Tur over Grydalsheia
Grautheller turisthytte i Ryfylkeheiane
Vèret var litt grått, men turen over Grytdalsheia til Grautheller turisthytte var grei. Lettgått tur over gras- og lyngheier.
Av Ragnar Fjeld 03.10.2005


Grytdalsheia

Det var søndag og sjølv om vèret var litt grått, så var Grydalsheia og Grautheller turisthytte målet denne dagen. Litt over klokka tolv var eg framme ved Grytdalslega på fjellvegen mellom Ådneram i Sirdal og Lysebotn. Like ved ei gjetarhytte var det ein fin parkeringslomme. Skifta til fjellskoa og tok den lette dagstursekken på ryggen og rusla over brua. . Etter ein god bakke opp langs ein bekk, flata det ut og det gjekk vidare innover eit lite dalsøkk.

Den merka stien følg ein gamal driftsveg innover fjellet, og det var tydeleg at ein del sauer hadde vandra her. Likevel var det ikkje så alfor bløtt eller sørpete, med tanke på dei store nedbørsmengdane den siste tida.

I fint vèr er det sikkert veldig fin utsikt, men no var det litt overskya og litt grått. Men det var iallefall ikkje noko særleg regn og det var ei mild og frisk fjelluft, så eg hadde ingen grunn til å klage.

Det gjekk litt opp og ned langs nokre små dalsføre og vatn, men ingen større stigningar. Aust for Salomonsknuten var det fin utsikt bort til den svarte Lysedalskjeften. Stien går ned og langs denne svarte og lodrette fjellsida under fjelltoppen Dunsen. Ikkje lenge etterpå bare det nedover mot Grauthellervatnet og turisthytta. Eg hadde ikkje akuratt somla på vegen inn, men var litt overraska då det bare hadde tatt meg to og ein halv time.


Grautheller turisthytte

Turisthytta er ubetjent og ligg fint til i vestenden av Grauthellervatnet. Etter ei større ombygging og renovering på slutten av 90-tallet, så har hytta no fått totalt 26 sengeplassar. Det er ganske vanleg å få bilskyss eller sykle inn på den private anleggsvegen som går inn til Svartevassdammen, og frå austenden av Grauthellervatnet er det då bare ein halvtimes gange fram til hytta (anleggsvegen går inn frå Ådneram og er stengd med ein låst bom etter ein km.)

På hytta var ein familie som var igang med å pakke ut og som sikkert skulle få bilskyss eller sykle til Ådneram. Med utsikt ut over Grauthellervatnet åt eg opp nistepakka og fekk etter litt mekking på kameraet, også takk nokre bilde av hytta.

Så bar det tilbake igjen samme veg. Det starta å yre og etter resten av tilbaketuren var det lett regn.


Den merka stien mellom Børsteinen turisthytte og Grautheller turisthytte er oppgitt av Stavanger turistforening til 6 timar ein veg. Startar du nede ved Grytdalslega er det iallefall ein time kortare, kanskje også ein og ein halv time. Med liten dagstursekk og friske bein tok det bare 2 1/2 time grå Grytdalslega til Grautheller, så turistforeningens anslag er nok uansett litt for høgt. 

Turdato: 02.10 2005

Rutekart

Start ved Grytdalslega på fjellvegen Ådneram-Lysebotn

Relatert til artikkelen
Album
Grytdalsheia og Grautheller turisthytte
8 bilder
[02.10.2005 - 02.10.2005]
Vis album



Innover heia følges ein gamal drifteveg. Her rett nord for Svartetjørni


Utsikt litt aust for Salomonsknuten bort til Lysedalskjeften (den bratte fjellsida). Stien går ned og like under denne svarte og loddrette fjellveggen




Stavanger turistforenings hytte "Grautheller", like ved Grauthellervatnet

©2001-2004 Breogfjellsport.no