På tur i Børgefjell nasjonalpark
Børgefjell
Børgefjell er kanskje ein av våre flottaste nasjonalparkar. Her vandra vi i storslått natur med både høgfjell, skog og ikkje minst eit mylder av elver og vatn. Litt fisk fekk blei det også og vi fekk oppleva litt av det Børgefjell har å by på. Det skulle bli 12-14 fabelaktige dager i fjellet
Av Ragnar Fjeld 10.08.2003, oppdatert 12.05.2004

Lang reis

Det var ei lang og komplisert reiserute som hadde fått oss heilt innerst i Susendalen. Først tog til Trofors, deretter lang venting på buss til Hattfjelldal og til slutt ein lengre drosjetur inn den 3 mil lange Susendalen. Nå hadde den hyggelege drosjesjåføren ønska oss god tur og satt kursen tilbake mot Hattfjelldal.
 
Glade og fornøygde starta vi på turen oppover den slake fjellsida, det bare å loffa innover Børgefjell!  Så herleg å kunne loffe forsiktig innover fjellheimen og vite at det er mange, mange dager igjen her oppe.
 
Innover myrene var det bare å kostatera. Impregneringa av fjellskoa måtte ha slått heilt feil, vatnet formodeleg strøyma inn allereie. Og det var etter bare 4-5km, den aller først dagen. Nei, dette kunne bli ein våt tur for min del!
 
 
 
Første kvelden
Den første kvelden blei tilbrakt ved ei middels stor elv. Her var det også eit par samer som hadde slått seg ned for kvelden – sørsamer. Dei skulle på bærplukking såg det ut til.
 
Leif Einar tok dei første kasta nede i elva. No var det spanande – skulle det bli fisk til middag allereie første kvelden? Eit par napp var lovande og det varte ikkje lenge før den første ørreten blei hala på land. Det er kanskje å overdrive at den blei hala på land, kasta er vel kanskje eit meir dekkande ord for den vesle fisken. Etter ein time blei det fleire slike nydelege ørreter å få, og det skulle bli kjempefint å ha på panna litt seinare.
Middagen blei dermed kjempegod, med krydra Børgefjell-ørret potetmos og frisk fjellvatn.
 
Mens skydekket klårna opp, krøyp vi inn i teltet og ein ny fin dag i fjellheimen var ikkje langt unna.
Morgonsola steika på teltduken og havregrynsgrøten blei satt på primusen. Kvigtinden viste seg mektig fram i horisonten med sine blåskimrige brebekledning. Mon tru om ikkje eit besøk på toppen kunne bli mogleg?
 
Kvigtind
 
 
Turen gjekk oppover mot høgareliggande strøk oppover den frodige lisida. Her var det merkbart anna vegetasjon. Det var nesten som å koma til eit anna fjellstrøk. Det høyfjellaktige terrenget var som skapt for lett gange innover. Her var det bare oss og fjellet
 

Ranserbua

Lars Monsens ”90 dager på loffen i Børgefjell” er ei bok som mange av oss har lese. Monsen har på ein god måte formidla det fine ved å gå på tur i fjellet, nesten slik at ein bare må ut på tur sjølv. Akkurat som Monsen, tok vi også turen innom Ranserbua, ei gamal trebu på grensa mot Sverige.

Då kvelden kom var vi alle inne i den vesle bua, med knapt nok 3 sengeplasser. Her osa det av fjellhistorie. Fiskelykka var ikkje med oss denne dagen, kanskje det var litt vel mykje vatn i elva. Dette blei kompensert med ein herleg dessert, beståande av sjølvplukka molter. Sjølv om det kanskje var litt tidleg for enkelte av bæra, var den syrlege smaken uimotståeleg god.
 
 
No må det nesten nevnast at det like ved Ranserbua, låg ei meir moderne hytte. Like i nærleiken var det også satt opp lange reinsdyrsgjerder, noko som ikkje alltid ser så veldig fint ut. Brua over elva er imiddlertid god å ha, det kunne ha blitt vanskeleg om den ikkje var der. Dette området illusterer litt av problemet naturforvaltingsorgana har. Samane har drive med reinsdyrsdrift og andre aktivitetar her i mangfoldige hundreår, mens mange vil ha fjellheimen her så urørd som mogleg sidan dette er eit av få gjenværande områder av denne typen. Utan å gå inn i ein lang diskusjon rundt temaet, skulle ein tru at begge deler kunne kombinerast på ein betre måte enn i dag. Ein del reinsdyrgjerdene kunne med fordel blitt bytta ut med gamaldags geiting, men det krev isåfall meir økonomisk støtte. Det same gjeld ein del bruk av ”firhjuling”, som nok burde ha blitt bytta ut med helikopter (igjen er det penger det står på). Det kan ikkje understerkast nok at vi på vår tur ikkje såg nokon nevneverdige sår etter kjøring i terrenget, så det kan tenkast at samane er forsiktige med den bruken. Slik burde det også vera i ein nasjonalpark
 
 

Høgfjellet

Dei neste dagane gjekk turen oppover i høgfjellet. Her var det endelause vidder med stein og atter stein. Små og mellomstore vatn dukka opp innimellom, men fiskelykken av det dårlegare med. Den friske fjellufta og det underbare lanskapet får ein verkeleg til å tenke over ting og sjå ting på ein ny måte. Det er nesten slik at ein blir ekstra kreativ, iallefall har ein god tid til å la tankane spela.

