Kulturminne frå 2.verdskrigen
Bamsebu
Bamsebu er eit lita steinbu som vart bygd av nokre av tungtvassabotørane under i 1943. Den dag i dag står steinbua der fortsatt, omlag 6km frå Holmavasshytta heilt nord i Ryfylkeheiane
Av Ragnar Fjeld 07.07.2006, oppdatert 08.08.2006

Ein dag tidleg i juli vakna vi opp til ein kjempeflott dag på Holmavasshytta, litt sør for Haukelister. Dagen i førevegen hadde vi vore ein tur på Rogalands høgste topp, Vassdalseggi. Inne på hytta hang det ein avisartikkel om Bamsebu, ei hytte som vart nytta som skjulestad under 2.verdenskrigen. Dette virka spanande, så vi tok turen bortom


Bamsebu

Haukeliseter skriv dette om Bamsebu på sine nettsider:
(
http://www.haukeliseter.no/index.php?fo_id=2600)
"Bamsebu er også i nærheten, og er et sentralt krigsminne: Tungtvannssabotørene fra Rjukan Knut Haukeli og Arne Kjelst bygde hytten sommeren -43 mens tyske tropper gjennomsøkte Suldalsheiene på jakt etter dem. Av sikkerhetsgrunner kunne de ikke kalle hytten Holmevassbu, og de kalte den derfor opp etter elghunden Bamse. Steinhytten er fremdeles intakt, ligger på nordøstsiden av Holmavatnet og er avmerket på kartet ”Breive” som er å få kjøpt i resepsjonen på Haukeliseter. Den ligger ca. 6 km fra Holmevasshytten."
Bamsebu er også markert på det nye turkartet "Haukeliseter" (1: 50.000)

På Haukelister.no han du lesa Knut Haukeli sin eigen berettning om hytta:
http://www.haukeliseter.no/index.php?fo_id=2688

"Det ble på vårparten klart for oss at vi måtte bygge våre egne hytter hvis vi skulle overleve. Disse hyttene måtte være bortgjemte og ukjente både for tyskere, angivere, ja, også for våre egne gode kontakter."



Bamsebu ved Holmavatn



Flott vandretur frå Holmavasshytta til Bamsebu

Frå Holmavassbu la vi kursen ned mot eit par hytter som er avmerka på kartet. Her vada vi over elva og fortsatte sør om Dyrskarnuten og punkt 1187. Vi holdt stort sett høgda, då det var vanskelgare å gå nede lags vatnet. Til tider var det nokre vardar og ein svak sti, men det var lett å finne vegen.

Då vi stod nede ved vatnet ikkje langt frå bua ifølge kartet, tok vi til å speide etter hytta. Den var ikkje så lett å få auge på med ein gong. Hytta er fortsatt i god stand, men den er i privat eige og det var ikkje mogleg å gå inn. Inn vinduet kunne vi skimte eit par senger og ein ovn, rikitg kosleg virka det til.
Ved å besøke hytta får ein eit visst inntrykk om korleis det var å gøyme seg langt til fjells.

Alt i alt brukte vi fire og ein halv time frå Holmavasshytta til Basebu og tilbake igjen. Sjølv om det ikkje er så langt i distanse, så er det mykje opp og ned.

(Turdato: 02.07 2006)

Kart


Ruta vi følgde frå Holmavassbu, tar av frå den t-merka stien mot Haukeliseter og følger høgden sør om Dyrskarnuten og høgde 1187 fram til Bamsebu. Bamsebu ligg like innanfor ein odde og rett ved ein liten bekk. Avmerka både på M711 kartet "Breive", 1:50.000 og Turkart Haukeliseter, 1-50.000
Kart: Copyright Statens kartverk. Gjengjeve på denne sida med tillating.

Relatert til artikkelen
Album
Bamsebu
8 bilder
[02.07.2006 - 02.07.2006]
Vis album

Artiklar
Vassdalseggi, Rogalands høgste topp [08.07.2006]








©2001-2004 Breogfjellsport.no