Bilde frå topptur
Litje-Blåmannen i Troms
Topptur til Litje-Blåmannen i Troms. Kjempebra vèr og flott utsikt i alle retningar.
Av Ragnar Fjeld 19.05.2003

Ein flott dag i midten av mai tok vi bussen ut til Håkøybotn på Kvaløya. Målet var toppen Litje-Blåmannen, 861 moh. Det var allereie langt på dag då vi la iveg oppover. I starten holdt vi oss ved ei høgspentlinje som gjekk oppover, mens vi etter kvart tok av litt mot venstre rett mot toppen. Turen gjekk til fots heile vegen. Kjempevid utsikt til utruleg mange fine toppar, både på Kvaløya og på fastlandet.


360 graders panoramabilde med utsikten frå toppen (523KB)


Etter ei lita stund på toppen, tok vi på oss telemarkskia og satte avgårde nedover. Vi hadde litt dårleg tid for å nå bussen tilbake, så det vart litt småspringing nedover det siste stykket. Vi rakk bussen og ein liten time seinare satt eg på flyet sørover(sjå artikkel Flytur: Toppar i Troms under "Relatert til artikkelen").


Vi er eit stykke på veg. Vi gjekk av rett før Håkøybotn, like før vegen gjer ein 90 grader sving


Utsikt til Tromsøya. Tromsdalstind i bakgrunnen


Utsikt frå toppen


Utsikt frå toppen. Toppar på Kvaløya


Utsikt frå Litje-Blåmannen mot toppar ved Ersfjorden på Kvaløya. Frå høgre mot venstre: Store Blåmannen 1044 moh, Hollendaren 1016moh(3toppar med lite snø), Styrmannstinden 955moh, Melketinden 895moh og Brattbergtinden 776moh. I tillegg Buren 802 moh og Raudtinden (framfor Hollendaren)


Turdato: 19.05.2003

Relatert til artikkelen
Album
Litje Blåmannen, Troms
9 bilder
[19.05.2003 - 19.05.2003]
Vis album

Artiklar
Flytur: Toppar i Troms [19.05.2003]
Tromsdalstind på nasjonaldagen [17.05.2003]


©2001-2004 Breogfjellsport.no