Topptur og diverse
Tur til Narvik
Narvik har mange fine fjell, det er sikkert. Ei helg i februar sattes kursen nordover. Først punkt på programmet var ein interessant og lang flytur. Turens høgdepunkt blei toppturen i området rundt Blåisen
Av Ragnar Fjeld 14.03.2004
Dash8
I distanse er det ikkje så langt mellom Trondheim og flyplassen på Evenes, men det kan ta litt tid. Fredag ettermiddag skulle vi ta Widerøes Helgelandsrute oppover til Bodø. Widerøe flyr her med sine ”Dash8-103” fly,  som er bergna for kortbanebruk. Pilotane som flyr desse flotte flymaskinane, opererer under nokon dei mest utfordrande forholda her til lands. Denne ettermiddagen var det store forsekingar grunna uvær dagen i forvegen ved mange flyplassar i nord-Norge.
 
Widerøes' dash8-103 (LN-WIJ) i Bodø
 
 
Flytur
Då vi tok av frå Værnes, var flyet heilt fullt. Klappsetet i cockpit var også i bruk. Tidlegare på dagen hadde fleire fly måtte gi opp å lande på i Brønnøysund og Sandnessjøen, som var stopp undervegs til Bodø. For vårt fly gjekk det veldig greit og værforholda var betre. I Bodø viste det seg at det kom til å blei ein lang ettermiddag/kveld med venting. Sidan det var veldig dårleg vèr lenger nord, stod vår Dash8-303 fast ein annan stad. Det blei difor god tid til ein lengre tur i Bodø sentrum, denne litt sure februardagen. Litt over halv tolv var flyet klart til avgang nordover, at Mange folk hadde venta lenge på dette flyet og nokon var også veldig ampre og sinte på widerøe pga denne forsenkinga. Eg synes imiddlertid at det var lite å klage på, vèret er det ingen som styrer over og tryggleiken må stå i første rekke. Ros til Widerøe som sendte alle passajerer SMS med oppdatert informasjon heile kvelden, heilt uoppfordra.
 
Stengt veg
Rett før avgang til Evenes, blei me opplyst om at vegen mellom Evenes og Narvik var stengd av eit ras, og at den ikkje ville opne med det første. Vår vert i Narvik, Mikael Frogum, fann difor ein alternativ overnattingsplass like ved flyplassen. Innflygninga til Evenes bar kraftig preg av at det var sterk sidevind. Dash8-303 maskinen er imiddlertid god i slike høve, og pilotane satte flyet fint ned eit godt stykke inne på rullebanen (som forøvrig er heile 2815m lang). Etter å ha henta bagasjen, stod ein flybuss å venta. Det var tydeleg at bussen skulle til Narvik, men dette var litt merkeleg i og med at vegen var stengd. Bussjåførens svar på dette var ”det finnes alltid muligheter” og det viste seg å stemma. Ved ei brygge eit stykke sør for flyplassen, låg ein eldre hurtigbåt å venta. Heile busslasta stua seg saman i båten, som deretter la ut på det frådane havet. Det var litt bølger for å sei det sånn, men turen over fjorden gjekk forholdvis greit. Herfrå var det vidare vel ein times busstur til Narvik, og  litt over halv 3 var me endeleg i Narvik. Ein stor takk rettes til busselskapet som venta lenge på oss som kom med Widerøeflyet og for at transporten blei ordna heilt fram til Narvik.
 
 
Topptur
Det blei ei sein natt i Narvik, men også ein tidleg morgon. Klokka halv 10 var det på høg tid å koma seg opp. Det var lørdag og klart for topptur. Litt småtrøtte rusla vi nedover til togstasjonen og nøyt dei fine fjella i den flotte morgonsola. Oftotbanen tok oss med til Rombak stasjon, den andre stasjonen etter starten i Narvik. Her var det bare å spenna på seg skia og traska oppover. Snøen var ganske hard, så det gjekk veldig radig oppover. Etter kvart som høgden blei større, auka også utsikten. Her kunne me se toppar både langt mot sør og nordover.
 

Blåisen
Toppane rundt blåisen er veldig fine turmål. Sjølve hovedtoppen, det høgste punktet, låg imiddlertid litt for langt i distanse vekk for oss denne dagen. Oppover holdt me eit avslappa tempo og tok det med ro denne fine dagen. Å påstå at sola skein frå blå himmel, er nok å ta litt i, men det var både sol og litt skyer.Oppe på ryggen oppover mot den fortoppen som var målet, valgte både eg og Alexander å setta igjen skia. Det var eit lite innbydane føre der oppe, og det gjekk mykje raskare oppover utan ski. Vår kjentmann og turkoordinator, Mikael Frogum, lot seg imiddlertid ikkje stoppa og traska opp med ski, dog delvis på ryggen.
 
På den ganske flate toppen, var det ein liten snøvarde. Det var flott skue utover og det var definitivt verdt strevet med å ta seg opp. Vinden tok ganske godt på toppen, så det blei ein liten stopp. Nedover var det først litt vrient føre, med ujevn, kompakt snø.
 
 
Fin bekkedal
Lenger nede venta ein lang og fin bekkedal med fine mengder puddersnø. Her blei det skikkeleg kosekjøring nedover. Ein kan bare fantasera om korleis det hadde tatt seg ut med fin nysnø i heile bakken, og det frister veldig til å koma tilbake ved eit seinare høve. Vel nede ved Rombak stasjon, blei det litt venting på toget. Eit av dei lange malmtoga passerte, før toget tok oss siste biten tilbake igjen til Narvik. Dagen blei avslutta med eit knippe skifilmar, slik som ”seg hør og bør” etter ein topptur
 

 
Omvisning
Søndagen var opprinnleg tenkt brukt i det flotte alpinanlegget i Narvik. Føret var imiddlertid ganske dårleg, så det frista lite. Ein omvisning i Narvik sentrum blei det heller til. Høgskolen i Narvik (HIN), blei også avlagt eit besøk. Det viste seg at Narvik har ein flott høgskule, som ikkje står tilbake for noko anna her i landet. Studenter her har også ein stor fordel, fine fjell og gode turområde.
 
 
 
Retur
Søndag kveld tok flybussen oss punktleg ut til Evenes igjen. I tryggleikskontrollen hang det utmerkingar for beste kontroll fleire år på rad. Det viste seg at dei sjekka ting litt nøye her oppe. Laken-flaska (metallflaske) med vatn, som eg ofte har med meg i sekken, vakte misstanke. Her måtte innhaldet sjekkast. Det var fort gjort og personalet var også hyggelege. Etter ”de-ice”, satte den samme flymaskinen som tok oss opp hit, snuten sørover på ein direkte tur til Værnes.
 
Relatert til artikkelen
Album
Topptur ved Blåisen i Narvik
12 bilder
[24.02.2004 - 24.02.2004]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no