Ein lite planlagt tur starta med å ringe til Kristiansand og Opplands turistforeining for å forsikra oss om at hyttene i området var opne.
Med bil gjekk turen til Sirdal og vidare på vegen mellom Suleskard og Brokke. Like etter at høgste punkt på vegen var passert (1055moh), fann vi parkeringsplassen som var vårt utgangspunkt. På førehand tenkte vi at det kunne kome til å snø eller bli kaldt. Dirfor tok vi med varme klede, lue og vottar. Vinteren hadde skikkeleg tatt taket i dei øvre og indre delande av fjellområdet. Det var minus to grader og frisk bris i det vi hutrande gjekk ut av bilen. Det var på ingen måte kaldt då vi la avgåre med vindtett bekledning.
Ved Øyubsbu
Framfor oss hadde vi 18 kilometer igjen til Gaukhei Turisthytte. Klokka var blitt litt over ett då vi traska innover heia. Over den første litle kollen fekk vi utsikt ut over det området vi skulle gå i. Ulikt mange andre plassar ligg vegen høgt oppe og ein går derfor ”nedover” og ikkje oppover til lengre ein kjem innover.
Turisthytta Øyuvsbu låg fint til nede ved Øyuvsvatnet, ein knapp kilometer frå vegen. Her måtte vi på eit ungt, tysk par på tur. Ein kjapp matpause tok vi oss tid til på denne fine hytta. Her må det være idyllisk om sommaren.
Fint kveldslys og snø på veg mot Gaukhei turisthytte
Vidare prøvde vi å følgje den merka stien. Den ”forsvann” for oss etter stund fordi snøen skulte dei fleste merkene. Det gjorde ingen ting og vi fann ein bra trasé vidare. Det var frost i bakken, men ikkje frose nok. Dirfor var det lett å gå igjennom på våte myrer. Utanom dette var det fredleg og fint sørover mot Gaukhei. Vi såg klare merker etter eit par personar som måtte ha gått tidleg same dag eller dagen før.
Solnedgang
Klokka sju fekk vi sjå den fine solnedgangen. Skikkeleg tøft lys. Vi hadde då ca 4 kilometer igjen i litt småkupert terreng, så det var bare å få opp farten. Litt over halv åtte måtte vi fram med lyktene i bruk. Det gjekk mykje seinare å gå i mørket og det var til tider vanskeleg å sjå isbelagde områder. Dette førte til eit lite fall og det forsenka oss litt.
Gaukhei turisthytte
På Gaukhei turisthytte blei vi møtt av fire andre nokså erfarne fjellfolk. To av dei hadde padla omtrent same tur som vi hadde gått. På hytta hadde vi ein fin kveld og vi fyrte godt i peisen slik at det blei godt og varmt.
Gaukhei turisthytte er betjent om sommaren og eit populært turmål for mange med sin strategisk gode plassering midt i Setesdalsheiane. Resten av året er sjølvbetjeningshytta open. Denne har 16 sengeplasser (køysenger) på 4- og 2 mannsrom. Hytta har også innlagt solcellestraum og er fint vedlikehalden. Sjølvbetjeningshytta har eit greit utval av proviant.
Dagen etterpå var det klart for retur same veg som vi kom.
sjølvbetjeningshytta på Gaukhei