Topptur på påskeføre
Storeknuten i Rogalandsheiane
Tåka låg tjukk ute med kysten, mens himmelen var blå i fjellet. Med utgangspunkt i Hunnedalen blei det ein tur med strålande sol opp til Storeknuten. Nedkjøring på perfekt "påskeføre" var skikkeleg artig!
Av Ragnar Fjeld 26.03.2003

Sola løfta vekk tokedottane og blå himmel kom til syne. I innlandet var det strålande vèr, mens det langs kysten låg tjukk tåke. Kanskje ikkje så rart at trafikken var betydeleg mindre enn vanleg denne søndagen.  Etter ein times kjøretur kom vi fram til Hunnedalen, på grensa mellom Rogaland og Vest-Agder. Dette er eit mykje brukt turområdet for folk i sør-Rogaland og herfrå går det kvista løyper til 5 sjølvbetjente turisthytter. Det er også mange fine småtoppar som er fine dagstursmål.



Storeknuten, 1055moh

Storeknuten

Målet for dagen var ein topp nesten 4km sør-sørvest for Hyttefeltet i dalen. Frå morgonen av var det litt hardt, så den gamle voksen under skia hadde null feste. Fellane blei derfor raskt tatt i bruk for å sleppa å legga på klister. Vi passerte ein god del folk med bakglatte ski; ikkje mange som bruker feller her i distriktet. Sjølvom det er mindre snø enn vanleg, var det ingen problem oppover. Det blei ein flott skitur sørover mot toppen. Småkupert terreng og flott skue utover fjella innenfor. Ein kombinert sol- og matpause, med innslag frå skiskyttar VM der Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til gull, blei tatt før vi gjekk opp på sjølve toppen. Toppen blei nådd etter drøye to timar, så det var på ingen måte ein lang tur. På toppen var det litt vind (som alltid i desse trakter). Lange og fine bakkar venta på oss til returen 
 
  

Opp mot Storeknuten


Påskeføre
 
På toppen hadde sola steika heile dagen og smelta den steinaharde snøen til skikkeleg sukkerføre. Nedkjøringa blei skikkeleg kos for min del. Frå toppunktet på 1055moh, bar det nedover til Berkebekktjønna på 787moh, så det var ein brukbar bakke, sjølvom det ikkje kan målast med toppar i andre strøk av landet. Dei øvste partia blei kjørt to gonger siden førert var så utruleg fint.  
Så var det bare å ta det med ro på tilbaketuren til Hunnedalen.          
    


Relatert til artikkelen
Album
Storeknuten i Rogalandsheiane
8 bilder
[23.03.2003 - 23.03.2003]
Vis album

Turfakta: Storeknuten 

Turlengde
ca 4timar t/r, omtrent 8km
  

Kart
Turkart "Frafjord og Bjerkreimsheiane" eller M711 "Frafjord" (nr.197 blad 1312IV)


Turen passar for
Alle som har gått litt på ski i fjellet tidlegare


Korleis koma til Hunnedalen:
Frå Stavanger følges E39 til sør for Ålgård. Vidare på rv45 til Hunnedalen. Omtrent 1,5 time frå Stavanger


Parkering
Nedre parkeringsplass på øvre hyttefjelt i Hunnedalen. Fri parkering


©2001-2004 Breogfjellsport.no