Påsketur 2005
Påske i Jotunheimen og Skarvheimen
Denne påsken tok eg turen opp i Jotunheimen og deretter sørover i Skarvheimen til Finse. Det vart ei fantastisk veke i fjellet, med solskinn, kvikklunsj, frokostblanding og snødekte fjell.
Av Ragnar Fjeld 25.03.2005, oppdatert 10.04.2005

DNT-buss

Ein lite planlagt påsketur starta med å bestille plass på dnt-bussen frå Oslo til Gjendesheim fredag 18.mars. Den hyggelege dama i telefonen kunne fortelja at det bare var å møte opp dagen etterpå (lørdag), så fekk eg heller betale seinare. Seint på kvelden gjekk eg på nattoget til Oslo, noko eg ikkje var åleine om; tydelegvis stor påskeutfart. Bussterminalen i Oslo var også folksom, med bussavgangar i "aust og vest". Fann etter kvart den rette bussen og kom meg ombord.

Ettermiddag mot Glitterheim

Dnt-bussen kom så fram til Gjendesheim kl 15.30 og eg var då litt usikker på om det var lurt å leggje ut på turen til Glitterheim. Dit er det vel 25-26km og ein del stigning. Kom fram til at eg hadde heile kvelden på meg, samt at vèret var bra og traska difor oppover bakkane frå hytta rundt klokka fire. Etter ei slak oppstigning utan bruk av feller, bar det nedover ei fin nedkjøring og ikkje lenge etterpå bar det ut på Russvatnet. Sola var på veg ned og det vart merkbart kaldare. Over vatnet gjekk det rimeleg raskt, før ein lang oppstigning venta. Her var det omtrent ikkje spor, då dei fleste sikkert hadde tatt ein slakare avstikkar ved Tjønnholodden, opp langs sommarruta. Noko tungt var det iallefall og lyset vart etter kvart svakare. Klokka åtte måtte hovudlykta fram, då det var vanskeleg å sjå spor og dumpar i terrenget. Måneskinnet var kraftig dempa av eit skylag, men det var ikkje mørkt. Nedkjøringa til Glitterheim gjekk greit, men farten måtte avpassast ettersom diodelykta mi bare lyste 4-5 meter framover. Som desidert siste gjest denne dagen, ankom eg Glitterheim etter fire timar og førtifem minutt. For å spare litt på budsjettet, vart middagen bytta ut med resten av nistepakka.

Gjendesheim-Glitterheim. 26km


Tåkeslør. Frå ruta mellom Glitterheim og Spiterstulen


Mot Spiterstulen og Leivassbu

Morgonen etter var det opp i halv-ni tida, pakke og så sette seg ute med ein porsjon frokostblanding i sola. Eit tynt sky/tåkelag låg på himmelen, men det var lite vind. Tenkte litt på å gå over Glittertind, men med litt for mykje "krimskram" i sekken og smale ski til nedkjøring, fann eg ut at det var lurare å ta kvisteruta direkte mot Spiterstulen. Relativt slakt terreng, både oppover og nedover. Fin utsikt til toppane ved Veobrean. Nedkjøringa til Spiterstulen hadde lite snø og det var ein del skjulte steinar rett under snøoverflata. Kom meg ned ganske enkelt, men skia fekk seg nokon fleire saftige riper. Lunsjen vart inntatt utanfor Spiterstulen. Vèret vart gråare utover dagen og sola kom ikkje fram igjen. Turen fortsatte innover den slake Visdalen og opp bakken ved Kyrkjeglupen. Så var Leirvassbu i sikte. På hytta var det forholdvis mange påsketuristar. Middagen på Leirvassbu var særdeles god.

Glitterheim - Spiterstulen (15km) - Leirvassbu (ca 15km). Totalt ca 30km



Smørstabbtindan sett frå Leirvassbu


Sol. Frå ruta mellom Leirvassbu og Gjendebu.


