting til sidan eg brukte Seaskinn sokkar! Vi passerte Nigard og bresenteret her. Tåka låg enda tjukk over Jostedalsbreen i om lag 1100 meters høgde.                                      

Då vi kom til Fåberg, skulle vi ta anleggsvegen oppover. Denne var bare delvis dekka av snø, så vi måtte av og på med skia. I tillegg var det bløtt og elendig skiføre, så det gjekk seint oppover. Fåberg låg ca 400m o. h. og vi skulle opp til om lag 1200m o. h.                                      

Leif Einar må bryte                                     

Denne oppstigninga må ha vore ei stor påkjenning på foten til Laffen. Då vi var kome opp til 920m o. h., sa han i frå om at det blei for vondt å gå vidare. Det var ein vanskeleg situasjon for oss. Det var mest synd på Laffen. Han meinte vi måtte fortsetta utan han, men vi hadde ikkje veldig lyst. Vi måtte i alle fall vera sikre på at Laffen kom seg tilbake. Vi ringte til campinga i Gjerde og spurde om det gjekk bussar nedover den kvelden eller dagen etterpå. Siden det var 16.mai og 17.mai dagen etterpå, gjekk det ingen bussar. Vi kontakta også Astrid i Sogndal for å høyra om ho kunne hjelpa til. Før vi skilte lag, delte vi ein sjokolade. Så sa Leif Einar farvel til oss og rant nedover. Vi pakka litt om og fortsatte oppover. Det var ikkje ein lystig stemning blant oss og klokka hadde blitt nesten åtte. Det var langt fram til hytta. På toppen av bakkane, sendte vi melding om det som hadde skjedd til nettet og at vi gjekk vidare. I Breheimen viste vi at det ikkje var mobildekning, så vi blei utan kontakt i minimum 48 timer.                                      

Arentzbu                                     

Skiføret innover var bruktbart, men litt bløtt. Det var ikkje antydning til råtten snø og det var jo eit godt tegn. Vi viste at dei som gjekk året før, hadde fått råtten snø her. Mange bekkar var opne og det var overvatn på eit stort vatn vi gjekk over. Det var til tider litt tåke, men utover kvelden letta skydekket litt. Vi hadde dårlig feste innover, så det kosta oss mykje krefter. Nedkjøringa mot Arentzbu gjekk greit, sjølv om det var blitt ganske mørkt og vanskeleg å sjå terrenget. Det siste stykket bort til hytta tok litt tid. På Arentzu var det to fine hytter. Her heiv vi oss inn og Thomas gjekk med ein gong i gang med å laga middag, mens Alexander og eg slappa av. Det blei ein skikkeleg middag med masse pasta. I hytteboka såg vi at det bare hadde vore 2stk før oss dette året. Det blei ein spesiell kveld. Ingen var i godt humør og vi håpa Laffen hadde kome seg ned til Sogndal.                                      

Idyllisk 17.mai til fjells                                        

17.mai stemning til fjells. Store Skagastølstind og Hurrungane viser seg fram i bakgrunnen
                            

Vi vakna opp til ein fantastisk morgon. Det var 17.mai og knallvær langt inne på fjellet. Då eg kom ut døra oppdaga eg plutseleg at vi hadde utsikt mot Hurrungane og Store Skagastølstind. Ute hang vi opp 2 små flagg som vi hadde tatt med. Vi var i godt humør og nynna på ”Norge i hvitt, blått og rødt”. Thomas framførte heile denne sangen for oss. Ute på trappa tok vi oppstilling under flagget og fremførte ”JA, vi elsker dette landet” med fenomenal utsikt og herleg solskinn.                  

Stemninga blei super då Thomas kom ut med nysteikte pannekaker med syltetøy og sukker Til dessert var det klart for 17.mai Marsipankaka som Thomas hadde hatt i den store sekken sin. ..

17.mai marsipankake frå Edvin's Kolonial. Smakte ekstra godt i solsteiken på Arentzbu
Etter eit fall dagen før hadde litt av pynten forflytta seg litt, men kaka var overraskande heil. Kaka var pynta med Norske flagg og smakte vidunderlig.                     

                      

Radioen gav oss stemningsrapportar frå andre kantar av landet og vi fekk med oss at det var mange som kosa seg på denne 17. mai-dagen, men vi ville ikkje ha bytta med nokon andre. Det var heilt utruleg å oppleva 17.mai langt til fjells med norske flagg, marsipankake, solskinn, og snø på fjella rundt oss. Bare heilt idyllisk.                                     

Utfordrande 17.mai etappe                                     

Thomas firer seg over elva!
Dagens turmål var å kom seg til Nørstedalsseter. Ein distanse i luftlinje på 12km, men det skulle visa seg å bli meir utfordrande enn vi satt pris på. Vi starta frå hytta litt over to.               

               

Første hindring var den eksepsjonelt strie elva. Det var STOR vannføring og dette var ikkje ei lita elv. Sjølv om Thomas meinte at det kanskje var mogleg å krysse  elva eit par kilometer oppe i dalen, hadde vi ein alternativ plan. Denne var tenkt ut på ettape1. Vi viste ut frå kartet at det var ei sommarbru over elva. Denne var ikkje lagt ut for sesongen og låg 1meter under snøen. Denne brua hadde, som vi hadde fôrutsett, 2 vaiarar som  gjekk over.               

