Store Austabotntind
Toppturhelg i Hurrungane
Den friske haustlufta gjorde stjernehimmelen ekstra klår i det vi satte opp telta like ved Turtagrø. Etter ei frostig natt, vakna vi opp til eit fenomenalt utsyn mot Hurrunganes mange spisse taggar. Morgonsola skein intenst mot oss i det vi forsiktig kløy oppover mot dei mektige Austabotntidane!
Av Ragnar Fjeld 11.09.2005, oppdatert 18.09.2005

Kveldssola skein fint og det herska ein avslappa atmosfære på den vesle lufthamna Haukåsen utanfor Sogndal. I det eg går ut av flydøra ser eg osloflyet på 'short final' og ikkje mange sekund etter tar det bakken. Eg ruslar inn i terminalbygget og ser etter sekken min. Nokre minutt etterpå kjem ein blå toyota corolla kjørande oppover bakkane mot flyplassen. Thomas er som vanleg i godt humør og småler i det han stig ut. Sekken min får etter litt stabling plass i bagasjerommet og ikkje lenge etterpå settes kursen mot Turtagrø.


Til Jotunheimen?

Det er igrunnen litt langt å reise frå Stavangerdistriktet og opp til Jotunheimen for ein helgetur. Eit par veker før hadde det tikka inn ein melding på mobilen: "Vil du bli med til fjells helgen niende september"? Eg svarte litt nølande - om det var noko spesielt turmål - og fekk etter kvart greie på at Hurrungane i Jotunheimen var målet. Eg hadde igrunnen ikkje noko tru på at det var praktisk mogleg for meg å få med meg turen, så eg tenkte ikkje så mykje på det. Heilt til Thomas ringte meg nokre dagar før avreise og brukte aktivt sine overtalande evner. Det var ikkje måte på kva slags kreative argument han kom opp med. Og det må ha hatt sin virkning, for ikkje lenge etter søkte eg etter både buss, båt og flyruter for å koma meg oppover. Først såg det ikkje særleg lyst ut; Flybiletter på 'business class'  var ikkje særleg aktuelt, og både båt og buss tok altfor lang tid. Men med ein kreativ kombinasjon av flybilettar, hadde eg plutseleg plass på flyet til Sogndal fredag ettermiddag.

Og så var eg der. I lag med mine gode venner  Ingunn, Thomas, Kamilla og hunden Nala. Under den stjerneklåre himmelen reiste to telt seg. Vi pusta inn den skarpe haustlufta og kjente kuldegradene koma snikande. Det var flott å stå under stjernehimmelen og bare nyta kvelden. 




Austabotntindane


Det var ikkje lett å krype ut av den gode og varme vintersoveposen. Eg gløtta bort på Kamilla og ho såg heller ikkje ut til å ha umiddelbare planar om å koma seg opp. Det drøyde nokre minutt før eg til slutt opna glidelåsen til ytterdøra for å kikke ut. Det første eg såg var morgonsola som skein sitt gulaktige lys på fjelltoppane og like etter såg eg opp på ein knall, blå himmel. Eit så flott morgonlys kunne eg ikkje ha huska å ha sett før. Og sidan det også var vindstille, varsla det at dagen kom til å bli minnerik.

Etter nokre brødskiver og eit kakestykke til frukost, var vi klar for dagens topptur: Austabotntindane. Ingunn vart igjen i teltleiren ilag med hunden Nala for å gå småturar, mens vi andre satte oss i bilen for å kjøre opp til Berdalsbandet. Klokka var pasert 10 då vi forsiktig gjekk oppover på isbelagte steinurer. Sola skein intenst i andletet i det vi runda over den første kanten og fekk tindane i sikte. Eit tynt snølag var dryssa på toppane, som no viste seg fram i all sin pakt.

