Klatreklasikker i Nissedal
Via Lara
Via Lara er ei fin svarute ved Hægefjell i Nissedal. Ruta følger eit fint og lettsikra riss og vegghøgda er nesten 400meter. Mens sola stod høgt på himmelen, så koste vi oss på i den fine ruta. Og at det er ein klasikkar, det er lett å forstå
Av Ragnar Fjeld 12.08.2004


Hægefjell

Det er sol og det er sommar. Iallefall er det slik når eg ser ut teltopninga i klatrecampen ved Hægefjell. Dagen igår med regnvèr, sleipe fjellveggar - og ikkje minst uhorvelege mengder med knott - er gløymt. Ein rusletur i skogsterreng tar oss fram til innsteget. Ruta er den som ligg lengst vekk - mot høgre - frå parkeringa, så det er ikkje vanskeleg å ta seg fram. Allereie på innsteget er utsikta upåklageleg. Den enorme svaveggen forsetter nedover under innsteget, så litt høgdeføling har ein med ein gong

Klatring

Første taulengde går på svaet, litt oppover mot høgre til eit markert riss. Første delen av risset er ikkje så lett å sjå frå innsteget, men ein ser lett risset lenger oppe. Dei neste taulengdane går i risset, som er veldig godt sikra. Det er mogleg å klatre ut nesten heile tauet og sette standplass nesten kor som helst. Vår 4. og 5. taulenga gjekk i den litt brattare delen og det blei ein standplass som vart noko hengande. Klatringa oppover var insiperande. Her var det bare å leika seg!


3.taulenge på "Via Lara"


På standplass var det bare å hiva av seg skjorta og setta seg godt til rette. Utsikta utover Nisser var meget fin. Veggen var nesten knusk tørr, ganske tøft sidan det hadde regna godt kvelden før.

Det er eigentleg ikkje nødvendig med førar for denne ruta. Føraren er forresten også utseldt, men ved Nissedal klatresenter (campinga som du passerer på veg opp) kan du kjøpe kopiar viss du spør fint. Nokon ruter står i steepstone sin nettførar (sjå link nederst på denne sida). I føraren står det ikkje mykje fornuftig, bare ei skisse av ruta. Ruta tilsvarer omtrent 3+ i norsk gradering (den er gradert til 4+ tysk grad)



Returen går ned over fjellet

Retur

Returen er lett å finne, men forholdvis lang. Tar iallefall 1 time ned. Gå først heilt opp, følg deretter delvis sti slik at du kjem ned heilt til venstre av fjellet, eit godt stykke inne i dalen. Anleggsvegen følges tilbake til klatrecampen. Ingen rapellar nødvendig. Det er heller ingen ruter med bolter, så rapell krev gjensetting av ustyr, iallefall etter det vi blei fortalt.

Relatert til artikkelen
Album
Klatring i Nissedal
12 bilder
[25.06.2004 - 26.06.2004]
Vis album

Fakta Hægefjell
Klatreområde vest for innsjøen Nisser. Har mange lange ruter, mest ruter på 6'er tallet og oppover, men også nokon lettare i fjellets høgre del.

Transport
Bil er omtrent einaste moglegheit. Kjør til Treungen i sørenden av den store innsjøen Nisser. Kjør så vidare på venstre side av innsjøen. Ved campingplassen som passeres på vegen, ligg Nissedal klatresenter. Kjør vidare til Rydland og ta av på grusveg mot Hægefjell og Lindefjellet (bomveg).

Overnatting
Hægefjell klatrecamp like ved Hægefjell har fine teltplassar og god parkering. Her er det også toalett og bålplass

Du må betale bompengar for vegen inn og ei avgift for overnatting i klatrecampen Hægefjell, men prisane er fornuftige. Området er under veldig "press", så vis hensyn og respekter dette.


Ved klatrecampen

Førar
Føraren er utseld. Evt kopiar av aktuelle ruter kan skaffast hjå Nissedal Klatresenter.

Nettresurser
Oversikt over ein del ruter (Steepstone)
Meir om klatring i Nissedal (Steepstone)



Veggen med Via lara-ruta


På toppen

©2001-2004 Breogfjellsport.no