Kvitsteindalstunet

30.03.2006 19:23

Bestemte meg eigentleg i går kveld for å gå nesten uansett værforhold idag. Det var varierande sikt, vekslande vind, opp til stiv kuling og sterk snøfokk imorges. Det tok litt tid å få pakka alt i pulken, men halv elleve var eg klar. Opp til Ivaskaret gjekk det rimeleg greit, sjølv om det var dårleg sikt og sterk snøfokk. Ned frå toppen av skaret var det ikkje så mykje å sjå, men så kom eg under skydekket og sikta vart betre. Skaret var ganske slakt på toppen, men bratt lenger nede. Her var det også isete med vindblåste skavlar innimellom. Ingen god kombinasjon når ein har med pulk. Pulken velta - og velta. Til saman iallefall 10 gonger. I den eine veltet knakk også ei av dei korte stengene, så nå blir det ny spjelk. Til slutt tok eg draget i hendene og manuvrerte pulken forsiktig ned. Det fungerte betrakteleg betre. Vidare mot Kviststeindalstunet var det bjørkeskogsterreng og det vart litt knot. Kom iallefall fram til hytta, som forøvrig ligg 200 meter unna plasseringa på gps-kartet. No har eg fyrt opp i ovnen og skal til å lage middag. Det er også mobildekning innandørs her, så nå slepp eg å gå ut i vinden. Det bles vel vekslande mellom frisk bris og liten kuling her. Ingen snøføyke og det ser bra ut for turen mot Virvasshytta imorgon. Frå laurdag av er det meldt om rolege vindforhold - det skal bli godt! Reknar med at det tar 5-6 dagar til Sulitjelma. Idag: ca 16km, 5,5 timar

2 kommentarar til “Kvitsteindalstunet”

  1. Per M

    March 31st, 2006 19:26

    Vågalt! -men vil man noe, så klarer man det om hodet er med, - og det er det ingen tvil om. Inne i et tøft vær nå, men ta bare tida til hjelp, - han andre lå jo lenge værfast!
    God tur videre, Vi følger deg fra Skedsmokorset også, -hvor det var +7 og strålende sol i går..

  2. astrid

    March 30th, 2006 22:31

    Ja det var ikkje uventa at ein innedag var nok for deg i denne runden. Du er jo borti det meste av ulikt vær og er positiv som alltid. Håper at du får ein fin dag og bra tur vidare imorgon, skal hilse så mykje frå både Lye og Brynefolk!

Legg til ein kommentar

You must be logged in to post a comment.

Tilfeldig valgt bilde

_MG_3641.JPG

Date: 15.01.2006

Nyeste album

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Etappe14-15 Maze-Skaidi-Nordkapp

Date: 15.05.2006