Tur til den flotte dalen på nordmøre
Innerdalen
Innerdalen er kanskje ein av Norges vakraste daler og byr på utmerka tur og klatremuglegheiter. Her er fjella verkeleg storslåtte! Det var denne dalen som var målet for SkiogFjell gruppa frå Trondheim siste helga i september. At snøen var tidleg ute dette året satte ein ekstra spiss på turen.
Av Ragnar Fjeld 10.10.2003

Innerdalen ligge på Nordmøre og er indre delar av dalen som strekk seg opp frå Ålvuneid, nord for Sunndalsøra. Her er det samla unike og ikkje minst varierete toppar som ikkje står tilbake for noko anna i Norge, og det er ikkje utan grunn at området er verna. Midt i Innerdalen finn vi også den tradisjonsrike Innderdalshytta, som mange bruker som utgangspunkt for fotturar i området.

 

Det særegne og særs kjente Innerdalstårnet. Litletårnet til venstre
 

Innerdalen 
Innerdalstårnet var noko av det første eg fekk auga på då me kom kjørande innover mot Innerdalen. Det var eit flott syn og motivasjonen til å koma seg opp blandt dei mektige tindane blei ikkje akkurat mindre. Etter nokre forfall pga sjukdom, var det ialt 11 personer frå SkiogFjell-gruppa ved NTNUI i Trondheim som la på veg innover dalen i det sola var på veg ned. Tungt lasta var dei fleste, med både telt, store gryter og klatreutstyr. Innover mot Innerdalshytta er det ein grusveg som ikkje er open for ferdsel pga fredninga av området. Inne ved Innerdalshytta gjekk den T-merka stien vidare over elva og oppover mot Giklingsdalen. Det var alt blitt mørkt då me tok til på stigninga oppover. Det var godt å koma seg opp i dalen og kjenna den friske fjellufta i ansiktet. Telta blei satt opp og været blei etter kvart ganske surt. Maria og co gjorde trossa kulde og snøvær og laga til ein kjempemiddag til oss alle. Denne blei fortært ganske fort før den gode og varme soveposen venta. Det blei altså ein tidleg kveld. 
 

  
Innderdalstårnet 
Tidleg neste morgon var det fortsatt veldig surt ute, og kva er vel betre enn å få seg litt ekstra skjønnhetssøvn? Då klokka nærma seg 11 blei det straks litt liv i leiren, og ikkje alle hadde fått med seg det var såpass seint på dag. Været letta og dagens turmål openbara seg frå tåkehavet; Innerdalstårnet. Sidan det var ein liten sjanse for å kunne klatre eit par veldig lette taulengder oppe på sjølve tårnet, så tok eg med klatreutstyret. Oppover mot toppen viste deg seg at det var skikkeleg spreke folk som var på tur og det tok då heller ikkje så lang tid å nå opp til Tårnskar, skaret mellom Tårnfjell og Innerdalstårnet. Det som møtte oss der var ei totalt glassert fjellside med snø oppå. Dette måtte ha blitt klatring med isøkser og helst stegjern viss det skulle ha vore aktuelt. Det var vanskeleg nok å koma opp normalvegen og fleire glatte parti krevde utstrakt klyving. Det tok litt tid, men alle kom seg greit opp. Utsikten frå toppen var varierande, men tåkedotten rundt toppen letta litt etter kvart. Sjølve toppen var fin og det må vera fabelaktig utsikt i fint vèr. Returen ned til Tårnskar blei også ei utfordring. Det var veldig glatt og 2 stadar blei tauet tatt i bruk. 
  

  
Fantastisk dag 
Metrologisk institutt hadde varsla at søndagen skulle bli fin, og det var ingen overdrivelse. Skarsfjell og Trollamasivet var eit utruleg syn i morgonsola, med sine bratte og ville fjellsider. Etter ein rask frokost la gruppa ut på vandring. Målet var Tåga, ein topp som er 1840moh. Etter å ha passert Langvatnet, bar det oppover. Snøen gjorde det til tider litt glatt, men høgdemetrane gjekk radig oppover. Dei to islanske studentane gjekk i front og fann ein bra veg oppover. Då me kom oppå det første "platået" openbara det seg ei kjempe utsikt. Her var det toppar av alle fasongar. 
 