               

Ved hjelp av to brysteselar, 6 slynger og 2 skrukarabinar, var planen å fire oss over til den andre sida. Den eine brystselen brukte vi som sittesele og den andre på vanleg måte. Så brukte vi slyngene til å festa dei 2 skrukarabinane til vaieren. Alexander meldte seg frivillig til å prøve først. Han var nok litt nervøs der han klatra opp og sklei ut høgt over den brusande elva.              

Det gjekk kjempegreitt og så sendte vi sekkane over til Alexander. Han fekk litt problemar med å ta imot dei, og stod i tillegg usikra på kanten. Det gjekk også bra. Så firte Thomas seg over og meg sjølv til slutt. Vi fekk ein del kule bilder av oss hengane over den brusandes elva. Skikkeleg kult!                                                                     

Hurrungane i Jotunheimen
                                   

Vi brukte ein og ein halv time på å koma oss over, så det tok litt tid. Det var lite snø det første stykket vidare og vi kjørte sikksakk mellom masse bjørketre. Så tok vi av oss skia og gjekk opp på ein rygg som var heilt bar. Denne følgde vi langt oppover. Utsikten mot Hurrungane i Jotunheimen var heilt enorm. Vi koste oss skikkeleg i det fine været og gjekk i bar overkropp. Då vi kom på toppen, kryssa vi over eit svært skrått området. Det var litt ustabil snø i eit par skråningar, men ingen stor skredfare. De var umulig å finne vegen ved hjelp av kartet, så vi følgde vardane som av og til stakk opp av snøen.                                      

Alexander rutsjer ned fjellside                                     

Då vi endeleg kom ut i frå dette området kom vi etter ei lang, slak stigning, til eit bratt parti som vi på førehand hadde studert nøye på kartet. Det vi ikkje viste, var det spesielle landskapet i Breheimen. Det var fullt av skrentar og stup som ikkje kom med på kartet på grunn av ekvidistansen. På avstand såg det veldig greit ut å koma seg opp den forholdsvis bratte bakken. Det var det på ingen måte.                                     

Sommarruta gjekk opp over eit skred som hadde gått, og det var svært bratt der. Det såg ut til å vera mykje betre litt lenger inne i dalen. Då vi kom bort til den plassen vi hadde sett oss ut, var det altfor bratt der. Vi fann eit nytt sted å gå opp. Dette var ein forholdsvis bratt, men kort bakke. Klokka var blitt nesten halv ni og sola hadde steika på snøen heile dagen. Det var derfor litt laust. Vi kryssa opp over den smale bakken. Alexander gjekk rett ovanfor meg. Då han hadde gått to meter til, løsna snøen under skia og han for nedover i stor fart nedover og blei liggande ca 20 meter lenger nede heilt livlaus. Eg og Thomas ropte fortvila og eg skulle akkurtatt til å sette utfor, då han endeleg rørte på seg. Det viste seg at han var sånn stort sett i orden. Det kunne fort gått svært galt, fordi han rutja over eit par store steinar. Sekken tok heldigvis av for mesteparten. Vi fant ut at det var uforsvarleg å gå på ski oppover, så vi klatra ut på sida der det var fritt for snø. Alexander måtte kjempe seg opp frå botn av bakken og han datt ned 3 gonger. Til slutt kom han seg også opp på den snøfrie delen. Så var det småklatring oppover. Thomas leda ann og tok i mot ski etter kvart som vi kom oppover. 2+ klatring med 22kg på ryggen og med beksømmar, var ikkje så lett. Då vi kom opp denne bakken, såg vi at vi måtte klatre enda lenger for å kome opp. Til slutt kom vi opp i snøen og kunne lange spor oppover. Vi måtte for all del ikkje skli her. Då kunne vi risikere å skli ned godt 100 høgdemeter. Etter ei lang stund kom vi opp. På toppen tok vi oss lunsj.                                      

Farleg nedstigning                                     

Det hadde blitt kaldare og klokka var blitt 21.30 i det vi fortsatte vidare. Etter kvart blei det skareføre og det gjekk fort framover. Vi viste at nedstigninga til Nørstedalsseter var bratt og at denne hadde vore bart året før. Då vi starta på nedstigninga, var det heilt bart. Det begynte også å mørkna. Etter eit stykke kom snøen igjen og stien forsvann. På kartet såg vi at stien slynga seg nedover og at det var bratt. I verkeligheta var det eit 150meters stup rett framfor oss og ein bratt snøbakke på sida. Det var blitt veldig hard skare og det var bare så vidt Thomas klarte å sparka spor. Vi såg heile tida ned til eit vatn ca 200meter under oss. Nedover måtte vi bare gjette på veien. Kartet var altfor unøyaktig. Vi var svært utsatt eit par plassar og vi var redde for å skli. Mirakuløst så klarte vi til slutt å finna ein veg ned. Thomas brukte all si tyngde for å trampa spor i den knallharde skaren. Han fekk vondt i helane i fleire dagar etterpå. Då vi var nesten nede, kom vi til ein bratt snøbakke og det var bare så vidt vi kom oss ned. Nede ved vatnet låg ein kraftstasjon. Då vi snudde oss å såg oppover fekk vi nesten sjokk. Fjellsida var lodrett og det er utruleg at vi kom oss ned på dei smale hyllene som totalt var dekka av snø. Dette var den verste opplevinga på heile turen og vi vil på ingen måte anbefala folk å gå her når det er snø.                           

