Ein artikkel om turen
Norge på langs 2006
Frå januar til mai 2006 gjekk eg åleine heile frå Linesnes til Nordkapp, eit strekk på om lag 2600km. Her har eg skrivd litt om turen.
Av Ragnar Fjeld 06.02.2007

Januar 2006

Den store dagen var der, etter mykje planlegging stod eg ute på fyret ved Lindesnes. Det var mørkt, brusinga frå havet summa i bakgrunnen og ljoset frå fyret flakka over himmelen. Teltet vart slått opp for første gong denne januarkvelden.

Som alle skikkelege fyr, så har Lindesnes alltid ein fyr-voktar på vakt. Det har blitt ein tradisjon at «Norge på langs» vandrarar stikk innom og skriv ei helsing i gjesteboka. Fyrvoktaren skriv også ofte ein liten sak på nettsidene til Lindesnes Fyr om dei som skal legge ut på NPL-tur, sjå artikkel om meg på lindesnes-fyr.no

Så starta eg på den lange turen mot nord. Til fots. No skulle dette hovudsakleg vera ein skitur, men ved Lindesnes var det heilt bart og noko anna hadde vore ein sensasjon. Dei første 12-13 mila opp til Ljosland i Åseral vart difor traska langs landevegen, der mesteparten av vinterutrustninga låg og venta.



Teltet satt opp for først gong ved Lindesnes fyr

Med ski og pulk

Med ein fullt lasta pulk, med masse proviant og utstyr, var eg klar for å loffe innover Setesdalsheiane. Sidan tidenes snøvêr hadde slått til på Sørlandet, var det 70-100cm lett puddersnø i det småkupperte fjellbjørketerrenget innover fjellet. Pulken kjørte seg fullstendig fast under snøen etter få meter, så det vart ein ganske tung start. Den mest effektive teknikken var først å tråkke spor, deretter loffe tilbake å hente pulken, for å så prøve å få den med seg eit stykke framover. I tillegg var også isen på både store og små vatn var heller også tvilsam til tider, så det gjaldt å passe seg. Eg hadde god tid, så det var i grunnen ikkje problemet, men innimellom lurte eg litt korleis eg skulle ta meg heilt til nordkapp i dette tempoet her, når eg brukte heile 4 dagar på 20km!

Når eg først kom opp på høgfjellet gjekk det raskare unna. Frå tidleg om morgonen til godt utpå kvelden kryssa eg over nordover «Langfjella». Eg hadde både fantastisk godt- og dårleg vêr. Blant anna fekk eg oppleve knallfine påskedagar allereie i januar, der sola stod på himmelen dag etter dag. Men lavtrykka kom også feiande, så ansiktsmaske, stormbriller, nullsiktsnavigering og skredfare stod også på 'timeplanen'. 


Fin morgon med teltet satt opp i bjørkeskogen



Ein flott dag i Ryfylkeheiane




Ruta mot nord forklart på med 110 ord

Etter å ha starta på Lindesnes, bar det nordover Setesdalsheiane til dei kupperte Ryfylkeheiane, så venta den meir flate Hardangervidda, litt opp og ned i Skarvheimen før Jotunheimen vart kryssa. Vidare bar det meir nord-austover gjennom Rondane, via Folldal til Røros. Herfrå haldt stort sett langs grensa til Sverige gjennom dei store skogane i Trøndelag. Vidare gjennom Børgefjell, forbi Okstindan, over Saltfjellet og Sulitjelmafjella i Nordland, deretter like over grensa til Sverige og nordover til Abisko. Så nordover til Indre Troms, treriksgrensa og til Kilpisjavri i like over grensa til Finland. Over Finnmarksvidda via Maze, Lesjavri og Stabbursdalen til Skaidi. Derfrå langs landevegen siste stykket ut til Knivskjellodden og Nordkapp.


Norge på langs-ruta, med start på Lindesnes. Mellom Abisko og Kilpisjavri gjekk eg ei rute noko lenger mot vest  enn indikert på kartet (Indre Troms)



Ein typisk dag på tur

Dagen starta med å krype ut av den svært lune soveposen i åttetida, så var det på med primusen. Frukosten bestod vanlegvis av risengrynsgraut eller kornblanding. Så var det å få ned teltet, pakke pulken og sette kursen mot nord. I løpet av dagen hadde eg gjerne eit par  lunsjpausar, der Havregrynskake stort sett stod på menyen. Etter ein 8-9 timar på ski og gjerne ein 20-30km, var det å sjå etter ein høveleg teltplass, få teltet opp og stikke inn «i varmen». Ein god porsjon middagsmat var godt etter ein lang dag. Kvelden vart som regel nytta til å studere kartet for neste dags etappe, skrive dagens rapport og få sendt denne, samt generell avslapping. For litt ekstra komfort vart ofte primusen flytta inn i innerteltet slik at det vart rett så varmt. Det hendte også ofte at radioen surra i bakgrunnen og ikkje minst var kveldens høgdepunkt litt ekstra sjokolade!