 
Det er også lett å la seg fasinera av naturen, sliksom dei underlige steinslettene og utsikten ut over alle ”vannpyttane” som ligg spredd ut over. Utover kan vi sjå nye vassdrag og fjell så langt auga rekk. Faktisk ser det ut til at dette er eit heilt menneske-urøyrd område, med einaste unntak eit gamalt naust som vi så vidt skimter. Langt nedfor oss renn ei lita elva mellom to vatn og der symjer det heilt sikkert ein heil masse frisk fisk. Rundt oss flaksar og kvitrer ein fugl, ikkje det spor redd. Og slik har det alltid vore!
 

Fisk

Ein liten rusletur tar oss ned til dei vesle vatna. Ørreten ser vi piler unna i det vi nærmer oss, den er nok på vakt. Mitt første kast ender i katastrofe. Eg er ikkje akkurat så veldig erfaren fjellfisker, og med ny sen på snella, ender det med ei floke utan like. Etter ein times tid var alt i orden igjen og eg kan på ny kasta ut. I det eg skal snurre inn igjen er det bare å konstatera, sluken er nok blitt godt ankra godt fast i botn. Trudde eg. Men kva er det som nykker sånn. Det blir ein kamp mellom meg og den flotte ørreten, og det er ikkje lite stolt eg får lirka den opp på land. Ein flott fisk på 700-800 gram. Det blir med denne fangsten for min del, dei to andre fekk 4-5 mindre ørreter.
Mens himmelen blir raudfarga og sola er på veg ned, ligg fisken å i panna å godgjer seg.
Kunne det blitt betre?
 
 
 

 

Kvigtind

Dagen etterpå er det Kvigtinden som lokkar. Oppe på ryggen oppover får vi fin utsikt ut over det området vi har gått mange dager i og etter lett småkliving, kjem vi opp til fortoppen. Så er det ein fin tur bortover ein brei rygg til toppen. Her er det verkeleg stort å fint utsyn. Langt, langt unna kan vi skimte teltet og i kikkert ser vi at det blaffrer godt. Vinden har kome og eit skysystem er på veg inn. Ned frå toppen fortsetter vi på ryggen og kjem oss ned i dalbotnen like ved brekanten. Regnet fossa etter kvart ned og reaksjonen i breelva lot ikkje vente på seg. Kryssinga av elva gjekk greit, men det tok litt tid å bestemmes seg for å bare sprinte over
 
 
Leif Einar fisker i det flotte kveldslyset
 
Etter å ha loffa eit stykke sørover, kjem vi til ei flott elv. Og her var det verkeleg fisk å få, om enn kanskje litt små. I det flotte kveldslyset er det flott å nye kvelden. Innimellom blir det også litt fisk og det er nesten like spanande kvar gong det bit på
 
I den sørlege delen av nasjonalparken, er det tydeleg at det er meir folk. Børgefjell er etter kvart blitt eit super populært turområde for mange som vil oppleva fiske og flott natur. Det er difor ekstremt viktig å ta vare på naturen her og opptrå varsomt. Rydd skikkeleg etter deg, ta med søppel tilbake og brenn dopapiret!
 

Siste kveld

Vidare går turen sørover, mens vi av og til stopper for å ta eit par kast i små vatn vi passerer. Vi slår leir på ein fin liten høgde ved ei av dei større elvene. Det er ein kjempefin kveld, og for min del er det siste dagen av turen. Dei andre skal går nokre dagar lenger Tidleg nesten morgon står eg opp. Morgonsola varmar ansiktet mitt idet eg forsiktig går åleine nedover mot Majavatn. Klokka er bare halv seks oh det er heilt stille. På veg nedover passerer eg fleire telt, det er tydeleg vis mange som er på veg opp akkurat nå . Elvekryssinga går bra og etter 4-5 timar kjem eg ned til Majavatn, som ligg ved E6. Her er det også jernbanestasjon og ein liten butikk
 
Sola varmer meg om morgonen. Klokka er kvart over fem

Majavatn

Stasjonen er betjent, men sel ikkje togbilettar. På mobiltelefonen, med svært lite batterikapasitet igjen, får eg ringt opp NSBs kundetelefon og får meg bilett på toget nordover. Det hadde kanskje vore meir hensiktsmessig å tatt toget sørover, i og med at eg skulle til Rogaland i løpet av dagen. Imiddlertid er dette ikkje mogleg pga at togrutene sørover som ikkje passer med flytidene på Værnes. I Bodø er det strålande vèr og nydeleg på bryggekanten. Etter eit par timar i nordlands hovedstad, settes kursen mot flyplassen som bare ligg eit steinkast unna.  Braathens’ kveldsfly tar av med retning Oslo. Etter ei stund kan kapteinen fortelle at ”Vi er på 33000 fot og på venstre side har vi Børgefjell nasjonalpark...”. Langt under oss kan eg sjå at skyene har inntatt Børgefjell og det ser ut til å regne kraftig.

(Turdato: August 2003)

Relatert til artikkelen
Album
Børgefjell
27 bilder
[28.07.2003 - 08.08.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no