Fint klatreområde i Sør-Trøndelag
Klatring på Selnes
Ei helg i midten av september blei tilbrakt ved Selnesklippen ute på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag. Dette er eit kjempefint klatreområde med stor variasjon både når det gjeld lengde og vanskelegsgrad. Med både blå himmel, sol og regn blei det fine og interessante dagar med klaring.
Av Ragnar Fjeld 21.09.2003

Det er jammen mange små stader rundt om i Norge, og Trøndelag er inget unntak. Dei mange bygdene og småplassane ute i Trondheimsfjorden er kanskje ikkje så kjent blandt folk, og heller ikkje av meg sjølv. På ekspressbussen frå Trondheim var det ganske folksomt; tydeleg at mange skulle heim for helga. Eg håper verkeleg at det også i framtida skal vera mogleg å busetta setta seg i ute i distrikta, på stadar som dei vi passerte undervegs.  
 
 
  Selnes 
Vårt mål var Selnes, ein liten stad mellom Rissa og Råkvåg. Dette er eit veldig fint klatreområde, noko det ikkje er for mykje av i "skog og myrkledde" Sør-Trøndelag. Etter at bussjåføren hadde ønska oss god klatring og lagt til at det nok blei "likar imårra" på ekte trøndersk, bar det oppover den skogkledde lia i duskregn. Tindegruppa si vesle koie var godt synleg frå vegen og Selnesklippen var ganske så mektig der den stod. Etter å ha blitt skikkeleg våte i skoa og kome oss opp stigningen med forhold
 
svis tunge sekkar, var det fint å kunne stige inn i koia. Denne var bygd ganske smart og var verken for stor eller for liten, men snarare akkurat passe. Kvelden blei brukt til å studera klatreføreren og å lesa både nye og gamle historiar i den vellfyllte hytteboka. Solnedgangen over Trøndheimsfjorden var fin, og det såg faktisk ut til å bli fint vèr. 
Selnesklippen og Tindegruppas hytte sett frå veien
 


Klatring i "toppveggen" 
Alexander Jønsson mot toppen
Med blå himmer, sol og fuglesang vakna eg til ein ny dag. Heile dagen blei brukt i klatreveggen (stort sett toppveggen) der kilesetting, taulagsrutiner og standplasser var hovedtema. Mykje nytt utstyr skulle testast for bruk på meir seriøs klatring. Sola steika godt midt på dagen og det var godt og varmt. Dei litt vanskelegare rutene blei klatra på topptau. Til slutt blei det litt klatring på nokre svaruter som såg lette ut. Det viste seg å vera litt meir vrient, sjølvom me ikkje hadde særlege problem med å nå til toppen. I det mørket igjen senka seg over fjella og fjorden, begynte det samtidig å regne smått og forsiktig. Ein frisk bris susa også inn frå fjorden. I løpet av natta regna det skikkeleg godt. Veggen var dermed ganske våt dagen etter, men det tørka opp litt til slutt. Sidan litt av poenget med turen var å trene til seinare klatring i fjellet, blei det bl.a. prøvd ut hengande standplass. Det blei mykje tau å halda styr på, men det gjekk ganske bra. Etter 2 lange og fine klatredagar, var det tid for å rusle nedover mot Selnes, og ta bussen tilbake til Trondheim. 
 
 

Selnesklippen

 Selnesklippen 
Sjølve Selnesklippen har ca 15 ruter med alt frå 3-8 taulengder. Dei aller fleste har ein eller fleire taulengder på eit sva før den bratte delen. Rutene er stort sett bra bolta og har både snufester og rapellfester. Det blei ingen klatring i den store veggen for oss, mest fordi me ikkje var særleg kjent med veggen og fordi det kanskje er i øvste vanskeleghetsgrad for oss. Lettaste rute er gradert til 6-. Rutegraderingane spenn seg heilt opp til 8+/9-, men dei fleste er mellom 6 og 7. 
  
Forhåpentligvis blir det ikkje siste gong Selnesklippen får eit besøk. Dette er absolutt ein fin stad å koma tilbake til. 
Alle klatarar kan nytta Tindegruppa (NTNUI) si koie ved klatring der, mot ein liten slant (20kr/døgnet). (Gratus for medlemmar i NTNUI Tindegruppa )
 


 

 
 
Relatert til artikkelen
Album
Klatring på Selnes
9 bilder
[12.09.2003 - 14.09.2003]
Vis album


©2001-2004 Breogfjellsport.no