Fiske i Eigersunds skjærgård
Torsk, sei og berggylt
Sjøen er utruleg roleg ute i havgapet, eit stykke frå Egersund i Rogaland. Med ein liten og gammal Zodiak gummibåt, med 4hesters "påhengs", kjører me sakte utover. Ei lita og koseleg øy eit kvarters tid lenger ute blir utgangspunktet for fiskinga vår. Det varar ikkje lenge før fleire torskar, ein sei og jammen ikkje også eit par Abborar blir hala på land. Med sola som går ned i havgapet utanfor, fileteres fisken og blir lagt på grillen
Av Ragnar Fjeld 28.05.2003

Okka by
 
Egersund, som går under namnet "okka by", er ein kjent stad for mange som driv med seiling og fiske. Byen ligg heilt sør i Rogaland og har lange tradisjonar innanfor sjøfart. Her er det også fine turområder som er lette å nå, og Eigersund kommune har tilrettelagt fleire øyar og holmar til friluftsformål. Moglegheitane til å dra på land bra med fisk i området, er svært gode. I tillegg til sjøfiske ligg den lakseførande "Tengselva" like i nærleiken, som er rangert som nr 7 på fangstatisikken. Her må du sjølvsagt ha fiskekort, noko som kan vera ganske dyrt.  
 

  
Berggylt

Ein times biltur frå Jæren bringer oss ut på Eigerøy, like utanfor Egersund. Me følg ein detaljert vegbeskriving som til slutt leiar oss ned til nokre flotte naust nede ved sjøkanten. Planen er at ein kammerat skal henta oss i ein liten Zodiak gummibåt. Den gamle gummibåten, som minner om ein liten "greenpeace" båt, ser ut som eit lappeteppe pga alle hulla som er lappa. Likevel er den fortsatt ganske sjødyktig og nokså tett. Med 3 personar i den knøttlitle båten, tøffar me utover. I det me kjem fram til "øya" vår, har den første fisken allereie blitt hala opp. Ein litt motstridig fisk som me ikkje hadde fått før. Først trudde me at det var ein abbor, men seinare har me fått vita at det var ein Berggult me hadde hala iland.
  
ingvar Tjøstheim halar på land ein flott sei
Fiske
 
Ingvar Tjøstheim og Pål Nesse hadde allereie låge på øya ein dag, og på orginalt vis slått opp teltet på bryggekanten. Det blei ikkje mange kasta ut i sjøen, som kun hadde nokre små krusningar på overflata, før Jan Herigstad kunne hala iland den første torsken. Fiskelykka mi var vist ikkje så stor denne dagen, så mens dei andre hala i land det eine etter det andre, blei det smått med fisk på meg. Då det hella mot solnedgong hadde me til saman samla godt med fisk. Jan Herigstad, som til dagleg arbeider som kokk og som forøvrig er ein kløppar på å laga god mat til oss, lærte oss å laga skikkelege fiske-filèar. Så var det bare å strø på godt med (grovkorna) salt, og leggja dei på grillen. 
  
Sola gjekk ned i vest før me den vesle "greenpeace" båten frakta oss tilbake denne fine kvelden. 
  
Ingvar Tjøstheim (t.v.) Jan Herigstad (midten) og Pål Nesse (t.h) kosar seg med nysteikt fisk
Relatert til artikkelen
Album
Fisking i Egersund
10 bilder
[27.05.2003 - 27.05.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no