Villt og spanande
Folgefonna
Folgefonna ligg, som dei fleste veit, i Hordaland - og er ein ynda stad for naturopplevingar. Kombinasjonen av bre, vestlanske fjell og vårsteming nede ved fjordane er facinerande. Årets siste skitur gjekk over Sørfonna, den sørlegaste og største av dei 3 breane som utgjer Folgefonna.
Av Ragnar Fjeld 01.07.2003

Planen var eigentleg å gå den tradisjonelle turen ”Folgefonna på langs” frå Reisete i nord til Sauabrehytta i sør, men pga av ein seigliva influensa måtte den lengste etappen kuttast.       

        

        

        

Odda-Holmaskjær       

Turen starta ved Tokheim, rett utanfor Odda. Opp lia gjekk det ein såkall ”turistveg”, som var ein litt utbetra sti. Tidlegare har det vore litt uframkommeleg gjennom skogen oppover, men nå gjekk det lett. På ca 850moh var det bygd ei lita ”bu” som sjølvsagt hadde bok :)       

På ca 1200moh låg snøen, men det var raskare å gå til fots, så skia blei bakpå sekken. Då me runda rundt ein kolle, såg me hytta langt i det fjerne, men det var eit godt stykke opp dit. Siste del av etappen gjekk i delvis tåke, men fleire store vardar viste veg og det var lett å finna fram. Vel framme på hytta kunne me bare konstatera at været skifter oppe i høgda; det veksla raskt mellom finvær og tett tåke.       

        

 

Morgonstemning over Sørfonna
       

        

Over fonna       

I 10 tida starta turen sørover. Været var bra, med litt sol iallefall. Første del gjekk slakt oppover til toppen av Høgste breakulen blei nådd. Herfrå var det kjempefin utsikt i alle retningar; Hardangervidda i vest, Nordre og midtre fonna i nord, havet og øyene i vest og vidstrakte flater mot sør. 1662 moh er omtrenleg høgde på høgaste punkt, men det varierer nok med snømengda. Vidare gjekk me i ein slak bue med kurs for Sauabreen. Dette var eit langt strekk, og det var til tider dårleg glid på skia.        

        

Ragnar ved Høgste breakulen
     

        

Sauabreen       

For å vera på den sikre sida hadde me med breutstyr i tilfelle sprekker i breen. Sidan det var klare antydningar til ”søkk” og nokre snøsprekker på toppen, gjekk turen nedover i tau. Sidan me bare var 2 i taulaget blir alle ting litt meir komplisert med tankte på at den eine må ”redde” den andre viss ein skulle vera uheldig å gå gjennom. Det slake brefallet nedover bydde ikkje på nokon overaskingar og det var ein fin bakke å renna ned. Nede på breflata fann me ut at kartet ikkje stemmer heilt med korleis breen ser ut idag. Uansett så var det ingen spesielle vanskar før vi skulle av like ved Sandvik-kjeften. Her var det openbare randsprekker og litt meir vrient       

        

Me kom ned dette brefallet
     

        

Sauabrehytta       

Like heile og i god form kom me fram til Sauabrehytta. Området rundt var verkeleg villt og tøft. Ikkje så merkeleg at det ikkje er sti eller merka løype inn til hytta, for dette må ikkje bli øydelagt av raudemala T-ar. Sjølv om hytta ikkje er så veldig stor, og det bare er 4 vanlege senger, så er det plass til ca 14 stk skulle eg tru.        

Utsikta ut vinduet mot Folgefonna og Sauabreen er heilt utruleg! Kvelden blei brukt til avslapping. I Løpet av natta fann me begge ut at sola hadde steika oss ”levande” dagen i forvegen. Eg har vel aldri vore så solbrent før!        

        

 

       

        

Mot vintertun       

Med 3 ½ time til bussen skulle gå, trudde me at det skulle vera god tid dei siste 10 kilometrane ned til Vintertun. Der tok me grundig feil, særleg fordi me tok ein særs kroglete veg nedover. På kartet såg det ”fint ut” å gå på kommunegrensa nedover. Det var det ikkje, og det tok lang tid. Siste 700høgdemeter måtte forserast på ca 1 time, og det var omtrent umogleg. Det som redda oss var at bussen var 10 minutt forsenka, så då gjekk det akkurat!       

      

 

Alexander har stort solskilje! Sterk stråling på breen
        

       

Vel tilbake i Odda blei bilen henta og så bar det rett inn ein butikk for å kjøpe aftersun-krem som kunne lindra litt i ansiktet.       

        

        

Alexander og Ragnar       

        

        

        

        

        

        

 

Relatert til artikkelen
Album
Folgefonna
15 bilder
[15.06.2003 - 17.06.2003]
Vis album

Bilde i album "Folgefonna"
















©2001-2004 Breogfjellsport.no