Rapport fra vidda
24.04.2006 20:49
Dagane frå Kilpisjavri i Finland og over på Finnmarksvidda har vore fine. Mykje bra vær, men ein dag med ein god del vind.
Den første dagen kom eg ganske langt, fordi det var masse spor innnover fjellet. Etter dette har eg bare unntaksvis gått i særleg mykje ski- eller scooterspor. I Finland var det fleire opne turisthytter. Eg var bare såvidt innom, det har blitt teltliv den siste tida
Vidda er ganske flat, men innimellom er det små kupperte område. Det er også ein del skog som gar vore litt knotete å passera. Det er også ganske vanskeleg å få oversikten, så gps og kompass har vore framme heile tida, sjølv under er ein knallblå himmel.
Den største utfordringa på vidda er alle rein-gjerdene som nesten er overalt. Desse er ikkje så lette å krysse med pulk…
April 24th, 2006 21:37
Flotte bilete, Ragnar! Det går unna, trass i alle gjerda. Snart Masi (Maze), kan hende alt i morgon. Vonar at turen over vidda byr på mange minnerike opplevingar. Måtte solauge følgje deg vidare på ferda mot 71 grader nord!