Nordfjord Folkehøgskule
Brekurs på Bødalsbreen
Tre klassar ved Nordfjord Folkehøgskule reiste til Bødalen for å ha eit innføringskurs i brevandring. Med isøkser, stegjern og masse utstyr, erobra vi Bødalsbreen. I løpet av 5 dagar lærte me masse og hadde det skikkeleg morro
Av Ragnar Fjeld 30.09.2001
Det var ein stor gjeng elevar med store forventingar, som satt i den gamle, men nostalgiske Nordfjord FHS bussen. I den naturskjønne Loendalen fekk me verkeleg sett det finaste Norge har å by på. Visste du at "Freia" sin melkekuer beitar her? Det er iallefall her reklamefilmen er spela inn 



Bødalsseter

Vår basecamp skulle vera Bødalsseter, ca ein halvtimes gange frå Bødalsbreen. På den vesle grasletta, som blei kalla Bødalen camping, rigga me opp eit stort antal telt, og dei ulike "vegane" fekk etter kvart namn og telta nummer. I "Grønskaret" stod det ikkje mindre enn 13 telt på rad å rekke. Folkehøgskuleelevar har flittig fantasi! 
Kvelden blei brukt til å gjennomgå breteori og læra nye knutar. I god "bretradisjon", stod vi tidleg opp dagen etter. Allereie klokka 7 var det opp ifrå den varme soveposen. 
   

Bødalsbreen 

På ei Sagtannmorene frå den litle istid på 1700-talet, hadde me ord for dagen. Det var littegran yr på vegn bort. Me kom bort til breen litt over kl 10.00 og byrja først med litt stegjernsteknikk. Etter kvart bedra været seg betraketelig og me fekk sol.      
     

Turen gjekk så oppover breen i taulag. Ein instruktør og 4 elevar. Først starta me ganske forsiktig, men etterkvart som motet steig blei meir heftige sprekker og isforsmasjonar forserte.                 

Isgrotte       

Eit av høgdepunkta på kurset, var den store isgrotta midt på breen. Den var ca 20 meter djup og nederst var det eit stort "rom". Utruleg fin blåfare i isen så langt nede. Det var verkeleg ei oppleving å klatra ned i denne grotta. Like enkelt var det ikkje å koma opp igjen. Dei som stod på toppen hadde ein stri jobb med å til dels dra folk opp, fordi det var vanskeleg å klatra fleire stadar.       

Kveldande blei tilbrakt i basecampen med god mat og god stemning rundt leirbålet. All maten var imiddlertid ikkje like god. Brødet smuldra totalt opp, og til lunsj måtte mange eta brøsmular med skei. Elevane frå klassane "handverk", "ekspedisjon" og "Bre og Fjell" tok det meste med godt humør. 


Kamilla Dahle Hammervoll


Leif Einar Størvern under breredningsøvring


Små uhell       

I løpet av kurset vart det eit par vrikka anklar. Den eine gongen skyltes det eit fall i taulaget, den andre gongen skyldes det eit stegjern som losna. Det var lagt stor vekt på tryggleik, og det er generelt veldig viktig på breen.     
 
  
     

Redning       

Ein av dagane skulle ta for seg redning opp av bresprekker. Me skulle simulera ein snøredning sidan det er mest aktuelt at noko skjer på snødekt bre. Stipendiatane demonstrerte først ein redning for oss. Deretter fekk alle prøvd seg på å redda og å bli redda.         

          


Foto:
Thomas Andrè Thorkildsen, Ragnar Fjeld og Mikael Frogum

Relatert til artikkelen
Album
Bødalsbreen
38 bilder
[03.09.2001 - 07.09.2001]
Vis album

Artiklar
Bødalsbreen [01.10.2001]
Øvelse i breredning [16.01.2002]
Blinkskudd: Bødalsseter [06.12.2004]


©2001-2004 Breogfjellsport.no