Norges lengste motbakke
Kjempefin tur opp til Skålatårnet
Noregs lengste motbakke går frå Loen og opp til Skålatårnet, 1843MOH. Ein fin søndag tidleg i mai, tok vi turen opp til denne fantastiske plassen. Strålande solskin og kjempeutsikt. Skålatårnet imponerte med sin spesielle sjarm!
Av Ragnar Fjeld 31.05.2002


Ein søndag i mai tok vi ekspressbussen til Loen i Nordfjord. Målet var å koma seg opp til Skålatårnet. Tidegare i vinter måtte vi snu halvegs, pga dårlig vær. I dag var det derimot strålande solskin og ”shortsvær”.              

Klokka var nesten 2, då vi steig av bussen nede i Loen sentrum. Vi slang skia på sekken og rusla gjennom bygda. Etter eit par kilometer kom vi fram til starten av stien oppover. Det var steikandes varmt det første stykket oppover.        


Thomas Andre Thorkildsen på veg opp mot Skålatårnet


Snø på 600MOH


På omtrent 600moh, fant vi snøen og tok på oss skia. Med breie feller og i sukkersnø, var det ganske tungt å gå oppover. Utsikten blei bare meir og meir spektakulær etter kvart som vi kom høgare opp. Forbi oss suste eit par telemarkskjørar som koste seg i det perfekte føret.     


Etter fire timar, kom Skålatårnet til syne. Det robuste tårnet klamrer seg fast på kanten av stupet. Utsikten vi hadde både mot fjorden, Jostedalsbreen og mot Sunnmørsalpane kan ikkje beskrivast. Jostedalsbreen med voldsame brefall, topper og størrelse. Nordfjorden som buktar seg innover og alle dei kvasse toppane på Sunnmøre. Over alle andre, ruver Lodalskåpa. Denne toppen på 2053MOH stikk majestetisk opp av breen.             

På toppen er det ein lang og stor toppskavl. Skikkeleg fint å stå på toppen av denne og bare nyte utsikta 360grader rundt. Vi blei lenge på toppen!




Skålatårnet

        
Skålatårnet ligg på kanten av Fjellet Skåla. Skåla sitt høgaste punkt ligg litt nordøst for tårnet, 1848MOH. Kjempeskue bort til denne toppen, men ikkje like bra utsikt der. Tårnet er bygd av stein og har halvmetertjukke veggar. Dette må til her oppe som det ofte stormar. Tårnet har sin egen sjarm og det er skikkeleg koselig å sitte inne. I andre etasje er soverommet. Her er de ei 3etasjes halvsirkelforma køyseng. Kvar ”etasje” har plass til i alle fall 7 personar. Skålatårnet drives av Bergen Turlag og er ikkje låst. Det er eit vist utvalg av proviant, men på våren er det ofte litt lite igjen.             


Etter å ha nøte livet på denne fjelltoppen med vidunderlig utsikt vell å lenge, blei det kveld og fin solnedgang. Tårnet blei farga knallrødt! Vi spente på oss skia og tok fatt på dei 1200Høgdemetrane på ski nedover. Litt vanskeleg føre, siden det hadde blitt gjennomslagsskare, men det var fine utforkjøringar uansett. Vi var heilt nede litt over 10.              

Det er turar som dette som får deg til å tenke og du får påfyll av både motivasjon og glede i lang tid etterpå.

Relatert til artikkelen
Album
Skålatårnet 1
32 bilder
[05.05.2002 - 05.05.2002]
Vis album

Artiklar
På tur opp til Skåla [31.05.2002]
Draumen om Skåla [14.02.2002]






©2001-2004 Breogfjellsport.no