Oppover ryggen vart det etter kvart vidstrakt utsyn i nesten alle retningar. Vi såg rett ned i sprekkene på Berdalsbreen og ovanfor ruva Store Ringstind med sine loddrette fjellveggar. Dyrhaugs- og Skagastølstindane viste seg fram lenger bak i eit mylder av snødekte totusenmetarstoppar. I det fjerne såg vi den langstrakte Jostedalsbreen med Lodalskåpa og Brenipa som høgste punkt, og i vest kunne vi ane Sognefjorden bukte seg ut mot havet.

Opp til Vestre Austnabotntind var det bare småklyving, men ishinna som hadde lagt seg overalt, gjorde at det var rimeleg glatt. Oppe på toppunktet på 2100 moh tok vi ein matbit, før vi forsiktig kløyv nedover mot skaret mellom Vestre- og Midtre Austabotntind. Heldigvis hadde sola fått litt tak her og smelta vekk mykje av ishinna. Vi kom oss etter kvart trygt ned i skaret og vandra bortetter den smale eggen. Her traff vi på ein kar som kunne beretta at han hadde vore med i eit av to taulag med førarar mot toppen, men at han måtte gje seg i det bratte partiet like under toppen. Eit stykke lenger oppe kunne vi studere 6-7 personar som var på veg ned. Det var tydeleg at det var nokså glatt oppi der. Litt lenger oppe kom vi i snakk med ein av førarene til gruppa, som meinte at det nok bar mogleg å ta seg opp utan stegjern også. For stegjern hadde vi ikkje tenkt på som nødvendig, vi hadde bare med to isøkser.


Kamilla Dahle Hammervold smiler fint


Mot Midtre- og Store Austabotntind. Ruta mot toppen følger eggen oppover. Snøfonna med svaet omtrent midt i bildet

Mot toppen

På grunn av snølaget måtte vi sikre oppover ettersom eggen etter kvart var relativt bratt. Isøksa fungerte greit som snøkost og vi kom alle greit opp den første delen etter å ha venta på at den nevnte gruppa hadde passert (for å unngå steinsprang). Vidare kunne vi enkelt ta oss vidare bort til det som ofte blir referert til som "svapartiet", like under ei markert snøfonn, som førøvrig ligg der nesten heile året. Eggen vidare var smal og heilt snødekt på nordsida. På sørsida var det bart og det såg mogleg ut til å vera greit å klyve på toppen av eggen. Etter å ha satt ein standplass, våga eg meg forsiktig oppover. Det vart litt "knoting" fordi det var svært glatt på grunn av snøen. Det var også vanskeleg å finne nokon kilesprekker dei første metrane og i tillegg var det nokså luftig ned på begge sider. Etter 10 meter fekk eg satt ei grei kile og tok meg forholvis lett vidare over til snøfonna. Det såg forsåvidt mogleg ut å karre seg vidare oppover, men det var nok litt på kanten for oss utan stegjern. Thomas og Kamilla var heller ikkje særleg lystne på å gå over sva-egga etter å ha sett meg knote meg oppover. Det var difor ganske enkelt å bestemme seg for å snu tilbake igjen - ingen grunn til å utfordre skjebnen. Det viste seg nesten verre å klatre ned igjen, heldivis hadde eg fått satt ei god slynge som sikkerhet på returen. Ein bør helst ikkje skli av eggen, det er temmeleg langt ned.


Retur

Med ein så flott dag som dette var humøret upåverka av at vi ikkje nådde heilt til toppunktet. Tonen var munter og spøkefull. På veg opp til vesttoppen igjen leika vi oss med litt klatring og satte ein hengande stanplass. Sikring her under gode forhold er strengt tatt ikkje nødvendig, men det er eit noko smalt punkt i tillegg til litt klyving der ein bør trå litt forsiktig. Mange føler seg nok litt meir komfortable med eit tau opp her, og føraren frå Norgesguidane sikra sine gjester opp.