Gjendebu og Fondsbu

Kvart over ni bar det ut frå Leirvassbu. I det eg tok på skia og skulle til å gå, letta tåka ein del og Smørstabbtindan kom til syne. Flotte toppar! Ruta nedover mot Gjendebu var verkeleg fin, den finaste på heile turen trur eg. Sola stod høgt på den blå himmelen og toppane var utruleg fine. Føret var også godt. Lang og fin nedkjøring til Storådalen, med utsikt til toppar som Slettmarkspiggen, Mesmogtinden og Knutholstinden. Litt ploging gjennom bjørkeskogen ned til Gjendebu, då skogen var tett og trasèen var smal. Ved gjendebu var vertskapet i full gang med vedkløyving, mens turfolket satt i solveggen og nøyt nistepakka. Tenkte meg så vidare til Fondsbu. Føret hadde slått om og dei einaste som fungerte var universalklister, men det satt til gjengjeld nesten for godt. Fin utsikt ved nedkjøringa til Bygdin, mot toppar som Uranostind og Falketind. Nede ved Bygdin satte eg igang med dagens middagslaging. Ein pakke med pasta og sjokoladedrikk etterpå. Over Bygdin gjekk det rimeleg raskt og ikkje lenge etterpå var eg ved Fondsbu. Fekk lagt meg inn på sovesalen i eit heller ganske nytt og fint tilbygg.

Leirvassbu - Gjendebu (19km) - Fondsbu (ca 15km). Totalt ca 34km.


Blått er flott


Fondsbu ved Eidsbugarden


Slettningsbu via Steinbusjøen

Fekk tips om at det var fint å gå via Steinbusjøen i staden for å gå over den store innsjøen Tyin på veg sørover. Hadde ikkje kart over dette området, men det var kvista heile vegen. Dagen vart veldig varm, men det var ganske disig, så den fine utsikta uteblei. Spora hadde også blåst igjen, så det vart ein del sportråkking. Rett før Steinbusjøen, traff eg på andre folk, og så var det fine spor vidare. Kom ned til Tyin litt over fire, og fekk foreviga ein stappfull Weasel (beltebil) med folk frå Fondsbu. Ganske artig så sjå på, sjølv om eg i utgangspunktet ikkje er overbegeistra for slik motorisert transport.

Kom meg over Tyin og tok fatt på motbakkan oppover mot Slettningsbu. Sola var i ferd med å gå ned, då eg kom fram til hytta. På hytta var fire andre hygglege gjester, blandt anna eit fransk par som var busatt i Norge. Etter ein lang dag, kanskje 25-30km, så var det godt med middag. Kvelden blei trivleg og det vart fortalt mange artige historiar.

Fondsbu-Slettningsbu via Steinbusjøen, ca 28-30km


"Morgonstund har gull i munn", morgon ved Slettningsbu


Slettningsbu


Mot Breistølen

Det var ein meget fin morgon på Slettningsbu; fjella bada seg i det gullaktige morgonlyset. Frå Slettningsbu gjekk det ganske radig nedover mot europavegen over Filefjell. Einaste problemet var at spora hadde frose i løpet av natta og dette førte til plutselege "bråstoppar", då skinnet på beksømmane tok i snøkanten. Måtte difor gå utanom sporet nesten heile vegen. Frå Slettningsbu er det to alternative ruter mot Filefjell, eg tok den vestlege av desse, då eg har gått den andre tidlegare. Nedkjøringa frå Grønevatnet og gjennom skogen var ikkje så lett på ganske skarpt føre, så eg gjekk ned eit stykke. Nede ved europavegen fulgte eg ei skiløype vestover og kom snart inn i kvisteruta mot Sulebu. Ved Sulebu var det ganske mange dagstursturistar og veret var også blitt betrakteleg surare. Ein kald trekk og snø i lufta. Etter ein halvtimes lunsjpause, bar det vidare over Suleskardet. Tåka låg ganske tett der oppe, men det var uproblematisk å ta seg fram. Vidare mot Breistølen var fellane gode å ha i nokon av oppoverbakkane. Litt over halv sju var eg nede ved Breistølen. Grei overnatting i kjellarstova og god middag. Det var også godt å slappe av i stova ut over kvelden.