 
  

Klokka begynte uheldigvis å bli litt for mykje, så målet om å nå heilt bort til hovedtoppen var ganske urealistisk. Ein topp litt nærare på den same ryggen blei deretter målet, og det viste seg at det ikkje var ein bomtur. Makan til utsikt skal du leite lenge etter. Medan halvparten av gruppa venta lenger nede, tok resten seg heilt opp til toppen. Fotografiapparatet blei nytta flittig, og sjokoladebiten på toppen kombinert med iskaldt, norsk fjellvatn smaka godt. Nedover var det tidvis ganske "gøy" å sprinte nedover snøbakkane, og det gjekk verkeleg unna. Lenger nede i steinrøysene var det litt glatt, men det gjekk etter forholda ganske bra. Så var det bare å nyta turen tilbake til leirplassen, før litt avslapping i sola venta. I det det siste lysglimtet forsvann bak Trolla-toppen, gjekk alle igang med å pakke saman leiren, og ikkje lenge etter bar det nedover mot Innerdalshytta. Ein liten pause på nede i dalen måtte til for å nyte det å vera i Innerdalen, før kursen blei satt mot parkeringa. 
  
Ein litt lang biltur tilbake til Trondheim venta. Eit godt måltid blei fortært på Kroa ved Oppdalsporten og var ein fin avsluttning på ein bra tur. 
  
Takk til alle som var med, og spesielt til turlederane Maria og Paul.  
 
 
Relatert til artikkelen
Album
Innerdalen
25 bilder
[26.09.2003 - 28.09.2003]
Vis album

Artiklar
Innerdalstårnet [13.10.2004]

Kart: Innerdalstårnet

Fakta Innerdalen

Transport
Bil:
-E6 til Oppdal, deretter rv 16 til Sunndalsøra og vidare 10km til Ålvundeid
-Frå Trondheim kan ein også reise gjennom Orkdal og Surnadal (ferje Kvanne-Røkkum, 10 min) 
Frå Ålvundeid er det 10km inn til parkeringa på Nerdal (gratis parkering).
Buss: Det går buss til Ålvundeid, men ikkje inn til Nerdal.


Førar

"Klatreførar for Innerdalen" utgitt av Norsk Tindeklubb. Føraren dekker alle klatrerutene i Innerdalen, inkludert Innerdalstårnet. I tillegg er det mykje praktisk og historisk informasjon i føraren.


Føraren kan du få tak i direkte på
NTK sine nettsider (300kr)

Overnatting

Innerdalshytta
Stor Turisthytte i Innerddalen, ca 4km frå parkeringa i Nerdal. Rabatt for DNT medlemmar (190-255kr/døgn).
Sjå også nettside:
www.innerdalturisthytte.no
Tlf 71697990 / 71697797
Kontakt hytta for føreforhold

Rendølssetera
"Tradisjonsrikt seterliv med ekte setermat". Tilbyr overnatting, frukost og middag. Ligg ved Innerdalsvatnet, ca 3.5km frå parkeringa i Nerdal. 
Tlf 71697796
Meir informasjon her:
seterkultur.no - Rendølssetera
olavsrosa.no - Rendølssetera

Øyastuo
Husmannstove frå 1744. Tilbyr bl.a. seng og frukost. Ligg 50 meter opp bakken frå parkeringa i Nerdal. 
For meir informasjon, sjå oppslagstavla på parkeringa i Nerdal.

Telting
Gode moglegheiter for telting også. Fleire teltplassar nede langs Innerdalselva, men sjekk med hytta viss du ligg nær den. Ein del myrområder ellers i dalen. Oppe i Giklingsdalen er det eit stort og fint område ved enden av vatnet. Husk at telting medfører ein del plikter, rydd leirplassen og ta med søppel. Sporlaus ferdsel er viktig. Innerdalen er verna, men grunnen er privat. Ta hensyn til dette.


©2001-2004 Breogfjellsport.no