Norges 3.høgaste
Store Skagastølstind
Store Skagastølstind, som også går under namnet "Storen", er umåteleg populær. Etter å ha tenkt på det i lang tid, var også vi klar for ein tur på denne fine toppen i Hurrungane. Med klatreutstyr og isøks i sekken gjekk turen oppover frå Turtagrø ein tidleg morgon i august
Av Ragnar Fjeld 08.09.2004


Store Skagastølstind sett frå Skagastølsdalen

Morgon

Klokka var 05.30 i det vi gjekk frå teltet. Det var ein flott morgon, nesten skyfritt og med sola på full fart opp i aust. Store Skagastølstind viste seg fint fram allerede no. Forhåpentlegvis ville vi stå på toppen om ein del timar. For ein herleg dag!
 
Det var ikkje bare vi som var ute denne morgonen, det var reine folkevandringa oppover. Tydelegvis mange som vile utnytta finvèret etter fleire dagar med ustatig vèr. Oppover Skagstølsdalen talte eg 25 personar,i tillegg kjem det alle som låg i telt lenger opp, eller som hadde gått tidlegare på morgonen. Ikkje utenkeleg at det var 50 stk på toppen i løpet av dagen.
 
 
Anmarsj
 
Snøen på Skagastølsbreen smelta fort og ein måtte gå lenger og lenger oppe i sida for kvar dag som gjekk. På bare 2 dagar hadde det smelta store områder. På bandet blei det tid for litt nøtter og lett lunsj, før vi tok snøfelta oppvoer. Det første snøfeltet etter bandet er ganske bratt og det er fint å ta med isøksa. Særleg raskare enn å gå i steinrøysa på sida er det nok ikkje.
 
 
Steinsprang
 
Det gjekk rimeleg greit oppover, men det er til tider ganske laust. Viktig å vera forsiktig med tanke på steinsprang, særleg når det er såpass mange som er på veg oppover. Like ved svapartiet (ganske langt oppe) høyrde vi nokon ropa "steeein" langt ovanfrå. Nokre sekund etterpå kom ein middels stor stein susande nedover rett mot oss. Vi trakk oss straks til venstre inn mot fjellveggen og steinen passerte eit par tre meter frå oss. Dei aller fleste har fått med seg at det kan vera stor fare for steinsprang og har iallefall hjelmen på seg. Visse stadar er det ikkje lurt å oppholde seg meir ein nødvendig.
 

Klatring i Andrwes renne
 
Sidan det var mykje folk, var valget av ruta "Andrews renne" lett. Eit stykke før hjørnet tok vi til venstre og tok oppver ei skrå hylle. Denne gjekk vi heilt utan sikring, det er bare lett klyving når det er tørt, og den er ikkje spesielt eksponert. På toppen av denne var det ei fin og stor hylle som passer greit som utgangspunkt for klaringa. Ein kort taulenge tok vi ut i sjølve renna. Utanom oss, kom det eit taulag under oss, så det er mogleg å klatre sjølve renna ein taulengde lenger nedanfrå. Oppover var det fin klatring og det er mange forskjellige alternativer. Vi holdt til høgre oppover. Eg klatra med svasko, men fjellsko hadde vore like bra, eller bedre (mine fjellsko var ubrukeleg til klatring pga dårlege kantar/tupp). Andre standplass tok vi på ei stor hylle med masse lausmasse. Vidare oppover holdt vi til høgre, men det såg kanskje bedre ut til venstre. Fleire stadar var det litt laust. Lenger oppe blei det merkbart enklare og eit lite "skar" mellom fortoppen og hovudtoppen blei nådd. Herfrå var det ganske enkel 2'erklatring til topps.


Thomas Andrè Thorkildsen på hylla ved "Andrews renne"

Thomas Andrè Thorkildsen står inne i Andrews renne

 
På toppen og retur
 
Då vi kom opp til toppområdet var det ingen der! Pga veldig mykje folk i Hefteys rute, stod mange å venta i kø for å klatre, og det tok visst lang tid å koma seg opp. Oppe på toppvarden blei bilder tatt og ein matbit inntatt, mens utsikta blei beundra. Då det kom andre taulag opp, starta vi på returen. Denne var vi litt usikker på, så vi tok ein rapell ned til toppen av ruta "Sørvestveien", der veldig mange rapellerer frå. Her er det også "helikopterslynger" som ligg rundt ei stor blokk. Det er mogleg å gå ein "sti" ned dit, men litt kronglete er det. Etter litt styr med å få ned tauet, var vi klar for rapell. 4 andre som kom samtidig med oss nedover, skulle rapellere først. Dette kom til å gå raskt tenkte eg. I det førstemann skulle ned, kom ein klatrar opp ruta der vi skulle rapellera. Eit taulag klatra denne ruta sidan det hadde vore mykje kø i Hefteys rute. Difor blei det lang tids ventig og det var uklårt kva resten av taulaget lenger nede dreiv på med, oppover kom dei allefall ikkje. Etter ei tids venting, blei det klart at rapelleringa kunne begynne. Samtidig hadde det skya til og begynt å regna. Rapellen var fin den, ca 40meter lang. Totalt blei det vel litt over 1 times venting, og då var køen lang på toppen.



Ragnar Fjeld på toppen
 
 
Nedover
 
Vi tok det med ro nedover fordi det hadde blitt svært vått og glatt. Eit stykkee lenger nede traff vi på 2 stk som skulle oppover. Den eine av desse fortalde at han hadde blitt truffen av ein stein i handa, men at han heldigvis ikkje blei skada av det. Det er vanskelegare å vera varsam med tanke på steinsprang på veg ned, så ein må vera ekstra på vakt viss ein går oppover når "alle" er på veg ned. Steinsprang er - og blir - eit problem på Storen. Slik er det bare. Lenger nede tok vi ut på snøfelta og det gjekk forholdvis fort nedover. På det siste snøfeltet hadde eg ein liten utglidning, men heldigvis var det like ved eit svaparti og eg stoppa før eg fekk isøksa i bremseposisjon. Dette viser at ein må vera på vakt nedover og helst ha isøks (og trene på oppbremsning) når ein går slike snøfelt. Grunnen til utsklidninga var forøvring ekstremt dårlege sålar og kantar på fjellskoa mine, kombinert med ein tung sekk med bl.a. våte klatretau.
 
Nede ved NTK hytta var det storinnrykk av folk. Vèrmeldingane var gode framover, så det var nok mange som ville ta turen oppover. Teltet blei pakka og etter fleire dagar i telt ved Turtagrø satte vi snuten heimover. Det blei ei lang natt med kjøring
 
Relatert til artikkelen
Album
Store Skagastølstind
25 bilder
[07.08.2004 - 07.08.2004]
Vis album
Album
Opp til hjørnet
19 bilder
[05.08.2004 - 05.08.2004]
Vis album
















Utsikt frå Store Skagastølstind

©2001-2004 Breogfjellsport.no