Siste finpuss på utstyret
Svalbard-førebuingar
Dei aller fleste er no klar til å reisa opp til Svalbard. Den siste veka før Påske, blei brukt til å pakka, sy fotposar og til å testa allslags utstyr. No er det meste klart
Av Ragnar Fjeld 22.03.2002
På Nordfjord Folkehøgskule har det i den siste tida vore hektisk aktivitet i forbindelse med Svalbardturen. Til ein tur på Svalbard, treng me masse utstyr. Det er også spesielt viktig at alt virker og er godt testa for å unngå overraskelsar underveis 
  
Føtene er kanskje det vanskelegaste å halda varmt i ektreme temperaturar. Det er tatt høyde for temperaturar på minus 30, med stiv kuling (Godt over -50graders avkjølingseffekt). Derfor har alle sydd, eller kjøpt, fotposar. I tillegg har dei fleste laga ullting til å har rundt skoen. Ellers har også mange sydd vindvottar. 
  
Mat: 
All middagsmat er tørka på skulen. Stort sett er det kjøttdeig,kjøtt og fisk. I tillegg er det tørka endel grønsaker for å setta smak på middagen. Til kvar middag er det også ris, makaroni eller potetmos 
  
Lusj: 
2 x lunsj til 9 dager, ca 450g pr dag(4kgtotalt).  Havrebombe,sjokoladekake, eller anna turkake pr dag. Bladingane har masse energi! 
  
Telta som blir brukt, er heilt ny Helsport Svalbard 5 og Isfjell 4. Dette er vintertelt med vinterstenger, og tåler mykje juling. 
  
Det har vist seg at MSR XGKII og MSR Dragonfly er dei beste primusane til bruk i kalde strøk, med parafin. Kvart kokelag har 2 stk av desse, med repsett, fordi det er svært viktig å få smelta snø og varma mat. Primus sin Himalaya multifuel og MSR WhisperLite har begge vist seg å vera ubrukelege i kulde når parafin blir benytta. 
  
Kvar kokelag vil ha ein ekspedisjonspulk på deling. Her vil teltet og ein del anna fellesutstyr bli transportert. Derfor vil sekkane ikkje blir så altfor tunge, og det er bra på ein så lang tur. 



Adventsdalen, Svalbard
Relatert til artikkelen
Artiklar
Svalbard 2002 [23.04.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no