Fottur i Frafjordheiane
Pinsetur til Langavatn turisthytte
Pinsetur i Frafjordheiane til Langavatn turisthytte. Varierande vèr og framleis mykje snø
Av Ragnar Fjeld 11.06.2000




Mykje snø


Pinsen 2000 tok vi innover frå Valevatn (Lortabu), øvst i Hunnedalen.  Det var framleis mykje snø i fjellet, så det hadde nesten vore betre med ski ein god del av turen. Vi traff då også på ein kar på ski, men litt bæring vart det nok på han.

Bekkar og vatn var òpne og sommarbruer var ikkje lagt ut. Dei aller fleste plassane var det snøbruer, men ved Mængærnane balanserte vi over brua. Ved elva like ved Langavatn turisthytte, hoppa vi med litt flaks greit over på "isflak" ute i elva, men det gjekk ikkje lang tid før den moglegheita forsvann.


Elg ved Langavatn


Ved Langavatn var det eit par elgar (!) som luska rundt. Først såg vi bare spor, men etter kvart såg vi også dyra. Det såg litt skummelt ut då dei la på sprang over Langavatnet, der isen fortsatt låg, men var i dårleg forfattning. Elgane kom seg utruleg nok uproblematisk over. Det må vera noko uvanleg å finne slike dyr så høgt til fjells (900-1000 moh) på denne tida av året.


Tåke

Ved Langavatn turisthytte blei vi ein ekstra dag, då vi hadde god tid og vèret ikkje var på det beste. Vi gjekk også eit stykke på stien mot Kjerag, men snude då det vart graut-tjukk tåke, regn og vind.
Returen til Valevatn (Lortabu) gjekk samme veg og vèret var då varierande, med innslag av tett tåke. På dei siste kilometrane før Sandvatn var det lett å gå koma av kurs. I det kuperte terrenget med mykje snø var det få merke synlege. Kartet var absolutt nødvendig, men store problem var det ikkje.


Ruta:
Valevatn (Lortabu) - Sandvatn - Langavatn - Sandvatn - Valevatn (Lortabu)

Nedanfor følgjer fleire bilde frå turen




Flott ved Sandvatn


På Strålausheia


Elgspor (!) til venstre og mine spor til høgre, i ein heller bratt skråning ned mot Langavatn


Langavatn turisthytte midt i bildet. Ruta frå Sandvatn kjem over fjellet, litt til høgre for midten av bildet.

Langavatn

Relatert til artikkelen
Album
Pinsetur til Langavatn
10 bilder
[09.06.2000 - 11.06.2000]
Vis album

Artiklar
Vandring i Frafjordheiane [20.07.1997]

Kart: Frafjordheiane

©2001-2004 Breogfjellsport.no