Vandring i Hurrungane
Nordre Skagastølstind og bandet
Hurrungane i Jotunheimen er eit spanande område. Vi tok turen opp blant høge tindar og bratte brear, og fekk oppleva mykje fin natur. På toppen av Nordre Skagastølstind fekk vi kjempeutsikt ut over heile området. Vi tok også turen opp til ”hytta på bandet”, som ligg nesten 1800moh på bandet under Storen.
Av Ragnar Fjeld 14.09.2002

Den ville Skagastølsdalen
Thomas og eg møttes utanfor Turtagrø litt over 12. Eg hadde dei to siste dagane vore i aust-Jotunheimen og gått Besseggen samt Glittertind. Ei enorm regnbyge slo til då vi pakka om sekkane. Med både bre og ein del klatreutstyr, telt, soveposar og mat for 7 dagar, var sekkane ganske tunge i det vi vandra oppover mot Skagastølsdalen.            

            

Det kom fleire kraftige ettermiddagsbyger med lyn og torden. Det ”joma” godt i fjella. Ei stund regna det så kraftig at småstore steinar byrja å skli nedover, i lag med sand og leire. Vi tenkte med gru på dei som nå var oppe i på ein av toppane. Etter regnværet klarna det opp og det blei sol. Teltet satte vi opp på ein fin og plan plass like ved Inste Skagastølsvatnet. Det vesle rondane teltet vårt var knapt synleg pga alle steinane i området og umogleg å sjå frå stien               

                

                

             

                

Vi er på veg oppover mot Nordre Skagastølstind

Nordre Skagastøltind 2167moh
               

I 7 tida fekk vi idèen om å gå opp på Nordre Skagastølstind. Opp dit var det praktisk talt bare ei lang steinrøys. Oppover var det fleire nesten usynlege tråkk som det ikkje var lett å følgja. Vi brukte 1t og 50minutt på dei omtrent 800 høgdemetrane. Utsikten på toppen var fabelaktig. Her såg vi ut over mot Jostedalsbreen, rett forut for oss var Skagastølsryggen og dei andre Skagastølstindane. Langt nede i  Skagastølsdalen stod teltet vårt. Under Dyrhaugstindane karra ein stor ”hengjebre” seg fast i den nærmest lodrette fjellsida. Bakanfor markerte Ringstindane seg i det fine kveldslyset.               

                

Utsikt mot Dyrhaugstindane og Ringstindane i bakgrunnen
Sola starta å gå ned i horisonten mot vest og Skagastølstindane blei gylne i det fine lyset. Vi satt på toppen å såg bort på Styggedalsryggen då vi oppdaga nokon der borte. Vi såg heilt tydeleg 2 stk som raska seg bortover ryggen. Merkeleg tidspunkt tenkte vi sidan klokka var blitt litt over 9. Der vi oppdaga folka, er det langt ned uansett kva veg du tar. Konklusjonen blei at dei nok måtte overnatte oppe i fjellet (og dei hadde vell kanskje planar om det tenkte vi).               

                

Då vi gjekk nedover var det fine fargar i horisonten. Turen ned blei litt lenger enn å gå opp, sidan det var meir vrient å finna ein passande veg nedover. Etter litt over 2 timar kom vi ned til teltet vårt. Middagen bestod denne kvelden av 1 pakke med Pasta i ostesaus.               

                

                

Dagen etterpå vakna vi av folk som var på veg oppover. Ca klokka 6 passerte det ei stor gruppe med fjellklatrarar, som sikkert skulle på Storen. Vi sto opp i ni-tida og klokka 10 kom to karar nedover. Det var tydelegvis dei same som vi hadde sett på Styggedalsryggen kvelden før. Dei kunne fortelja at dei hadde vore like oppunder Storen då det tordna som verst og at dei måtte søke ly lenger nede. Natta hadde dei tilbringa i ein vindsekk, men noko søvn hadde dei ikkje fått. Dei skulle nå ned å sova på Turtagrø.                

                

                

                

Skagastølsbu under Store Skagastølstind
Hytta på bandet               

Vi la i veg oppover mot Skagastølsbreen i fint vær. Vi tenkte å ta turen opp til Skagastølsbu. Breen hadde lite snø og stegjern var absolutt å anbefala. Etter ein liten halvtime på breen, kom vi opp på Bandet. Her hadde vi flott utsikt opp mot Søre Dyrhaugstind og sjølvsagt mot Store Skagastølstind. Langt oppe i ein fjellvegg såg vi eit par klatrarar som var på veg mot toppen. Skagastølsbu, eller hytta på Bandet som den også blir kalla, var litt spesiell. Veggane var omtrent ein meter tjukke og innvendig var det ikkje store plassen. Det var tydeleg at mange brukte hytta som rasteplass, sidan det sto igjen masse utstyr. Det var ingen ovn eller gassappart og heller ingen mat. DNT har dei to siste åra gitt hytta status som nødbu/rastebu. Alikevel var det fullt mulig å overnatte og det var madrassar i sengene.                 

                

                

Etter ei stund rusla vi nedover igjen. Frå Skagastølsbu er det mulig å gå ned i Midtmaradalen og så vidare mot Skogadalsbøen. Dette hadde vi vurdert, men sidan Thomas ville opp på Fanaråken  så snart som mulig, slo vi det i frå oss. Skagastølsbreen hadde få synlege sprekker, men heilt øvst var det nok ei stor sprekk med snøbru over. Alikevel er det ikkje vanleg å bruke tau.               

                

                

Ragnar på toppen av Skagastølsbreen
Nede ved inste Skagastølsvatnet pakka vi i saman teltet og la i veg nedover mot Turtagrø. Då hadde klokka alt blitt nesten 4. På veg ned passerte vi Tindeklubbhytta og vurderte å ta ein snarveg over mot Fanaråken. Dette gjorde vi ikkje likevel ikkje. Vi var omtrent nede ved Turtagrø og gjekk med ein gong vidare mot Fanaråken. Det blei ein lang og tung oppstigning med tunge sekkar. Halv ti var vi endelig på toppen.                

                

                

                

Turen i Skagastølsområdet var kjempefin. Området er for det meste bare brukt av klatrarar, men det er også veldig mange turmål som ikkje er så vanskelege å nå opp til. Skagastølsdalen er praktfull og absolutt verdt eit besøk. Det går buss mellom Sogndal og Otta (og omvendt) 2 gonger daglig om sommaren. Dess korresponderer som regel med ekspressbussane.               

                

                

 

Relatert til artikkelen
Album
Nordre Skagastølstind
13 bilder
[08.08.2002 - 08.08.2002]
Vis album
Album
Vest jotunheimen
12 bilder
[08.08.2002 - 15.08.2002]
Vis album

Artiklar
Skogadalsbøen og Olavsbu [12.08.2002]
Gjertvasstind 2351MOH [08.09.2002]
Norges høgstliggande turisthytte [22.09.2002]


©2001-2004 Breogfjellsport.no