Vidstrakt vatn

23.03.2006 21:49

Etter ganske nøyaktig 1 døgn i Hattfjelldal, så var eg på veg opp bakkane mot Røssvatnet. Pulken var godt lessa med mat for mange dagar, så tempoet var ikkje kjempehøgt. Eg gjekk i ei scooterløype og det var ganske greit, men litt småhumper nesten overalt. Traff på ein hyggeleg same gå scooter. Han stoppa og var interessert i å høyre om turen og planane vidare. Tørka reinsdyrskjøtt måtte eg få meg! Fekk tips om å stikke innom nokre greie folk han kjente til lenger nord. Røssvatnet er Norges nest største innsjø og eg kom no til slutt utpå. Eg gjekk eit stykke og fann ut at eg like godt kunne sette opp teltet der, sjølv om det fortsatt var lyst ein times tid til. Å telte på isen var vanskeleg pga lite snø og det var eit godt stykke over til land på andre sida, så då vart det ein tidleg kveld. Sol og fint også idag, kjøleg no ikveld. Testa ut å ha begge primusane igong samtidig idag. Skal sei det vart varmt då ja!

Imorgon skal eg prøve å nå Steikvasselv, men det er eit godt stykke. Idag: ca 15km, 4,5 timar

2 kommentarar til “Vidstrakt vatn”

  1. Liv Hetland Hoff

    March 23rd, 2006 23:05

    Hei
    Har nettopp lest reisebrevet ditt frå Hattfjelldal og lært nytt om Røssvatnet. Skulle tru det var litt ensomt å gå åleine heile Norge på langs, men du ser ut til å ha møtt svært mange tivelege, hjelpsomme og gjestfrie folk på din vandring. Og så all den gode maten dei har diska opp for deg, smaka sikkert fortreffeleg og ein god variasjon til tørrmaten din. Eg er stolt av deg og den bragden du er i ferd med å gjennomføre. Det er godt å vita at du er ein fornuftig kar med masse kunnskap som kan kan ta godt vare på deg sjølv. Ønsker deg god tur vidare. Tante Liv

  2. Olav

    March 23rd, 2006 21:53

    Du var fint foto av fjellet Hattfjell. Her var det kommet 5 cm i går kveld. Såg ikke av fjorden i bygene i går kveld. Har print ut 12 sider til mor i dag, som du la ut op nettet i dag. Det blir lysere og lysere. Husk å stille kl en time fram natt til søndag. Ha det got Ragnar.

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

IMGP0237.JPG

Date: 05.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006