Topptur i Jotunheimen
Vesteggen på Rauddalseggi
Rauddalseggi er ein totusenmetertopp som ligg ved Olavsbu i Jotunheimen. Vesteggen opp til toppen er bratt øvst og byr på fin og relativt enkel klatring. Vi tok turen opp som lang dagstur frå Leirvassbu
Av Ragnar Fjeld 24.07.2005, oppdatert 27.09.2005

Etter ein lang tur dagen i førevegen, var teltet blitt slått opp eit stykke opp i Leirdalen. At sommarnettene i Jotunheimen kan vera ganske kjølege fekk eg erfara; Bilruta hadde fått seg eit tynt rimlag i løpet av natta og det kjentes i sommarsoveposen.


Leirvassbu

Leirvassbu var utgangspunkt for turen. Morten Helgesen hadde spurd meg om å bli med på "Kongetraversen" og eg visste lite om kva turen innebar. Litt over klokka 10 traff vi Nils Haugene som også skulle vera med og satte oss ned for å studera ruta på kartet. Planen var å gå over Rauddalseggi og deretter opp på Skardalseggi og Skardalstinden på tilbakevegen mot Leirvassbu. Det var først då vi byrja å telje ruter at vi innsåg at det var ein særs lang tur. Å gå 30km i tillegg til ein drøss med høgdemeter og litt klatring blei for drøyt, særleg etter 15 timar på tur dagen før. Vi vart raskt einige om å bare gå Rauddalseggi, det fekk vera langt nok det.



Nydeleg ved Høgvagltjønnen på den merka stien mellom Leirvassbu og Olavsbu. Toppane midt på bildet er Skardalseggi og Skardalstinden


Mot Rauddalseggi

I det flotte vèret vandra vi så innover på stien mot Olavsbu. Ved Rauddalsbandet var det fortsatt mykje snø. Frå toppen av bandet tok vi oss på skrå mot Rauddalseggi for å spare litt høgdemeter. Her var det litt steinur, men det var greit å gå. Etter ein pause i sola, tok vi til på stigninga opp mot eggen. Det var ikkje særleg bratt og vi kom inn på eggen på ca 1850 moh. Ryggen oppover var lett og ganske brei. På ein liten hammar var det først nokre få meter klyving, før vi kom til ein litt større hammar. Denne var lodrett ned på venstresida, så vi måtte klyve rundt og opp på høgresida. Litt bratt her også, men gode tak og vi kløyv dei få metrane usikra.


Vesteggen

Før klatringa oppver eggen kunne ta til, måtte vi grave i sekkane etter tau og klatreutstyr. Eg som skulle lede oppover hadde svasko, mens dei andre beholdt fjellskoa på. Opptaket i starten var artig, kanskje 3+ og med litt små tak. Det var bare å "vippe" seg opp, men det var ikkje så lett med fjellsko. Sidan vi bare hadde eit kort tau, så måtte eg sette standplass på ei hylle etter 15-20 meter. Ruta vidare oppover var ikkje så lett å sjå heile tida og det vart litt traversering fram og tilbake, men stort sett så holdt vi oss midt på ,eller nokre meter til høgre for eggen. Sjølve klatringa var ikkje vanskeleg, men litt utfordring var det i å finne ei rute oppover. I alt vart det 3 taulengder på 20-25 meter i tillegg til ein kort taulengde heilt øvst. Ein av standplassane måtte settast i blokker, ellers var det fine kilesprekker. Ruta var også rimeleg enkel å sikre, men det kreves eit visst utval av kiler. Innimellom var det også litt vassing og enkel klyving som kan gjerast usikra, men stort sett ville iallefall eg holdt tauet på til topps; det er utsatt og litt luftig. Morten Helgesen og Nils Haugene som klatra med fjellsko kunne fortelja at det til tider var litt utfordrane, men at det gjekk ganske greit.  Med kort tau, og dermed mange standplassar, tok klatringa ca 2 1/2 timar.

Mykje av eggen var forvørig dekka av lav, noko som nok kan gjera det glatt i vått vèr. I forhold til andre ruter i Jotunheimen, så vil eg seia at vesteggen på Rauddalseggi er betydeleg vanskelegare enn f.eks. Uranosryggen. Min gjetting/følelse er at ruta kanskje kan vera 3+, mens Morten og Nils meinte den nok fortente ein 4'er. Og eg kan vera einig i at den nok var utfordrane med sekk og fjellsko.


Første taulengde på vesteggen


På toppen

Litt før åtte stod vi på toppen. Tåka kransa seg rundt oss og det var merkbart kjøligare, så vi var ikkje så lenge på toppunktet. Vi skulle vidare austover til Midtre Rauddalseggi (2016 moh) og holdt oss for ein god del ute på eit snøfelt ned til skaret mellom dei to toppane. Sidan klokka var blitt mykje og at det var ein lang marsj tilbake til Leirvassbu, avgjorde vi at vi returnerte frå skaret og ned mot Skardalen i staden for å gå ned over eggen på Midtre. Imens eg og Morten klargjorde tauet for returen over breen, sprinta Nils opp på toppen av Midtre. Ikkje lenge etter var han tilbake igjen og vi kom oss raskt nedover breen. Vi holdt høgda i nordsida av sjølve Rauddalseggi, men her var til tider veldig grov ur.

Det var ein flott kveld og då vi fekk utsikt ut over Rauddalen igjen, fekk vi oppleve ein skikkeleg tøff soldnedgang. Å sjå orangefarga skyer sno seg rundt Rauddaleggi var også ganske spektakulært.


Lang veg tilbake

Turen til Leirvassbu både føltes og var lang. Mørket seig på og kulden kom krypande. Den lange turen dagen i førevegen satt fortsatt godt i kroppen. Klokka var passert 0115 då vi endeleg nådde Leirvassbu. Eg var trørr og lista meg inn på Leirvassbu for å få eit rom. Det var ikkje noko problem og eg vart også tilbudd nattmat. Eg var imiddlertid veldig trøtt og tok heller ein sjokoladebit og stupte ned i soveposen.

Morten og Nils hadde lange kjøreturar foran seg, til henholdvis Valdres og Nittedal. Morten rapporterte seinare at han var framme 0400, mens Nils ikkje kom seg heim før 0700.

Turdato: 24.07 2005

Rutekart

Start ved Leirvassbu

Relatert til artikkelen
Album
Rauddalseggi
19 bilder
[24.07.2005 - 24.07.2005]
Vis album



Leirvassbu, ca 1400 moh


Fint ved Høgvagltjønnen, på veg frå Leirvassbu til Rauddaleggi


Utsikt til Rauddalsbandet med Rauddalseggi bak til venstre



Vesteggen på Rauddalseggi, 2168 moh.


Ragnar Fjeld klatrer oppover første del av eggen. (Foto: Nils Haugene)


Ragnar Fjeld klatrer oppover eggen. (Foto: Nils Haugene)


Morten Helgesen klatrer oppover eggen (Foto: Nils Haugene)


Morten Helgesen kjem opp den siste taulengda. Ragnar Fjeld sikrer. (Foto: Nils Haugene)


Store Rauddalseggi, 2168 moh.


Midtre Rauddalseggi (2016 moh). Retur ned over breen på bildet til Skardalen.


Orange skyer rundt Rauddalseggi


Solnedgang over Rauddalen
©2001-2004 Breogfjellsport.no