Slettningsbu - Sulebu (ca 16km) - Breistølen (18 km). Totalt ca 34km


Fint innover i Skarvheimen. Her mellom Bjordalsbu og Lungdalshytta


Lungdalshytta


Sørover i Skarvheimen

Dagen starta ganske grå, overskya og nokre kuldegrader. Frå Breistølen bar det ganske godt oppover langs Stardøla, men med feller gjekk det ganske raskt unna. På toppen viste det seg at klisteret eg hadde hatt på dagen i forvegen skapte skikkeleg problem. Fekk klabber på 20-30cm og stod "bom fast". Prøvde å rense skia ein gong, utan at det vart noko betre. Måtte difor rense skia heilt, då gjekk det betre, men så forsvann også festet. Måtte difor på med fellane igjen. Oppe ved Bjordalsbu skein det opp og sola kom fram. Bjordalsbu ligg på omtrent 1580 meter over havet og vidare innover gjekk det veldig lett. Det var verkeleg eit fint område og sola varma godt. Ein skikkeleg lang og fin nedkjøring på omtrent 500 hødemeter ned til Djup gjekk ganske fort unna, før Lungdalshytta dukka opp. Etter ein pause bar det vidare mot Kongshelleren, ca 14 kilometer. Omtrent to timar tok det frå Lungdalshytta til oppoverbakkane var unnagjort, og eg igjen var på 1500 moh. Sola var på veg ned i det eg suste over Volavatnet, med god fart mot Kongshelleren Litt over halv åtte kom eg fram til hytta. I tillegg til hyttevakta, var det bare to andre gjester. Etter ei stund viste det seg at hyttevakta var Ørjan Skare, som også er med å driv fjellforum.net. Veldig hyggeleg!

Breistølen - Bjordalsbu (11km) - Lungdalshytta (16km) - Kongshelleren (14km). Totalt 41km


Kveldsol. På veg mellom Lungdalshytta og Kongshelleren.


Kongshelleren

Siste bakke ned mot eit påskestemt Finse!

Finse

Vakna opp til ein flott morgon i Skarvheimen. Tenkte meg vidare til Finse denne dagen. Trudde det gjekk tog til Bergen rundt klokka fem, og det var kanskje litt i knappast laget, då klokka vart litt over ti før eg kom meg avgårde. Frå Kongshelleren var det mykje nedover og det gjekk fort unna. Tok på fellane i bakken som går over Geireryggstunellen og då gjenstod bare nedkjøringa mot Geirygsshytta. Etter ein lite pause her rett over klokka tolv, bar det sørover mot Finse via Omsbreen. Sola steika godt, så ekstra solfaktor måtte til. Over Omsvatnet gjekk det rimeleg raskt, men oppstigninga mot Omsbreen var litt tung. Vidare var det ei kjempelang, passe slak utforkjøring heilt ned til Finse! Etter å ha tatt det passe med ro, kom eg ned til eit Finse i påskestemning litt før klokka tre. Mykje glade påsketuristar satt ute i sola og koste seg. Ein tur innom den betjente NSB stasjonen måtte eg for å kjøpe billett for toget. Det viste seg å gå halv-fire, så eg var heldig som var ute i god tid. I motsatt retning gjekk det imiddlertid tog litt over fem.

Ein tur innom den vesle butikken på Finse 1222 hotellet måtte eg, og det smakte godt med nysteikte boller! Så satt eg snart på toget mot Bergen, og som sikkert mange andre påskefjellturistar, så hadde eg hatt ein alle tiders veketur i fjellet, påsken 2005. Omtrent 22,5 mil merkes litt i føtene, men det skal det gjera.

Kongshelleren (14km) - Geirerygghytta - Finse via Omsbreen (16km). Totalt 30km.
Turdato: 19.03 - 25.03.2005, påsken 2005

Relatert til artikkelen
Album
Jotunheimen, påsken 2005
43 bilder
[19.03.2005 - 23.04.2005]
Vis album
Album
Filefjell-Finse, påsken 2005
19 bilder
[23.03.2005 - 25.03.2005]
Vis album



Smørstabbtindan sett frå Leirvassbu


Frå ruta mellom Leirvassbu og Gjendebu


Frå ruta mellom Leirvassbu og Gjendebu


Ved Bygdin


Utsikt mot Falketind og Uranostind. Eidsbugarden i forgrunnen


Weaseltransport frå Fondsbu


Flott i Skarvheimen. Her mellom Bjordalsbu og Lungdalshytta


Mot Lungdalshytta


Lungdalshytta


Solnedgang over Skarvheimen


Togstasjonen på Finse

©2001-2004 Breogfjellsport.no