Flott helgetur i Ryfylkeheiane
Frå Flørli i Lysefjorden til Børsteinen
Ein fredags ettermiddag i byrjinga av september tok eg båten innover Lysefjorden. Etter ei overnatting i den fraflytta bygda Flørli, gjekk ferda opp ei av verdas lengste tretrappar.
Av Ragnar Fjeld 05.09.2005, oppdatert 17.09.2005

Flørli i Lysefjorden


Fredag ettermiddag tok eg hurtigbåten "Fjordlys" inn Lysefjorden til Flørli. Her i den fraflytta bygda har Stavanger turistforening overtatt eit hus som blir nytta som turisthytte. Huset har blitt grundig pussa opp og framstår no som ei flott ubetjent turisthytte med fin utsikt over Lysefjorden. Fredagskvelden vart nytta til ein liten tur opp til Flørlistølen, ca 400 moh.



Hurtigbåten "Fjordlys" trafikkerer Lysefjorden. Dette er ein kombibåt som også kan ta med personbilar


Stavanger turistforenings hytte i Flørli


Flørlitrappene - Langavatn

Vakna til ein utruleg flott dag, med solskinn, knall blå himmel og heilt vindstille. Etter ein roleg morgon på hytta, rusla eg nedover mot kaien på Flørli. Her startar ei 1600 meter lang tretrapp langs røyrgata til den gamle kraftverket (det nye ligg lagt inne i fjellet). Langs trappa er det også ein "trollbane" (vogn som går på skinner som blir trukken opp med ein wire). Trappa og banen vart nytta til bygging og vedlikehold av røyrgata. Det heitar seg at det er 4444 trinn i trappa, men ifølge hytteboka på Fløyrli, har nokon kome fram til 4528 trappetrinn. Mange er det iallefall! Så det var bare å rusle i veg oppover. Trappa er ganske smal og var fuktig etter regnvèret dagen før. Langs sida var det stort sett ein wire eller rekkverk å støtte seg til. Særleg der trappa har ei helling på 51 grader var det fint å halda seg i noko, her var også trinna lite "djupe" (kun ei fjøl). Men syntes ikkje det var spesielt utsatt eller vanskeleg å gå opp, sikkert litt meir "luftig" å gå nedover. For kvar 500 trinn var det eit lite skilt som fortalte kor mange trappetrinn som var unnagjort. Det brattaste partiet var ca mellom trappetrinn 2200 og 3500, men her var det også lange veldig slake parti. Det er fleire moglegheiter for pausar undervegs på små plattingar. Utsikten over Lysefjorden og ned til Flørli var formidabel og ga inspirasjon til å fortsette oppover. ca 1 time og 10 minutt tok det til toppen inkludert små fotostopp.
(Det er mogleg å gå ein sti opp frå turisthytta å vidare innover fjellet istaden for trappene. Trappene brukes på "Eige ansvar" og det er lite/inget vedlikehald).


Etter har ha passert det regulerte vatnet Stora Flørlivatnet, så gjekk turen vidare opp på Kvernafjellet, heilt på kanten av stupet ned mot Lysefjorden. Her var det veldig fint å gå! Vidare i nokså rett linje langs små tjern og over myrer, før stien tok opp mot Låtervikvatnet. Stien er blitt merka i tilknyttning til prosjeket "Lysefjorden rundt", men dei malte T'ane slutta brått rett før Låtervikvatnet. Det var ikkje synleg sti vidare, men greit å ta seg opp ovanfor eit bratt svaparti til ca 1040-meterskota på kartet, vidare litt sør-austover og deretter ned i bekkedal fram til stien Kjerag-Langavatn. Så bar det litt opp og ned små kollar og senkningar, før det idylliske Langavatnet dukka opp. I ettermiddagsola frista det veldig med eit fjellbad og det var godt og forfriskande. På hytta var det allereie ein del folk, så hemsen måtte tas i bruk (det er få senger på Langavatn)


Tretrappa langs røyrgata. 740 meter stigning og ca 4444 trinn! Flørli skimtes langt der nede



Oppe på snaufjellet, omtrent 1000 moh.



Ved Låtevikvatnet



Langavatn - Børsteinen - Lysevegen

Søndagen skulle eg ta bussen ned frå fjellet ca 14.30, så eg loffa avgarde allereie klokka 08.00 frå Langavatn turisthytte (!). Var litt usikker på kor lang tid det ville ta fram til Børsteinen, så det gjaldt å ikkje somle alfor mykje. Stien mot Børsteinen var tydeleg ikkje mykje brukt, men fine varder (utan T'ar) viste vegen. Langs Halvfartjørn og gjennom Nordre Halfardalen strålte formiddagsola. Stien bukta seg litt oppe i dalsida og tok etter kvart slakt opp over Halvfarheii. På denne aude strekningen traff eg forøvrig ein annen vandrar som hadde kome opp frå Valevatn og overnatta i telt. Etter ca 5,5 time kom eg fram til Børsteinen turisthytte og venta der litt før eg rusla det siste kvarteret ut til vegen. Den siste avgangen med Sirdalsekspressen for sessongen kom så ca kl 14.45 og frakta meg ned frå fjellet.




Dette fjellområdet sør-aust for Lysefjorden er utruleg flott. Det er imiddlertid ganske store spor etter vasskraftsutbyggingane, med både nedtappa vatn, bekkeinntak og høgspentlinjer. Men likevel er det eit fantastisk område som forholdvis få har oppdaga (Med unntak av Kjerag då...)





Mange stiar fører til Langavatn turisthytte. Det speglblandet Langavatnet i bakgrunnen



Halfarheii på ruta mellom Langavatn og Børsteinen

Rutekart
Relatert til artikkelen
Album
Frå Flørli til Børsteinen
10 bilder
[02.09.2005 - 04.09.2005]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no