Flott dag i fjellet
Skitur i Frafjordheiane til Degevass
Turen gjekk innover frå Hunnedalen til Sandvatn og vidare til Degevassbu. Ein lang og fin skitur i nydeleg vèr.
Av Ragnar Fjeld 27.02.2005


Hunnedalen - Sandvatn - Degevassbu

Alle dei vanlege rutene var kvista og eg følgde kvisteruta til Sandvatn turisthytte, ein fin tur i seg sjølv (ca 11km). Turen vidare til Degevass gjekk inn Sandvasskilen og her var det verkeleg varmt. Sidan dette ikkje er ei så veldig vanleg rute, så var det ingen andre i området. Vidare opp Sandvasslega og ned Heimre Halvfardalen til Degevassbu. Her var det nokre folk som hadde gått inn frå Valevatn/Sinnes og den ruta var både kvista og hadde spor.


Kveld

Gjekk så dei 7 kilometrane tilbake til Sandvatn turisthytte. Her var det nokså folksomt og mange som skulle overnatte. Godt føre over Øyarvatnet på tilbaketuren til Hunnedalen. Ein og ein halv time tok det frå Sandvatn turisthytte, men då var det også så godt som mørkt (19.00)



Sandvatn turisthytte


Utsikt frå Sandvasslega ut over Sandvasskilen. I enden av vatnet (ca 3km lenger fram), passerer kvisteruta mellom Sandvatn- og Langavatn turisthytte


Ved Halvfartjørn, på veg nedover mot Degevassbu


Degevassbu


Flott kveldlys på tilbaketuren over Øyarvatn mot Hunnedalen

Relatert til artikkelen
Album
Skitur i Frafjordheiane til Degevass
16 bilder
[25.02.2005 - 25.02.2005]
Vis album

Artiklar
Skitur i Frafjordheiane [24.03.2001]


©2001-2004 Breogfjellsport.no