Hardangervidda juli/august 2006
Ei veke med fiske og teltliv på vidda
Vi mimrar tilbake til sommarens tur på Hardangervidda. Ei veke med fiske, telt og fjell-liv! Og til slutt slo også fiskelykka til.
Av Ragnar Fjeld 29.08.2006, oppdatert 29.01.2007


Til Hardangervidda

Det var ein varm dag i slutten av juli eg suste gjennom alle tunellane over fjellet frå Aurland mot Hol i den nokså turprega golfen. I bilen låg det meste utstyret strødd ut over etter ein fin fjelltur i jotunheimen. No bar det sørover til Hardangervidda for ei veke med fiske og roleg fjell-liv.

I Geilo møtte eg Thomas Andrè T.  Sveri og Ingunn Sveri, som hadde overtalt meg til å bli med på denne turen. Fiskekortet plukka vi opp på Halne fjellstove før vi farta innover grusvegen til Tinnhølen. Det var høgsessong i fjellet, så i området var det mange hyggeleg folk på tur.




Thomas Andrè T. Sveri, Ragnar Fjeld og Ingunn Sveri ved Tinnhølen



Hemmeleg fiskevatn

Frå Tinnhølen gjekk vi ein ikkje vidare spesifisert sti inn til "vårt" fiskevatn, nøye utplukka av vår fiskesjef Thomas Andrè T. Sveri. Her var det bare å hiva opp våre to Helsport Svalbard3 telt på ein flott kolle ovanfor vatnet. Dette skulle vera vårt tilhaldsstad den neste veka og vårt utgangspunkt både for små fjell-turar og sjølvsagt litt fisking også

Den første kvelden var myggen til tider litt nærgåande og etter ei lang reis, varte det ikkje lenge før vi var nede i soveposen.

Morgonen byr på smådotta godvêrskyer og sol! Thomas Andrè T. Sveri er ivrig etter å få tatt fiskestanga i bruk og vi ruslar nedover til ei rekke med mindre vatn som har små bekker mellom seg. Det varte ikkje lenge før i alle fall dagens middag var sikra, sjølv om det stort sett var små ørret vi fekk opp. Underteikna fekk innvida den nye fiskestanga og sanneleg vart det også nokre ørret på meg også.

Dette var på ingen måte ein seriøs fisketur, så det var ikkje aktuelt å stå opp tidleg, eller å stå dagen lang med fiskestanga. Vi fann raskt ut at eit par-tre timar var nok i kvar omgang.

Sjølv om vi fekk ein del liten fisk, var det den større fjell-ørreten som var målet. Thomas Andrè T. Sveri er ein nokså habil fiskekar og hadde klokketru på at det var bra med kilosfiskar ute i "vårt fiskevatn". Men det lot absolutt venta på seg, då vi etter 3-4 dagar ikkje så mykje som hadde fått napp der.




Thomas Andrè T. Sveri prøver fiskelykka i eit lite vatn på Hardangervidda.





Fjell-liv på vidda og nysteikte boller

No var det ikkje bare fiske vi skulle bedrive denne veka, vi hadde mange andre planar også.
Vi bygde blandt anna ein sju-steinsovn for å kunne steike brød og boller! På vidda er det lite med skog, men det trengs ikkje. Fjellet byr på utruleg mykje einerbusker og vierkratt, begge delar egnar seg godt som brennved. På ein times tid hadde vi samla nok ved til ein dags forbruk.

Meir om sjusteinsovnen kan du lesa om i denne artikkelen:
http://breogfjellsport.no/articles.php?articleID=235&s_id=47

Med oss ut i campen hadde vi det som trengs for å få laga til brød- og bolledeig. Med god fyr i sjusteinsovnen, var det ingen sak å få laga oss ferske bakevarer! Og treng eg understreke at dei smakte særdeles godt!

Dette med sjusteinsovn var såpass vellykka at vi nok tar med oss endå meir bakeingredienser på neste fisketur på vidda





Vår eigen 7-steinsovn, midt på Hardangervidda (øvst). Her har vi laga til grove boller.



Krysspeiling

Av meir kuriøse aktivitetar er nok innfallet av å krysspeile vår lokale mobilsendar, som ga oss litt mobildekning. Det var eigentleg litt uråd å vite kva for retning den var i, så då måtte litt måling til. Ved hjelp av noko som kalles Timing Advance fekk vi avstanden dit og då var det bare å gå seg ein lang tur i terrenget. Etter 5-6 målepunkt var det framleis var det ikkje så veldig eintydig resultat, men ved å plotte resultatet på min Garmin GPS hadde vi faktisk klart å fastslå posisjonen ganske så nøyaktig, omlag 25km frå oss.



Kva er det som er så spesielt med Hardangervidda?

Det må vera kjensla av å vera på ei umåteleg stort fjellplatå, det at himmelen strekk seg så langt auga ser. Eg synes også at lyset  blir utruleg flott, der solstrålene stikk ut mellom skyene som ofte ligg i små dottar lågt over vidda. Det er også det å sjå fisken vaka ute på vatnet eller i elva, sjå dei gamle ferdelsårene som framleis er i bruk og bare vera ein del av fjellet.






Thomas Andrè T. Sveri (øvst) og Ingunn Sveri (nedst) med kvar sin fjell-ørret!


Storfisk

Sein ein kveld sto vi nede ved fiskevatnet. Plutseleg hogg ein "stor" fisk seg på kroken min i det den hoppa høgt over vassflata. I min ville forfjamselse over dette gjekk det galt, bremsen var nok også litt hardt stilt inn og etter eit halvt sekund røyk sjølvsagt sena, så fisken forsvant ned i djupet.

Men no fekk vi verkeleg inspirasjonen, her var det storfisk på gang!

Kvelden etterpå var ambisjonane skyhøge og det skulle ikkje så mange kasta til før Thomas Andrè T. Sveri kunne dra i land ein flott og stor ørret. Vekta stoppa på 1400 gram, meget bra for å vera på fjellet!
Det stoppa imidlertid ikkje der, Ingunn Sveri kunne ikkje lenge etterpå hale iland ein endå større ørret, heile 1500 gram.

Dagen etterpå var det duka for ein real fiskemiddag!

Turdato: 29.07-05.08 2006

Relatert til artikkelen


Teltleiren vår på Hardangervidda


Små fjellørret


Ørret på panna



Godvêrskyer over vidda


Underteikna (Ragnar Fjeld) og hunden Nala


Kveldsstemning


Kveld ved fiskevatnet på Hardangervidda
©2001-2004 Breogfjellsport.no