Nørstedalsseter   

Sjølvbetjeningskvarteret på Nørstedalsseter. Hytta var kjempeliten, så vi sov ute
                                            

Vi gjekk målretta mot Nørstedalsseter og klokka var litt over 12. Då vi kom bort til sjølve hytta, fann vi ikkje sjølvbetjeningskvarteret. Då vi etter litt leiting fann denne hytta, var det allerede stua inn 8 stk, så det var ikkje ein centimeter med plass. Vi la oss derfor ute. Thomas var inne å henta mat og middagen var vell klar litt over 2. Då hadde både Alex og eg sovna. Då vi vakna dagen etter, var været framleis fint. Det hadde vore kaldt denne natta. Hytta på Nørstedalsseter var ein skuffelse. Det var nesten ikkje proviant og det som var, var gått ut på dato eller mygla. Vi hadde tenkt å ta ein kviledag, men vi bestemte derfor oss for å fortsetta.                               

Fanaråken
      

Thomas
Klokka 10 gjekk vi av gårde i solskinn. Solkremen blei flittig brukt og vi tok det med ro. Då vi kom opp til toppen litt utpå dagen, hadde vi fabelaktig utsikt ut mot Jotunheimen. Vi tok ein god pause og nøyt utsikten i lag med ein 200grams Helnøttsjokolade.      

      

Så bare det utfor og ned til Storevatnet. Dette var regulert, men sidan det var ferske skispor over det, tok vi sjansen og gjekk over. Det gjekk heilt fint og vi sparte masse tid. Klokka 21.30 ankom vi Sognefjellshytta (Betjent). Vi var overlykkelege for å ha kome fram! På hytta var det fullt, men vi fekk plass alikevel. Middagen blei laga i hytteveggen. Mange var interessert i å høyra om turen vår. Dei aller fleste kjente også til Nordfjord Folkehøgskule. Vi overnatta inne i stua etter å ha stappa i oss godt med sjokolade og brus.                                     

 

Laffen                                     

Vi fekk også ringt til Laffen. Han hadde klart seg fint og hadde tatt nattbussen heim natt til 17.mai.                                      

Då han hadde kome ned til Fåberg, traff han ein bonde som hogde ved. Bonden kjørte han til Gjerde. Taxi til Sogndal ville kosta 1500kr, og det ville han ikkje betala. På kafeen fekk han vite at det var 1t og 10minutt til bussen gjekk og at det tok 1t om 5 minutt å kjøra ned til Sogndal. Kafedama hadde så spurd nokon ungdommar som satt der om dei kunne kjør han, mot god betaling. Det ville dei gjerne. Det dei ikkje viste, var at Laffen hadde ski og stor sekk. Derfor måtte dei bytta bil. Etter ei stund var dei vist på vegen nedover. Dei andre i bilen skulle på fest i Sogndal. I Sogndal kjørte bussen akkurat i det dei kom. Laffen spurde så om dei kunne kjøra forbi bussen også stoppa på neste holdeplass. Det gjorde dei og så satt han på nattbussen heimover. Vi var svært glade for at det hadde ordna seg                                                                        

Vi går mot Sognefjell
                                     

Etappe 2 var spesiell. Laffen måtte bryte og det gjekk innpå oss. Det var også den vanskelegaste og tøffaste etappen av dei alle. 17.mai morgonen var fantastisk og det var ei oppleving eg vil huske for resten av livet.                                     

 
Relatert til artikkelen
Album
Påvegheim Etappe2 Breheimen
31 bilder
[16.05.2002 - 18.05.2002]
Vis album

Artiklar
Påvegheim2002 Etappe5: Vi cruiser heimover [01.06.2002]
Flott i Jotunheimen [01.06.2002]
Over Filefjell [01.06.2002]
Over Myklebust- og Jostedalsbreen [01.06.2002]

Artikkelen er del av TEMA:
På tur heim frå folkehøgskule
-På ski, til fots og med sykkel

Etter eit år på folkehøgskule, bestemte 4 elever seg for å koma seg heim på eigenhand. Frå Gloppen i Sogn og Fjordane bare det over både fjord, bre og fjell. Då det blei lite snø igjen, blei ski bytta ut med sykkel. Gjennom tekst og bilder kan du følgja turen

18 fine dagar i mai 2002!

Gå til tema-framside: PÅVEGHEIM 2002


Bilde i album "Påvegheim Etappe2 Breheimen"
































©2001-2004 Breogfjellsport.no