Det var også overraskande kor fort eg vart tilpassa det å vera på tur. Det gjekk ikkje mange dagane før eg syntest det var heilt normalt å slå opp teltet for kvelden og det vart rett så «heimekoseleg». Dagane på fjellet er i grunnen ganske varierte på ein slik tur. Det er alltid eit nye fjell og landskap  kvar dag. Ein av dei mest fascinerande tinga på turen, var å snu seg og sjå seg tilbake om kvelden, sjå langt bort i horisonten til fjella der dagen hadde starta.




Teltliv vinterstid er fint!




På strak arm og andre utfordringar


Før turen hadde eg bestemt meg for at uansett kva slags utfordringar og problem som oppstod, så skulle eg ta det på strak arm. Det hjelp ikkje særleg å irritere seg på verken dårleg vêr, øydelagt utstyr eller sågar seg sjølv! Det viste seg å vera ein veldig god innstilling og eg prøvde alltid å ta ting med stor ro. For eksempel då eg klarte å øydeleggje pulkdraget skikkeleg, akkurat i det eg endeleg hadde fått reservedeler for å fikse det eigentlege problemet. Eller dei gongene eg tydelegvis valte å gå ei lite smart rute, då eg sleit med pulken som for n'te gong hadde velta, eller då eg meir eller stod bom fast i nysnøen. Likevel gjeld det også å handle svært kjapt når det trengst, som å koma seg kjapt vekk frå tvilsam is eller vekk frå ein skråning som var litt brattare enn berekna. Å passe på at kroppen for nok kvile innimelleom var nok ganske lurt, eg hadde iallefall ingen sjukdomsdagar!


Om å gå åleine og om å vera på tur

No er eg nok ikkje den lettast skremde, men det å vera åleine på fjellet over lengre tidsrom hadde eg ikkje prøvd før. Det gjekk overraskande bra og det er klart ei vanesak, tenkte etter kvart lite over det. Innimellom hendte det i middlertid at eg vart litt «tussete» i hovudet av å vandre der heilt for meg sjølv, så det var alltid svært kjekt å koma fram til folk, ta ein telefon heim eller få ein oppmuntrande sms tikkande inn på satelittelefonen.
Fridomskjensla av å vandre heilt åleine, ein gnistrande klar dag høgt- og langt til fjells, kan ikkje undervurderast. Ei heller meistringskjensla av å ta seg gjennom fjellet i dårleg vêr for deretter å krype inn i teltet og høyre vinden slå mot teltduken. Kjensla av å skue opp mot ein formidabel  himmel opplyst av eit dansande nordlys, ei kald natt. Eller det å ta seg frå Lindesnes til Nordkapp for eigen maskin!

No var det ikkje slik at eg var åleine heile tida. Undervegs trefte eg både familie og venar. Det er også utruleg kor hyggelege folk ein treff på ein slik tur. Gjestfridomen er stor! Eit godt døme er då eg kom til Nordli i Nord-Trøndelag. Frå kontorvindauget hadde ein kar sett meg kryssa over isen og kom meg i møte: jo han lurte no på om det kunne vera ein «Norge på langs» kar og om eg ikkje ville overnatte heime hjå han og familien.








Artige episodar

På tur skjer det av og til meir eller mindre snodige eller artige ting. Som då eg like over grensa til Sverige gjekk eit stykke i vegkanten og trafikken av store, svarte Audi'er vart påfallande stor. Svaret fekk eg då ein av bilane frå den store «kolonnen» stoppa opp for å ta bilde av meg: Dette var nyutvikla testbilar som var på veg til ein testbane i Nord-Sverige og dei syntes å morre seg godt av ein nordmann med ski og pulk. Eller som i Nordland, då eg traff på heile turistforeiningas sentralstyre, med Kristin Khron Devold i spissen, på ei turisthytte og vart påspandert ein real middag, overnatting, frukost, varm lunsj og sjokoladekake!

Eller etter å ha gått i overvatn heile natta over den enorme innsjøen Lesjavri på Finnmarksvidda, der eg klokka 7 om morgonen treff på ei gruppe finske isfiskarar som gjerne vil gje meg ein liten "pariserpulk". Dei syntes tydelegvis den store sekken min eg hadde på det tidspunktet, såg veldig tung ut (noko den også var!).  Og som ikkje det var nok, eg fekk slappe av på hytta dei har leigd av ein same! Seinare på dagen treff eg på nokon tusen reinsdyr og ein heil samisk familie på veg til ut mot kysten med heile flokken. Og eg var ikkje det første «Norge på langs» vandraren dei hadde truffet på, nei eldstemann Anders Sara frå Kautokeino kunne stolt fortelja at Stein P. Åsheim i si tid hadde blitt med dei på reinflyttinga under sin «Norge på langs»-tur i 1976!




Her får eg ein ny pulk på Finnmarksvidda.


