R/R-speidarar på tur
Snøholetur til Suleskard
Bryne R/R-lag reiste på snøholetur til Suleskard i palmehelga, påsken 2001. Frå Ådneram gjekk turen på ski opp til Suleskard og eit stykke innover i fjellet. På ettermiddagen begynte me å grava snøhola, og det viste seg at det var ganske harde snølag. Gravinga tok derfor litt lengre tid enn berekna. Om kvelden koste me oss me god mat og varme soveposar inne i snøhola
Av Ragnar Fjeld 08.04.2001


F.V.: Ingvar Tjøsheim, Pål Nesse og Børge Garpestad

Avreise

Me reiste frå Lye litt over 10. Pål kjøpte diverse ting på GP Tjørom landhandel ved Sinnes. Me kom inn til Ådneram litt før 12, og første etappe var opp til familen Furenes si hytta. Det var sol og svært varmt (Espen sa at det var 13 grader). Rett utanfor hytta stod Espen klar, og etter eit par minutt gjekk med vidare. Me følgte løypa opp mot Suleskard, og tok det ganske med ro. Etter ein lang oppoverbakke kom me inn på Suleskard-Brokke vegen, og me følgte denne vidare oppover.  
 


Utgraving av snøhole

Snøhole

ca kl 14.00 stoppte me og begynte å sjå etter gode snøhole-fenner. Først vart det gjordt eit forsøk rett i ein brøytekant. Det viste seg imiddlertid at det var svært hardt akkurat her, og etter ei god stund bleir dette prosjektet avslutta. Ingvar kom på at han hadde lyst å laga Iglo, og han holdt på med det ei god stund. Børge og Ragnar tok seg først ein rekogniseringstur, og fann ingen perfekte plassar. Etter ei stund gjekk Børge og Ragnar på ein ny rekogniseringstur, og då fant me ein veldig bra plass. Familien Furenes paserte oss akkurat i det me skulle til å grava, og meinte at dette var ein bra plass. Dette var ved kanten av ei fjellside, og det såg ut til å vera nok snø. Me begynte å grava, og etter ei god stund ringte Ragnar til Pål og sa at dei måtte koma bort. Gravinga begynte ca kl 16.00, og hola var ferdig litt over kl 20.00. Været gjekk frå fint til meir overskya utover ettermiddagen.   
 



I posane

Før 21 var alle langt nede i soveposane. Ingvar hadde gitt alle to "død mann på boks", dvs forsvarets RSP. Dette var ein boks med hermetisert innhold. Innhaldet likna litt på skinke, men smaken var litt annleis. RSP'en åt me kaldt, men det er også ,ulig å varma opp denne. Ellers gjekk det endel snop og sjokolade utover kvelden. Børge hadde med seg parafinlykt, og på hadde med seg ein gjeng med stearinlys. Det blei etter kvart lyst og koseleg inne i snøhola. Etter ein lang diskusjon om "evighetsmaskinar" sovna dei fleste. Utpå natta kom det tjukk tåke, men denne letta heldigvis litt på morgonkvisten. Det blei også markbardt kaldare i 5-6 tida.  


I snøhola

Inngangspartiet

Neste dag

Litt over 8 (neste morgon) våkna me, og begynte å laga litt mat. Børge hadde med seg kyllinglår, og desse steikte me i pannå.
Ellers varmte me vatn til Mr lee nudler, Toro Rett i koppen, Toro Sjokoladedrikk og vatn til å drikka kaldt. Alt blei gjordt på Ragnar sin supre Primus Himalaya Multifuel brennar. Rundt kl 10.00 pakkte me i saman, og ved halv elleve tida bar det nedover mot Ådneram igjen. Været var ikkje så bra som dagen før. Det var litt lett snø, og eit par minusgrader. Det gjekk bra nedover alle bakkane me hadde gått opp dagen før. Familien Furenes innviterte oss inn på nysteikte vaffler i den fina hytta deria på Ådneram. Dette kunne me sjølvsagt ikkje seia nei til, og det blei til at me var i hytta over ein time. Litt over halv 2 gjekk med ned til parkeringsplassen og satte kursen heim.  

 


Overskya på veg tilbake til Ådneram

Dei som var med: Espen Furenes, Børge Garpestad, Ingvar Tjøstheim, Pål Nesse og Ragnar Fjeld. Alle frå Bryne R/R-lag, 1.Bryne KFUM

 

Relatert til artikkelen
Album
Snøholetur til Suleskard
22 bilder
[07.04.2001 - 08.04.2001]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no