Frå toppen kunne vi etter kvart sjå sola gå nedover på horisonten og vi rusla snart nedover. Turen ned tok noko lengre tid enn berekna og mørket fall etter kvart fort på. Etter litt snubling i steinura, måtte hovudlyktene fram dei site hundre metrane ned til bilen.

 Nede ved Turtagrø varte det ikkje lenge før Ingunn og Thomas hadde trylla fram ein særdeles god middag, beståande av biff, fløtegratinerte poteter, sopp og grønnsaker. Det var godt med mat etter ein fin og lang dag til fjells.



Thomas Andrè Thorkildsen og Kamilla Dahle Hammervold (bak)


Mot Dyrhaugsryggen

I teltet var soveposen god og varm å krypa ned i og praten gjekk ei stund før vi entra draumanes univers. Litt for tidleg, allereie halv åtte, skulle vi stå opp. Dette fordi vi måtte avgårde rundt 15.00 for at eg skulle rekka flyet mitt tilbake frå Bergen. Vi hadde blinka oss ut Dyrhaugsryggen som eit passande turmål.

Molter
I ni-tida la vi avgårde frå telta. Sidan vi ikkje kom innpå nokon sti oppover, tok det litt tid i starten. Oppe ved ei myr openbara det seg ganske uventa utruleg mykje molter. Dei var rett og slett overalt på myra og av høg kvalitet. Thomas meinte at han ikkje kunne la sjansen gå frå seg og inviterte straks på molter og krem påfølgande tirsdag. Så då måtte Dyrhaugsryggen vente til fordel for eit par kilo lettplukka molter. Etter omlag ein halv time hadde dei mest ivrige molteplukkerane, Thomas og Ingunn, i tillegg til underteikna som også plukka litt, samla isaman ein frysepose med molter.


Thomas Andrè Thorkildsen på moltemyra

Vidare oppover kom vi innpå ein sti, bare for å konstatera at vi hadde gått eit ganske unødvendig langt strekk for å koma opp dit. Formen var ikkje på toppen etter turen dagen i førevegen, og oppe ved Nedre Dyrhaug måtte vi stoppe for å ha ein kjekspause. Vidare oppover var det lettgått og fint opp til Øvre Dyrhaug. Her starta steinura oppover mot toppen. Mens Thomas og Kamilla venta ei stund i ein vindsekk, skynta eg meg opp ca 400 høgdemeter opp til snøfeltet eit lite stykke under fortoppen. Då måtte eg snu for å rekka ned igjen i tide. Nedover gjekk ikkje så mykje raskare enn oppover på grunn av steinura. Vidare mot Turtagrø tok eg ein snarveg gjennom busker og vierkratt og nådde etter kvart igjen resten av turfølget mitt.


Rett før 15.00 var vi pakka og klare for bilturen heimover, først fjellvegen Turtagrø-Årdal, så vidare på E16 mot Bergen. Det vart ein litt lengre tur ein vanleg, sidan nokre tunellar etter Voss var stengde på grunn av vegarbeid. Kvart på ni var vi ute på Flesland, der eg hoppa av og kom meg på flyet sørover til Stavanger.

Alt i alt ein verkeleg 'kremtur', både på grunn av flotte naturopplevingar og gode vennar!

Turdato: 09-11.september 2005

Rutekart


Relatert til artikkelen
Album
Toppturhelg i Hurrungane
23 bilder
[09.09.2005 - 11.09.2005]
Vis album





Vi vaknar opp til fin morgonsol


På veg opp mot Austabotntind


Austabotntindane. Vestre- til venstre, Store- og midtre- i midten og Søre- Austabotntind til høgre


Store Austabotntind (2204 moh)


Mot Store Austabotntind. Midt på bildet vises snøfonna, der vi snudde


Langstrakt utsikt. Jostedalsbreen med Lodalskåpa i bakgrunnen



Utsikt til Store Ringstind


Flott utsikt. Store Ringstind til venstre, Skagastølstindane og Storen i bakgrunnen




Ei myr full av molter!


©2001-2004 Breogfjellsport.no