Blå himmel, sol, glittrande is
Eventyr på Eventyrisen
Brefallet på Svellnosbrean lev godt opp til namnet sitt - det var verkeleg eit eventyr å få vandra rundt i dei mektige isformasjonane. Med sol frå klår hausthimmel og eit tynt lag snøpudder på breisen, vart det verkeleg ein fin dag på breen. Glittrande is i solskinnet, lyden frå stegjerna som slår inn i blåisen, isspruten frå breøksa som blir hamra inn i knallhard is, gigantiske istårn og ikkje minst djupe, blåfarga sprekker. Slik kan breen opplevast!
Av Ragnar Fjeld 22.09.2003
Anmarsj 
Klokka var halv ti før følget på 3 vandra oppover stien frå Spiterstulen denne fredagskvelden. Det var etter ein lang busstur frå Trondheim for Alexander og underteikna, og ein mykje lengre kjøretur frå Bergen for Thomas. Etter den obligatoriske "burgerstoppen" i Lom, bar det oppover grusvegen til Spiterstulen. Mørket var allerede senka seg over fjella då me utstyrt med hovudlykter satte kursen for Svellnosbreen. Å finna vegen oppover var ikkje noko problem, stien var ganske brei til tider. Tydeleg at det går ein del folk her i løpet av ein sessong, men det var ikkje meir terrengslitasje enn venta. Lenger nede i dalen såg me ikkje mindre enn 10-20 hodelykter. Det var nok også andre som hadde eventyrisen som mål denne helga, og det visste me jo då også om på førehand. Sidan folka på fjellforum hadde slått fast at det var mogleg å finne ein grei teltplass oppe ved brekanten, valte me å gå heilt opp. Fint å ha breutsikt frå teltopninga. Oppe på ryggen mot opp mot breen, kom tåka sigande. Det blei difor litt av ein sluttspurt for å koma til topps før tåka, men det viste seg å vera unødvendig; Tåka la seg rett under oss. Oppe på flate nedfor breen fann me ein akkurat stor nok flekk til teltet, og bardunerte godt med stein. Ein liten bekk sildra også frå eit snøfelt oppe i den eine fjellsida, så me slapp å måtte drikke brevatn. 
 
  
Måneskinn og stjerneklart 
Det er sjeldan eg har sett himmelen meir klår enn denne haustnatta. Det var også ganske så tøft å sjå månen stiga opp over breen og skapa mystisk og trollsk steming. Det lova bra for morgondagen. Natta blei ganske kald, med iallefall 2-3 minusgrader. I min sommarpose blei det litt kjølig, men ikkje verre enn at eg sov ganske godt heile natta. 
  
Morgonen var kjempefin. Sola var for lengt oppe og varma då me stod opp. Ein fin frokost blei tilbrakt ute med flott utsyn både over breen, dalen og fjella. Eit snødryss krydra dei høgste toppane, så dei var ekstra "fine".  
 
 
 
Eventyr(-isen) 
Så var alt klart for brefallet. Med masse ekstra utstyr, stegjern, isøks og hjelm gjekk turen innover i brefallet. Mektige rygga blei passert og djupe sprekker blei beundra. Sola gjorde at det blinka i isen og lyden av stegjerna, som hogg seg inn i blåisen, var som musikk i øyra. Denne dagen måtte bare nytast! I fleire timar gjekk me bare rundt i dette eventyrlandskapet og verkeleg storkoste oss. Matpause blei det også "tid til", med sol og ikkje mindt mektige istårn rundt oss. Fleire andre taulag var også på breen, og alle såg ut til å storkosa seg.
 
  
  
  
  

 
 
 
Svellnosbrehesten 
Etter å ha utforska nedre deler av fleire sprekker, bar det mot dei øvre delane av brefallet. Her var det meir snø, men snøbruene over sprekkene var absolutt ikkje å stola på. Etter masse sikk-sakk, passeringar over skjøre snøbruer og lange hopp, var me på toppen av brefallet. Det var tøft å vita at ein hadde klart å snø seg gjennom dette ville området. Breen er omkransa av høge fjell på alle kantar. Galdhøpiggen ragar sjølvsagt høgst, med sine imponerande 2469meter, men også fleire andre toppar tar seg godt ut. Midt ute på breen stikk også Svellnosbrehesten opp. Då me først hadde kome så langt, frista det veldig å ta ein tur opp på toppen. Problemet var bare at det gjekk mot kveld, klokka var allerede 6. Sjølvom det var litt usikkert om me nådde heilt ned før det blei mørkt, satte me kursen for toppen. 
 
   

Undervegs var det mange sprekker med lumpske snøbruer. 2 gonger var me på veg ned i sprekker med begge føtene. Heldigvis stoppa både tauet og friksjonen i snøen begge "nestenfalla". Men det er vedt å merka seg at det er svært mange sprekker her, stort sett med 3-5 meters mellomrom. Ikkje alle er like synlege, men det gjer dei ikkje mindre farlige. Begge sprekkenen me "var på veg ned i" var ikkje synlege på overflata...  
   

Svelnosbrehesten 2181moh

Opp mot toppen var det svært glatt. Det låg ca 5cm snø oppå dei glatte steinane opp mot toppen. Me var alle glade då toppen dukka opp rett framfor oss. Så var me altså på toppen, med flott skue utover breen. Sola hadde allereie takka for seg, og det bar mot natt. Langt over oss kunne me skimta folk på veg ned frå Galdhøpiggen.Turen nedover gjekk ganske raskt, særleg sidan me hadde våre eigne spor å gå etter. Ved å halda heilt inntil den nordre sida av Solskinnstoppen, var det betrakteleg mindre sprekker. Frå toppen tok det faktisk ikkje meir enn ein og ein halv time heilt ned til teltet. 
 
 
 
På toppen av Svellnosbrehesten,2181moh

  
Ein kjempefin dag i isen gjekk mot slutten. I løpet av natta skya det til og til dels kraftig vind og regn, som rista ganske krafig i teltet vårt. Med ganske våte soveposar vakne me etter ei ikkje alfor fin natt til ein ny dag. Fortsatt regn og vind. Etter eit par slumretimar i teltet lette været og sola kom attar fram igjen. Ein ny flott dag venta i Jotunheimen før me satte snuten heimover 
  
 

 

Relatert til artikkelen
Album
Eventyrbreen og Svelnosbreen
22 bilder
[19.09.2003 - 21.09.2003]
Vis album

Bilde i album "Eventyrbreen og Svelnosbreen"























©2001-2004 Breogfjellsport.no