Ved Maze på Finnmarksvidda



Nordkapp

Å koma fram til Knivskjellodden den 6.mai 2006, så langt nord det overhovudet er mogleg å gå innanfor Norges fastlandsgrenser, var kjempeflott. Noko spesielt var det at dei siste dagane til dels gjekk i t-skjorte og caps, noko som er svært uvanleg på dei breiddegrader i starten av mai. Sola skein Barentshavet hadde bare små krusingar! Ein verdig avslutning på ein flott, strevsam og lang tur



På Knivskjellodden ved Nordkapp




I ettertid hugsar eg alle dei varierte dagane både fint vêr og  ruske-vêr, dei heilt «vanlege» dagane, all den fine naturen eg fekk gå gjennom, alle dei hyggelege og gjestfrie folka eg møtte og alle utfordringane som oppstod. undervegs. Alle dei lange oppoverbakkane eg forserte, eller alle dei skumle nedoverbakkane der det vart reale basketak med pulken. Dei enorme viddene, dei kvasse tindane, lyset i det fjerne frå ei lita bygd og vinden som ular. Den fantastiske horisonten medan eg gjekk på ski langt inne på fjellet og sola som sakte senka seg på himmelkvelvingen, eller stemninga i 'blåtimen' like før sola steig opp og såg dei snødekte toppar i skinande morgonljos! Eg kan enda kjenne  småfrysing og «huttring» medan eg slo opp og ned teltet, la på skifellar, pakka pulken eller studerte kartet når eg tenkjer tilbake. Og eg kjem alltid til å hugse dei gode stundene i teltet, etter ein lang dag ute!

Sjå gjerne innom breogfjellsport.no/npl/ for fleire historiar frå turen

Det er som regel alltid nokon som er undervegs  tur «Norge på langs»  Mange av turane kan følgjast frå denne oversikten: www.norgepaalangs.info

 

 

Relatert til artikkelen

Fakta: Norge på langs 2006
Distanse: ca 2600 Km for ruta eg tok mellom Lindesnes og Nordkapp
Tidsforbruk: 112 dagar, frå 15.januar til 07.mai 2006
Overnattingar i telt: ca 60
Antall døgn vêrfast: 3
Antall kviledagar: ca 5
Lågste temperatur: ca -30
Høgste temperatur: ca +16
Lengste dagsetappe: ca 50Km
Kortaste dagsetappe: 3km
Gjennomsnittleg dagsetappe: ca 24,5 Km, 8t
Antall fylker: 14
Utstyrsliste og erfaringar:
breogfjellsport.no/npl/utrustning/
Ruteinformasjon med kommentarar:
breogfjellsport.no/npl/rute/
Bildegalleri:
http://breogfjellsport.no/npl/blog/v/
Nettsida for turen:
www.breogfjellsport.no/npl/



Ei oppdatert liste over kven som har gått/går Norge på langs, finnes på denne nettadressen: www.norgepaalangs.info

Vinterstid er det mest vanleg å gå ruta frå Lindesnes til Nordkapp, men dei siste åra har mange også gått motsatt veg. Det er også vanleg å delvis gå vinterstid og delvis sommarstid.

Det er også svært populært å sykle Norge på langs, ikkje uvanleg med syklistar året rundt! Sessongen er vanlegvis frå april til oktober.

Aktuelle lenker:

Turar vintaren 2007:
www.opplevelse-villmark.no
www.motnord.no
www.knoell.dk
www.labbanord.no

sjå elles norgepaalangs.info

Andre nettstader som kan vera nyttige:
fjellforum.net
lindesnesfyr.no
Nve ismelding
senorge.no
met.no
webcamsinnnorway.com
Dekningskart telenor mobil
Dekningskart Netcom

Globalstar
Iridium

Litt triviell info:
Etter lista på norgepaalangs.info er det bare ein vintertur "Norge på langs" som utelukkande har haldt seg innanfor Norges grenser under turen. Av praktiske og tryggleikshensyn går dei aller fleste turane eit stykke inn i Sverige visse parti, særleg i Nordland fylke.

Ikkje alle får suksess på første NPL-forsøk. Ein Italienar fortalte i gjesteboka på Hellevassbu at han då var på sitt tredje forsøk.

Dei raskaste turane "Norge på langs" har tatt like over 70 dagar.

Det er også fleire som har tatt turen etappevis over 10-15 år!

Lars Monsen og Trond Strømdahl gjekk Norge pålangs i 1989. For å spe på budsjettet jobba dei som vikarlærarar i Susendalen undervegs. Monsen gjorde verkeleg turen kjent gjennom boka "Norge på langs".

Enkelte har vêret meir i mot seg enn andre. Jan Roar Førre låg 12 dager vêrfast på hytta "Ny-Sulitjelma" i Sulitjelma i februar 2006

Raskaste sykkeltur Nordkapp-Lindesnes er 4 døgn, 22 timer og 18 minutter!

Min NPL-tur var verken den raskaste, lengste eller mest ekstreme. Imidlertid var eg sansynlegvis den første til å oppdatere nettsida kvar dag under turen, også via satelitt. Kanskje eg også var ein av dei yngste til å gå turen åleine vinterstid også.