Flott område i Ryfylkeheiane
Tur til Røssdalen
Røssdalen er ein særegen og flott dal som byr på fine opplevingar. 4 speidere reiste på tur opp i den til dels ville dalen og hadde ei veldig fin mai-helg
Av Ragnar Fjeld 23.05.2001

Til Røssdalen

Frå Oanes kjørte me Lysebrua over til Forsand. Vidare kjørte med til Espedal, der parkeringsplassen for Røssdalen ligg. Det er også mulig å kjøre litt lenger, og koma ned Indradalen. På parkeringsplassen parkerte me og begynte på turen.

Inn Røssdalen

Første del av turen gjekk langs Røssdalsvatnet. Dette vatnet var veldig klart, dvs god sikt. Naturen rundt oss var veldig fin, men veret varierte ein del. I løpet av dagen kom det ganske mange regnbyger, men innimellom desse var det gløtt av sol. Etter Røssdalsvatnet kom me til ein stor, open, plass. Dette var tydelegvis den populære sletta som blir brukt til camping.  Me fulgte stien vidare og tok ein pause ved ein bitteliten foss. Skogen hadde blitt markert tettare, og stien var ikkje alltid så tydeleg. Etter ei stund kom me til ei kjempestor steinur. Sidan det regna var steinane blitt glatte og me sekkar på ryggen blei det vanskeleg å fota seg. Etter ca 1t hadde me kome oss igjennom denne ura, og stien hadde igjen blitt tydeleg igjen. Me tenkte me gru på nedturen dagen etter.

Etter ei stund kom me til ein steinhidlar. Pål og Espen forslo at me kunne ligga under denne. Etter at me hadde sjekka området for mulige lavoplassar, bestemmte me oss for å droppa lavoen, og heller ligga under steinhidlaren. Det viste seg at me ikkje var dei første som hadde brukt dette som leirplass. Det låg knusktørr mose til å ligga på, og det låg igjen endel ved som hadde blitt tørka under hidlaren.


Røssdalen

Foss

Etter ein liten pause gjekk med ein tur lenger inn i Indradalen. Me kom til ein foss som var ganske imponerane. Her gjekk me litt på snøfonna som låg ved fosssen og me tok sjølvsagt bileter. Børge fekk etter ei stund lyst til å klatra opp på sida av fossen, for å kunne stå rett ved sida av fossen. Han for opp som ei fjellgeit og vinka til oss andre. Pål og Ragnar prøvde også å koma seg opp, men dei gav opp pga tryggleiken. Då me hadde vore med denne fossen ei stund såg med plutseleg eit telt i enden av Indravatnet. Me såg også folk som gjekk rundt teltet. Me var spendte på kven dette kunne vera. Då me kom tilbake igjen viste det seg at det var ein hyggeleg syskengjeng som hadde tatt turen opp, og som skulle ligga i telt. Dei hadde allereie laga bål og var igang med å grilla pølser. Me fann også ut at det var på tide med middagsmat, så vedhenting fekk første privriotet. Børge og Ragnar fant eit digert, tørt, dødt, tre som me enkelt bar bort til bålet. Dette brann så bare det og bålet blei ei stund ganske stort. I Røssdalen og Indradalen var det mange døde og rotne tre. Rotna bjørk brant dårlig, sidan det gjek ann å vri vatn ut av det. Andre treslag viste seg å vera betre egna i halvvåt tilstand. Pølser og karbonader blei grilla på bålet. Pål hadde med seg ostepølser, Espen grillpølser, Børge og Ragnar hadde karbonader med tilbehør. burgerane blei plassert på ekte hamburgerbrød, med salat, ketchup, ananas og paprika som tilbehør. Dette smakte utruleg bra. Etter middagen begynte Børge på sitt "tørke mose" prosjekt. Masse måse blei satt opp som ein vegg på den eine sida av bålet. Dette utvikla seg etter kvart til ei pipe som tørka måse, men nokon stor meining med dette var det vel ikkje. Børge prøvde også Dragen sin seinare på ettermiddagen. Det var imiddlertid litt for lite vind til at dragen ville halda seg oppe.
 
Foss




Bålkos

Utover ettermiddagen og kvelden blei det mykje bålkos, bare avbrutt av vedhenting. Då kvelden kom , tok me fram Champanjeglas og Eplemost. Glasa var skikkeleg stilige og Eplemosten på glasflaska til Pål var kjempe god i desse glasa. Seinare blei det også Champanjebrus. Rundt bålet steikte me også rødvinspølse på ei steinhellem, som hadde delt seg pga varmen frå bålet. Desse "pølsebitane" viste seg å vera kjempegode. I 23 tida begynte det å mørkna, og me la oss på det mjuke underlaget av mose. Me sovna og sov godt heile natta. På morgonkvisten  kom det littegran regn og det var litt tåke. Dette letta etter kvart. I 11.30  tida var me klar på å ta fatt på turen heimover. Me grua oss til den vanskelege steinura, men det skulle visa seg at det var unødvendig. Stiane i Røssdalen og Indradalen er ikkje alltid like tydelige og då me fulgte stien nedover, fann me ut at ein sti fortsatte utanom steinura. Me fulgte sjølvsagt denne og dette viste seg å vera eit lykketreff. Stien var bra og det gjekk fort nedover, heilt til me kom til elva. Sidan det hadde regna og det var snøsmelting, var det ekstra stor vannføring. Dette gjorde det litt betenkeleg å kryssa over. Me fann imiddlertid ein grei plass å koma seg over, utan å bli altfor våte. Straumen i elva var mindre enn me hadde rekna med. Børge klarte også det kunststykket å ikkje få vann i støvlane. Me gjekk vidare ned lags det fine Røssdalsvatnet og kom til slutt til parkeringsplassen. Så tok me fatt på vegen heim

Det hadde vore ein grei tur med mykje fin natur, men været var ikkje det aller beste. Me reiser gjerne opp i Røssdalen igjen ein annan gong


Rundt bålet. F.V.: Espen Furenes, Børge Garpestad og Pål Nesse

Relatert til artikkelen
Album
Røssdalen
27 bilder
[19.05.2001 - 20.05.2001]
Vis album

Artiklar
Gjennom ville dalar og flotte fjell [24.06.2006]

Bilde i album "Røssdalen"




























©2001-2004 Breogfjellsport.no